22. juli 2011

Tenn lys

Sjølv om denne bloggen har tittelen triatlondagbok, så er det mange ting som skjer utanom triatlon som må bloggast om.
Då eg kom heim i dag sånn rundt 15:30, slo eg på TVen berre for å slappe av litt før eg skulle lage middag.
Lite skulle eg vite da, at eg ikkje skulle greie å slå av TVen dei påfølgjande tre timane, så ufatteleg var det som hadde skjedd i Oslo og på Utøya i dag.

Det er ikkje så veldig mykje ein kan gjera når ein er så langt unna denne tragedien, men det er jo ein fin (opprinneleg katolsk) tradisjon å tenne lys når det har skjedd ei ulykke for å minnest dei som blei ramma.


Sjå også Facebooksida her viss du vil delta i arrangementet "Tenne et lys for de omkomnede og skadde etter tragedien i Oslo og på Utøya."

2 kommentarer:

  1. Trur ikkje me kan tenne mange nok ljos idag! Sø eg sender oppfordringa viar! *Glad i deg*

    SvarSlett
  2. Ja det er sant. Det finst ikkje nok ljos nesten. Men alt hjelper - fint at du tek det vidare.
    Glad i deg :)

    SvarSlett