6. juli 2011

Sponsor? Anybody?

I går såg eg på forskjellige reisealternativ til Ironman Regensburg.
Det visar seg at det blir ein god del dyrare enn turen til både Frankfurt i fjor, og Mallorca i vår.

Det er ikkje sikkert at eg har råd til å reise og delta i Ironman Regensburg 7.august i år.
Det er i grunnen deprimerande at eg det er mangel på pengar som skal avgjera deltakinga mi, men samtidig så opplevar eg vel også ein stor mangel på energi og tiltakslyst for tida.

Eg skulle rett og slett ønske at eg ikkje var påmeldt til IM Regensburg, slik at eg kunne slappe av resten av juli månad. Det hadde eg trengt.
Sjølv om eit lite tilskot med pengar hadde vel også kunne gitt meg eit løft?
Det hadde vore kjekt å hatt ein sponsor, slik at eg både kunne trene for og delta i konkurransar som eg hev tru på, og som eg kjenner kunne inspirere andre til å gjera det same, og samtidig vera i stand til å betale husleige?

Fram til eg skal ta noko beslutninga, skal eg berre halde fram med å trene så godt eg kan - sjølv om det for tida visar seg  tyngre enn det eg vil ha det til...



1 kommentar:

  1. Ja eg skal jammen ta ein prat med Arne (igjen). Siste gong eg antyda behov for sponsor var dei nokså resultatorienterte, med andre ord: utan pallplassering, ingen sponsor.
    Men det er ein del år sida, så eg får sjå :)

    SvarSlett