4. juli 2011

Multippel punkteringstrening på sykkeltur

Det var lenge sidan min siste lange sykkeltur (lang = som varar lengre enn to timar). Ironman Regensburg nærmar seg, og igår ville eg koma meg ut på langtur.
Først hadde eg tenkte meg oppover Åmotsdalen igjen, og kanskje mot Rauland, men www.yr.com kunne melde fare for byger der. Nedover mot Bø derimot, var det meldt glimt av sol.
Så eg lot vêrvarselet bestemme kursen og drog av garde.
Med lett sekk (og badetøy, i tilfelle eg skulle kome forbi eit fristande vatn) kom eg meg avgarde 13:15.

Første stopp blei ved Statoil i Seljord for å justere klossane under venstre sykkelskoen. Fem minutter stopp, sidan sykkelverktøyet mitt nesten gjekk i oppløysing på grunn av ei laus skrue.

Vidare mot Bø. Det var lummert, solskinn og veldig høg luftfuktighet. Det var også motvind, og eg kjendte at formen ikkje var spesielt god. Derfor var det kjekt med ein stopp etter tre mil i Øvre Bø, hos nokre venner. Denne vesle stoppen gjorde godt, og eg bestemte meg for å sykle vidare. Hadde jo enno ikkje heilt funne ut kor hen og kor langt eg skulle sykle.
I Bø fann eg ut at eg kunne legge turen innom Lunde og Ulefoss, og sykle tilbake på RV36. Dette er ein runde som eg har sykla nesten ein gong i veka gjennom heile hausten 2007, så det var kjekt å vera tilbake på gamle trakter.
Ved avkøyrsal til Lunde kjendte eg at eg godt kunne ha ein matstopp snart, ettersom eg alt hadde ete to bananer og ein energibar, alt etter litt over ein time sykling!
Så kjendte eg fortsatt litt energimangel, men tenkte at eg alltids kunne snu om eg ikkje orka heile runden.
Men då eg nærma meg Ulefoss, så var det utruleg kjekt å vera på langtur igjen, og eg tillot meg til og med ein liten stopp ved Ulefoss sluse og kikka på kanalbåten Telemarken som var på veg ned til Skien.
Då eg skulle sykle friskt av garde, kjente eg ein dump frå forhjulet: punktering.
Her var det eigentleg god plass å skifte slange, og eg hadde med meg all slags utstyr til å skifte slange.
Siste utsikt får punktering nr.1 denne dagen: kanalbåten "Telemarken".
Eg kom også til å prate med ein motorsyklist frå Belgia, som kom med nokre varme ord om punktering, og viste tommelen opp, og var glad for at eg hadde med reserveslange. Eg fekk også fylt opp drikkeflaskene mine, og sykla til slutt vidare.

Over den gamle brua i Ulefoss og ned til hovedvegen, og så ein liten omveg på gamlevegen, der det faktisk er skilta "49km til Seljord".
- Det er jo ikkje så langt, tenkte eg
Etter eit par km stigning, så sa det -puff-, og den velkjente humpefornemminga frå bakhjulet lova ikkje godt.
Nå var det bakhjulet som hadde punktert.
Eg hadde berre tatt med éin reserveslange i går.Men eg hadde med lappeutstyr. Likevel, det er eit eller anna gale med bakhjulet/felgen/felgbandet, sidan eg har punktert utruleg mange gonger denne vinteren/våren, både ute på vegen og på rulla.
I Ulefoss, tenkte eg, bur det ein ivrig syklist og triatlet (2x Norseman, 3x den store Styrkeprøven m.m.) . Lars Helge hadde eg ikkje snakka med på lenge, men eg håpa at han var heime og kanskje kunne hjelpe meg med nokre reserveslanger.
Som tenkt, så gjort.
Punktering nr.2: bakhjulet denne gongen.

Og korte ti minutter kom bilen hans rundt svingen der eg satt og i sola og lappa sykkelslange. Me satte på den lappa slangen, eg putta ein reserveslange i sekken, og me avtalte ein felles stopp ved Årnes Kafeteria, nokre få km vidare mot Bø, som ein slags sikkerheitssjekk. Dessutan hadde klokka blitt ganske mykje, og eg hadde blitt kjempesulten, og Årnes Kafeteria lokka med pommes frites, pølse, kaffe og is...
Av med hulet, ut med slangen, inn med slangen, dekket på plass, på med hjulet... 3x i går...

Det var aldeles hyggeleg å slappe av i den svale kafeterien, ute var det 23 gradar i skyggen, og kva temperaturen var i sola, tør eg ikkje spekulere på.
Etter ein porsjon pølse og pommes frites, ei flaske Solo, ein pin-up is, ein kopp kaffe og hamstring av mange små blå saltposar bar det ut på vegen igjen.
Trudde eg.
Etter to meter kjendte eg det igjen: bakhjulet hadde punktert.
Eg vinka Lars Helge tilbake, og så var det nok ein gong å ta av bakhjulet, ta ut slange, og få reserveslange på plass.
Det blei nesten komisk. Klokka hadde blitt 19.00, og eg hadde frykteleg lyst til å koma meg heim.

Eg spøkte med Lars Helge om at eg nå var utanfor Nome kommune, så her var det andre venner som eg kunne ringe til viss eg kom meg videre.
Heldigvis var det ikkje behov for det, men alt etter eitt minutt på sykkelen, traff eg på Eva og Lars, og dei to er også ivrige og spreke triatletar, og sjølvsagt var det koseleg og stoppe og slå av ein prat.

Etter eit kvarter kom eg meg omsider i gang igjen. Sjølv om eg hadde begynt å bli ganske så trøtt i beina, og i hovudet, så tråkka eg på så godt eg kunne, ettersom teorien var: dess mindre tid på vegen, dess mindre sansynleg er det at eg punkterar igjen...
Heldigivs var det nydelegvis kveldssol, og mindre vind, og Marvilen trilla godt over Bø sletta.
Utsikt frå tempostyret over Bøsletta.

Bakkane langs Seljordsvatn kjendest plutseleg mykje lengre og brattare enn dei pleier å vera, ikkje så rart kanskje når klokka hadde blitt 20, og eg alt hadde vore på sykkeltur i nesten 7 timar...
Men utsikten mot Seljod gjorde dei siste bakkane litt lettare, og fornøydd lurte eg på om eg til og med skulle gå ein rusletur med Binna etterpå.
Akkurat i det eg skulle ta av inn til Seljord sentrum, kjendte eg det altfor godt igjen i bakhjulet...
punktert igjen???
Dette var altså FJERDE gongen eg hadde punktert i dag!!!

Var det mogleg?
Men nå hadde eg ikkje tenkt å skifte slange, berre for å sykle opp dei siste 2km heim.
Eg hadde nemleg pakka eit par sandalar i sekken (i tilfelle bading), så då var det berre å henge sykkelskoene på sykkelen, feste hjelmen på styret, ta på sandalene og rusle heim.

Mens eg forserte dei siste bakkane, tok eg ein telefon til førstehjelps-og service-bike mechanic'en min, Arne. Eg beskreiv alle symptom på punkteringane, mens han så godt han kunne prøva å fjerndiagnostisere. Mest sannsynlegvis er det noko skarpt på felgen, på felgebandet, eller så er det ein "systematisk" feil ved montering av slangen. Dvs, kanskje klemmar eg slangen for hardt med dekkspaken, slik at det oppstår ein liten slitasje som etter nokre mils sykling blir utvida til hol.
Når eg tenker meg om, så var det første gong eg punkterte (etter tre år eg har hatt sykkelen) i fjor haust. Og så har det seg slik at eg faktisk har brukte andre dekkspakar sidan eg mista mine i Frankfurt i fjor.
Og kanskje er det berre dekkspakane som har skylda?

Eg har nok ein liten jobb foran meg med å finne ut kva som er orsak til alle desse punkteringane.
For så mykje er sikkert:
Marvilen blir ikkje med til Ironman Regensburg, viss desse punkteringane fortsettar!

Eg er fornøydd med at eg ikkje ein gong etter den fjerde punkteringa mista motet. Og at eg fortsatt var ganske pigg i går kveld, etter åtte timar på tur.
Det er jo bra uthaldenhetstrening, sjølv om nettosykkeltid kanskje ikkje var så lang?
Til slutt er uthaldenheten på ein Ironman like mykje mental som fysisk, så dette fekk eg i alle fall trene meg på.
Og i dag er det resitusjon, med lett svømming i regnet og god mat.
Eg er blid: svømming er enkelt, og moro når det regnar!
Så skal eg finne ut kva som feiler stakkars Marvilen min.
Eg håpar at den ikkje har fått skrekken etter Ironman i fjor, slik at den hintar meg om at den ikkje vil vera med denne gongen igjen...?
Eller er den fornærma fordi den ikkje fekk bli med til Mallorca?
Fordi eg tok med ChiCqilo på ein aldri så liten tempoøkt på torsdag??
Fordi den ikkje har blitt vaska og stelt med og pussa og polert på ein stund?
Skal Marvil'n nå bli like bortskjemt som ChiCqiloen?

Uansett så blir det denne veka ein del fokus på sykkel og teknikk og slange, og punkeringsførebygging.
Det var kanskje på tide.
Eg kan jo neppe ringe til ein venn når eg er ute på 180km sykling rundt Regensburg i august og treng assistanse...
Det er nøyaktig eitt år sida min første Ironman i Frankfurt! Eg kom meg gjennom den 185km sykkelløypa utan teniske problem.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar