Det er jo lenge sida eg har deltatt i ein triatlon kortare enn halvironman (faktisk fire år sida).
Bøsprinten er altså organisert på følgande måte:
Dei 750m svømming blir absolvert i basseng, der ein stort sett delar banen med ein medsvømmer. Tida blir tatt ved hjelp av ein chip, og så startar ein på syklinga basert på svømmetida. Det blir altså jaktstart på sykinga, slik det også ofte blir praktisert på skiskyting.
Tidtaking med chip førte til at alle deltakarar skulle klatre over den høge kanten langs den grunne delen av bassenget.
Tenk det, Bøsprinten inneheldt altså svømming - klatring - sykling - løp!
![]() |
| Lett for denne karen på 180cm eller noko her å klatre over "kanten". Dei svarte boksane til venstre er tidtakarboksar. |
![]() |
| For andre er kanten ganske høg. Da gjeld det å ha sterke musklar, som Michael her f.eks. |
15min på 750m er ikkje spesielt raskt, men tatt i betraktning at eg berre har svømt 500m i januar, og 1000m i mars, så er dette meir enn godkjent!
Tilbakemelding frå Helene og mammaen hennes på svømmestilen var at det såg raskt og "uanstrengt" ut, og at det var lite plask.
Det er ikkje første gong eg høyrer dette. Eg lar nå berre beina henge bak, så mykje plask blir det neppe, nei. Delvis er dette for å spare beina, men det er også for å halde intensiteten nede.
![]() |
| Ikkje mykje plask her - takk til Helene og mammen hennes som tok bilder! |
Det synst eg er herleg, på den måten fekk eg prata masse med folk, sett på Helene svømme, me fekk ete i ro og fred og forberede skiftesonen i god tid.
Det blåste ganske kraftig og kaldt den dagen, så det var vanskeleg å vite kor mykje klær eg skulle ha på. Eg bestemte meg heldigvis for heller å kle med for tynt enn med for mange lag. For løpeløypa var ganske kuppert, så det blei fort varmt nok med alle bakkane.
![]() |
| "Kor mange lag skal du ha på?" ==> sjekk denne godt kledde karen med lange bukser, jakke og buff! |
Men til slutt kom alle seg ut.
Som vanleg hadde eg min gode klubbkamerat og -konkurrent like bak meg (han svømte på nøyaktig same tid som meg, sjølv om han påstod noko anna - we will never know).
![]() |
| Eg og Øyvind med HEILT LIK starttid! |
![]() |
| High Five Zero electrolyte sports drink |
Men så rota eg med giringa, og kjeda hoppa av.
På utsida av skiva, dvs mot pedalen!
Wtf...Eg tenkte eg skulle stoppe ved nærmaste vakt, men då eg nærma meg, hadde eg fått kjeda på igjen ved hjelp av girskiftaren. Men så blei eg litt satt ut at det heile at eg ikkje fekk med meg at vaktene markerte vendepunktet, og var altså i full fart på veg mot refleksvesten eg såg 2-300m unna. Men den var berre der for å regulere og varsle trafikken...
Jaaada, eg blei heldigvis ropt tilbake, og fekk snudd, og tråkka med tilbake til ryggen til den bakre jenta eg nettopp hadde sykla forbi. Lurte først på om eg skulle ligge bak, men tenkte at eg sikkert kunne "psyke" ut desse to jentene ved å vise at eg hadde superbein den dagen, og sykle forbi enda ein gong.
Og det gjorde eg.
![]() |
| Super ChiCqiloen min gjorde jobben sin på Bøsprinten! |
Nå var det også berre mokre få km igjen, og eg ville ha litt forsprang på løpinga.
Løpeløypa var nemleg ganske kupert, og me skulle løpe denne fire gonger.
Då er det godt ikkje å ha nokon rett bak seg.
![]() |
| Inn til skiftesona frå syklinga - fokusert! |
Skoene viste seg å vera utruleg deileg å ha på løpinga!
![]() |
| Ikkje dumt med ein utstyrstest nokre dagar før konkurranse. Skoene var i alle fall supergode! |
Den kjendest derimot i skuldrene...
Eg løp altså med krampe i venstre skuldern halvparten av den første runden, men så gav den seg heldigvis.
Det var greitt å løpe fire runder, og eg vil heller løpe fire runder enn to eller berre éi runde. På den måten er det alltid andre triatletar rundt ein, og ein spring ikkje aleine. Det er alltid ein rygg ein kan henge seg på, eller nokre muskuløse leggar å beundre, eller nokre raske jenter som susar forbi som ein kan la seg inspirere av til vidare trening.
![]() |
| Superglad. Det er starten på den fjerde og siste løperunden! |
Det er kjekt å ha full kontroll over fart og distanse og intensitet, men når dei tekniske duppedingsar ikkje funkar, kan ein jo bli frustrert. Så eg løper med vanleg "stoppeklokke".
Etter første runde hadde eg brukt 5-6min og sa til meg sjølv "Jaja, dette er ikkje spesielt raskt, men det er tross alt kupert, og uansett, fortare går det berre ikkje. Så eg får vera fornøydd."
![]() |
| Høgdeprofilen på løyperunden. Ein runde = 1,25km. |
Ein runde bestod jo av 1,25km og ikkje berre av éin kilometer...
Det gjekk ikkje opp for meg før lenge etter at eg hadde kome i mål.
Så tida mi på løpinga blei ganske bra til å vera meg (24:44).
Eg er alt i alt super fornøydd med resultatet mitt.
Pusten min var god, så eg fekk i grunnen jobbe så hardt eg ville. Beina var utruleg trege på syklinga, men funka eigentleg bra på løpinga, og dessutan greidde eg å løpe heile samanlikna med Bøsprinten frå tidlegare år, der eg måtte gå opp bakkane.
Dessutan hadde eg ikkje ein einaste negativ tanke undervegs.
![]() |
| Godt å vera i mål! |
Dusjen etterpå i bygningen til høgskolen var heilt herleg.
Den var såpass god at me til og med gjekk glipp av premieutdelinga.
Men av erfaring er det lite premiering av deltakarane på Bøsprinten. Ein får verken deltakerpremie, deltakermedalje, og vinnerane i årsklassene får ingen premie osv.
Det er litt kjedeleg faktisk!
Men slik har det vore gjennom alle år, så det var heilt greitt at me berre fekk med oss den siste setning av avlsutninga. Me premierte oss sjølv med god middag med kaffe og dessert etterpå. For eigentleg hadde me nemleg fått palleplass.
Artig med triatlonstemning, og utruleg moro å prate med folk!
Blant anna så møtte eg ei jente som hadde meldt seg på via ein av restplassane som blei delt ut fire dagar før konkurransen, og ho hadde verken trent løping eller sykling, men dreiv med styrketrening. Ho hadde med terrengsykkel og hadde som mål å koma i mål. KULT!
Så møtte eg ein fyr som hadde nettopp lært seg å kråle og skulle nå delta i sin første triatlon. Han var ved godt mot og kosa seg, og hadde alt planar om lengre distansar.
![]() |
| Eg prata med ganske mange mens me såg på svømminga. Det er så artig å høyre dei forskjellige historiane om motivasjonen til folk! |
![]() |
| Les meir om desse to unge jentene på Mandals nettavisa. |
Men såå kult at ho var med! Tøft altså!
![]() |
| Det fine bassenget i Bø, der har eg svømt mange tusen meter! Eg fekk nå virkeleg lyst til å svømme meir, så det må eg få til. |
Eg er fornøydd!
![]() |
| "Vårens vakreste eventyr" dvs Bøsprinten er over for i år, men våren er fortsatt ganske vakker! |





































