24. februar 2013

Suspense is killing me!

Nå er det 10 dagar sidan kick-off'en med Dave Scott, og snart er det tid for å starte på treningsprogrammet hans.
Og eg er såå spent!

Denne fantastiske "pakka" eg har fått består treningsmessig av kick-off'en som var nå i februar, så treningsprogram med oppfølging via e-post og evt Skype frå mars-juni, og så fellestreningar i konkurranseveka i juli fram til konkurransedagen for IM 70.3 Haugesund/Norway 7.juli 2013.
Bildet er frå IM 70.3 Haugesund sine sider på Facebook.
Så når har eg altså tilbrakt dei siste dagane stappfull med motivasjon for å koma i gang med treninga.
Eg har jo virkeleg tatt med ein god treningspause gjennom vinteren.
Innfallsmetoden har dominert, virkeleg.
Då eg skulle fylle ut spørsmålsarket frå DaveScottinc. om trening dei siste seks vekene og tidlegare konkurransar osv så blei eg nesten flau over kor lite eg hadde trent.
Athlete's Questionnaire frå Dave Scott Inc.
Og det er  berre side 1 av 3...
Men så er det viktig for meg med periodisering. Dessutan er eg forholdsvis aktiv også om eg ikkje trenar målretta triatlontrening, så ein viss form for trening av grunnkondis driv eg jo med heile tida.
Vinteren i Vest-Telemark set også ein stoppar for lange sykkelturar.
Sjølvsagt, er motivasjonen der, så kan ein godt få unnagjort lange økter inne på sykkelrulla.
Og plusse på med spinningøkter.
Men eg må innrømme at det er litt i kjedelegaste laget for meg, eg vil heller sykle ute!

Og så tenker eg at det er like viktig å benytte seg av vinteren og snøen mens den er her, og variere trening/fysisk aktivitet gjennom året.
Snowboard er ein vinteraktivitet som eg synst er utruleg moro. Og sidan eg ikkje står på brett i preparerte bakkar og tek heisen, så blir det motbakketrening også.
Men brett har det blitt lite av i det siste. Ingenting eigentleg. Snøforholda har ikkje frista spesielt.
Men det er fine forhold for å løpe ute!
Men så kunne eg jo heller ikkje sitte urørleg og vente på at Dave Scotts treningsprogram endeleg skulle havne i e-postinnboksen!?!
Så denne veka har eg faktisk løpt heile tre gonger, og også gått på ski.
Ingen "trikkeskinner" dette, men flate isete spor.
Men - bedre enn ingenting og det var perferkte forhold for staking!
Dave Scott snakka om aktivisering av transversus abdominis på kick-off'en, og så har eg altså prøvd å implementere dette i  treningsøktene mine.
Spesielt då eg gjekk på ski var dette nyttig. Med berre eit par minusgradar i lufta men solskinn så var det vanskeleg å få feste, og klister hadde eg faktisk ikkje tatt med.
Så då var det berre å stake i veg mesteparten av tida.
Og eg kjendte virkeleg forskjell på å stake "vanleg" altså relativt avslappa med fokus på gode armtak, og aktivisert TA. Det kjendest som om kraftoverføringa frå armane/stavane til beina/ski blei mykje meir effektiv.
Musculus transversus abdominis (TA).
Kilde: Wikipedia
Prinsippet å ha ein sterk core/kjernemuskulatur er viktig i mange idrettar.
I triatlon er det viktig med god kraftoverføring både på svømming, sykling og løp.
Så dette er noko eg trygt kan drive med uansett, her har eg stort forbedringspotensiale, det kjente eg jo godt i fleire dagar etter kick-off'en!
Så mens eg sit og ventar i spenning på treningsprogrammet, så prøvar eg ut det eg har fått med meg av THE MAN så langt.
Frå Kick-off'en i Oslo.
(Foto: Dag Oliver)

15. februar 2013

"You have strong hands!" (Kick-off med Dave Scott)

Nå er eg tilbake i gamle trakter etter eit lite opphald på sjølve Olympiatoppen toppidrettssenter. Eg er nemleg blitt toppidrettsutøver, må vite.

Eeeeh, vent litt nå.
Ok, nytt intro:

Nå sit eg her og skal blogge om dei to siste dagane, godt til rette i sofaen med snorkande Lukas ved sida og varmeflaske i ryggen og puter på alle kanter, eg er nemleg knallstøl i musklar som eg ikkje har brukt på ei god stund.

Eller når var det siste gong eg brukte min transversus abdominus?
I ein heile time?
I regi av ein verdensmeister som tydelegvis hadde sin indre styrke på plass, både mentalt og fysisk?
Dave Scott.
Mest kjendt for sine seks titlar som verdensmeister i Ironman Triatlon.
Og Iron War, dvs duellane med Mark Allen, enda ein triatlon verdensmeister.

Eg var jo så heldig og vann premien frå Ironman Haugesnd sin julekalender i fjor.
Med bl.a. coachingsopplegg med Dave Scott frå februar og fram til konkurransen i Haugesund i juli.
Starten, eller kick-off'en for dette var altså i Oslo 13. februar i Oslo og 14. februar i Haugesund.

Dagane mine hadde ikkje akkurat vore lette fram til onsdagen, men eg kunne da ikkje gå glipp av denne "once-in-a-lifetime"-moglegheita!?
Godt eg pakka ei eske med paracet i sekken.
Godt eg budde på Olympiatoppens hotell.
Godt at eg hadde tatt med treningstøy.

Sidan eg nå ein gong var tidleg ute på onsdagen og satt i resepsjonen og slappa av før foredraget med Dave Scott skulle begynne, var eg så heldig å få møte han litt før.
Og nå skjønner eg godt kvifor han også jobbar som "motivational speaker".
Han er utruleg lett å prate med, og rett og slett ein hyggeleg fyr.
Arild Tveiten, Dave Scott, Ivar Jacobsen og meg. Eg og gutta, liksom.
Bildet er tatt av Dag Oliver
Det første Dave Scott kommenterte var mitt aldeles kraftige handtrykket då eg handhilsa på han.
"You have strong hands" sa han med til meg.
Og hjelp, kva hadde eg gjort?
Eg forklarte styrken i hendene mine med dei daglege turane med Lukas, der eg måtte halde han i band, og sidan "choccolate labs" er ein populær rase i USA, så skjønte Dave Scott med ein gong kva eg prata om.

Det blei tatt mange fine bilde.
Både før og under foredraget.
Triatlonforbundet var til stades og TV2.
Det er jo sjeldan kost at ein World Champion frå USA tek seg eit besøk til vesle Norge...

Men kva skal eg skrive vidare?
Eg må innrømme at eg var utruleg sliten den kvelden, men det var herleg å kunne sitte der og lytte til tips og triks frå Dave Scott utan å føle det store prestasjonspresset som eg kanskje ville ha gjort hadde eg stilt på eit høgare treningsnivå.
Dave Scott under foredraget onsdagskveld.
Bildet er tatt av Dag Oliver.
Kvelden blei avrunda med middag og her igjen, eg må sei at Dave Scott er lett å prate med og ikkje redd for å ause ut av kunnskapen sin og erfaringane sine, samtidig som han har bra humor og glimt i øye og ikkje tek verken seg sjølv eller sine tidlegare prestasjonar så gravalvorleg.

Dagen etterpå blei det faktisk ei lite treningsøkt.
Nå er eg på ingen måte ein morgonfugl.
Eg likar best å trene på ettermiddagen/kvelden.

Men klart eg stillar opp når THE MAN skal vise sine spesielle treningstriks kl. 8:30!!
Og det skulle altså handle om kjernestyrke, og betydningen spes. av muskelen transversus abdominus (TA) som etter hans meining er kjernen (bokstaveleg talt) i overføring av muskelstyrken i kroppen, både på svømming, sykling og løp.

Og for nokre artige øvingar han hadde tatt med!
Heldigvis så hadde eg jobba med akkurat denne muskelen før, og i samband med fysioterapi så har eg jobba mykje med bevisstgjøring og aktivisering av indre kjernemuskulatur.
Så det kom meg faktisk til gode.

Men nokre av øvingane var jo heilt grusamme!
Men godt å sjå at det ikkje berre var meg som sleit litt.
Når til og med så spreke og raske og proffe triatletar som Kristin og Allan hadde sine utfordringar med øvingane, så seier det sitt om nivået.
Mens Dave Scott sjølv bøyde og strekte og løfta og spretta som ein 20-åring.
Gutta frå TV2 var ivrige og hadde mange spørsmål
til Dave Scott etter treningsøkta.
Fantastisk inspirerande!

Det har vore eit fantastisk inspirerande opplegg, og eg kom meg heim med hovudet fult av motivasjon for å koma meg ut å trene.
Enda meir spent er eg på korleis treningsprogrammet kjem til å sjå ut.
Som Dave Scott sa, han syntest det var bra å først bli kjendt med oss personleg, på denne måten så kunne han tilpasse programma bedre individuelt.

Eg antyda til han at eg var ein "minimalistisk" triatlet.
Og trene med kvalitet på øktene framfor kvantitet er jo også i tråd med Dave Scott's treningsfilosofi, samtidig som han lurte på om eg kanskje trena for minimalistik?
Eg skal vera open for endringar i treningsrutinene mine, det er jo NÅ eg har sjansen til virkeleg få prøve noko nytt og annleis, og samtidig får god oppfølging!

Så det blir kjempespennande framover!
Eg kan nesten ikkje vente med å koma i gang.
Og det treng eg jo ikkje gjera.
Med alle dei støle musklane i dag så blir det nok ingen store sprell, men me får sjå...

12. februar 2013

Millimeter-framgang (minst)

"Framskritt behøver ikke alltid å være de store opplevelsene. Før mennesket kunne gå på månen, ble det tatt mange små skritt.
Er det én ting skaden har lært meg, så er det å ta vare på alt det positive som skjer rundt oss og med oss. For meg betyr det konkret at det jeg kaller millimeter-framgangen er viktig. [...]
Dagfinn Enerly - Så fort kan livet snu, Jens. O. Simensen.

Sitatet er henta frå boka om Dagfinn Enerly og tida hans etter at han brakk nakken på ein fotballkamp mot Start i oktober 2005.

Eg er ikkje spesielt interessert i fotball. Riktignok så har eg sparka masse fotball på barneskolen, den gongen ute på skulegarden med ein tennisball, saman med gutta i klassen. Bestekompisen min var kaptein på det lokale fotballaget, og drømmen min var å spela fotball i eit lag.
Sidan eg var jente, så fekk eg ikkje lov av foreldra mine.
Dette var på 80tallet, og ikkje veit eg, foreldra mine var nok ganke konservative eller kva veit eg som er grunnen til at dei nekta meg å spela organisert fotball.
Basket var derimot heilt greitt...
Eg kan alltids spela fotball med Lukas.
Han ELSKAR fotball! 
Men det eg eigentleg skulle skrive om var, at Dagfinn Enerly skriv så bra om tida etter ulykka hans, tida på sjukehuset, opptrening, og alle dei små steg som han meistra, og beteikna som milepæler.
Og dei er jo det.
Når kroppen er livlaus og urørleg frå nakken og ned, er jo ein ørliten bevegelse i venstre handledd eit vanvittig stort framsteg.
Og å kunne ete ei brødskive aleine eit halvt år seinare enda større.

Og slik fortsetter det.
Han skriv i boka si at "... hodet var det same etter skaden, selv om armer og bein var litt slappe...", men sjølv om han virkar som eit positivt menneske i seg sjølv, så har han måtta jobbe med dei negative tankane som har dukka opp etter ulykka, og prøvd å vera positiv.

Eg tenker jo at det er like viktig å sjå på "millimeter-framgangen".
I alle for min del så veit eg at eg kan vera utruleg utolmodig.
Eg vil helst vera frisk med ein gong. Hurtig-therapi, liksom.
Trykke på ein knapp - slette negative tankar - sette inn nye, positive - ferdig.


Men så enkelt er det jo ikkje.
Og når det gjeld depresjonen, så er det å vera utolmodig direkte farleg.
For då blir dei små stega i riktig retning borte, viska ut.
På ein dag som går litt lettare så vil eg helst vera superwoman med ein gong:
Ta igjen det tapte, ringe alle venner, rydde leiligheten, gå lang tur med Lukas, sykle, svømme, betale alle rekningar, lage ein langtidsplan for året, ommøblere, vaske alle klærne mine, skrive brev til gamle tanter osv...
I staden for så skulle eg vel heller kjenner etter at eg har det lettare i hovudet, at eg faktisk er bedre enn dagen før, og bli glad for det?
Og så legge dagsplanen deretter.
Ikkje brenne av det vesle overskotet med ein gong igjen som eg har gjort så mange gonger.

Syntest det var fint uttrykk, "millimeter-framgang".
Ein millimeter er ganske kort.
Men er det ein millimeter med ønska framgang, så er det stort!
Det går tross alt i riktig retning.
Mange millimeter blir til centimeter, som blir til eit skritt, mange skritt i riktig retning og ein er godt på veg.

Eg har hatt mykje millimeter-framgang den siste veka.
Eg har også blitt inspireret av alle dei fine kommentarane som blei lagt inn etter det siste innlegget mitt.
Der var det mange gode råd å hente.

Den siste veka har eg fortsatt med "antidepressive tiltak", sjølv om eg kunne slappe av meir nå, sidan det har gått oppover heile tida, sakte men sikkert.
Visualisering er eit godt tiltak mot negative tankar.
Dette er frå Jade-mountains i Karibien.
Det er jo såå deileg ut!
Eg har prøvd å koma meg ut på løpetur, helst utan Lukas, slik at eg kunne slappe av i min eigen rytme undervegs.
Eg har prøvd å få nok søvn og pausar gjennom dagane.
Dessutan har eg hatt møte med lege, terapeuten min bl.a. der me ha snakka om situasjonen min, og i eit slikt tverrfagleg team er det utruleg godt å kunne drøfte viktige tema rundt helsa mi.
Kanskje ikkje Karibien dette, men fint er det jo.
Utsikt frå løpetur.
Og så har eg også faktisk gått på ski!
Jepp, heilt frivillig!
Sjølv om eg eigentleg likar bedre å stå på brett, så har eg altså plutseleg hatt to rolege korte skiturar den siste veka.
To økter på ski, først i solnedgang, så med hodelykt.
Ikkje verst!!
Det var faktisk ganske godt å gå litt på ski.
Eg trur at i og med at forventningane mine til skiturane var ganske låge, så slappe eg godt av undervegs, og tenkte at det var kjekt å gjera noko som eg vanlegvis ikkje gjer.

Det har eg også tru på, å endre rutinene sine.
Gjera noko du vanlegvis ikkje gjer.
Det er som å lure hjernen litt, lokke den ut av sine vante baner.

Ein ny ting eg skal gjera denne veka er å møte han som skal vera coachen min fram til IM 70.3 Norway/Haugesund!
Og sidan det er sjølvaste THE MAN - Dave Scott, så hadde han vel eigentleg fortent eit eige innlegg, men, det kjem nok!

Eit steg av gangen, eller ein millimeter, det held :)