19. august 2012

Pilegrim neste!

Da har det fort gått enda ei veke utan trening...
Eg kom meg for seint ut til treningsrommet til å trene styrke på måndagen, så eg rakk berre 10min oppvarming på mølla og 20min med skulder/armar...
Etterpå var eg så gira på trening at eg tok og sykla ein liten halvtime, opp til lysløypa, ca 160 høgdemeter. Det var fint for å få ut litt frustrasjon.
Og å sykle ned att ein lang bakke er jo alltid moro.

Men så gjekk plutsleg lufta ut av meg, eller energien, piffen, gnisten, eg var rett og slett utmatta og sliten og nedstemt og begynte å bli meir og meir deppa. Det var som om dei negative tankane danna ein skikkeleg vegg rundt meg der eg verken kunne sjå igjennom, eller kommunisere med omverda mi, eller koma meg igjennom.
Dei minste utfordringa blei for store: montere ny postkassa, henge opp hyller, koble til vaskemaskina, pakke ut fleire kasser...
Så eg har tatt alt dette i ørsmå porsjonar: éin time om gongen, lange pausar, godt med mat og kvile innimellom. Då gjekk det bedre.

Eg rusla alltid tur med Lukas på kvelden, men hadde det ikkje vore for han, eller den faste torsdagsturen, hadde eg berre sitte i leiligheten min heile dagen.
Eller viss ikkje ei god venninne hadde tatt meg med på tur i Hanakamjuvet i dag.
Det var deileg å vera ute i skogen og tusle.
Lukas hadde også med ei venninne på tur: Akira.

Så då er det jo bra at eg likar så godt å gå tur saman med andre, fordi til veka, frå i morgo, så står det pilegrimstur på programmet:

Frå måndag til fredag skal me gå frå Grungedal kyrkje til Røldal stavkyrkje.

Eg hugsar ikkje frå i fjor kor lenge dei ulike etappane er, og pilegrimsbrosjyra  mi er godt pakka ned ein eller annan stad i ei flyttekasse.
Så då får eg heller blogge om det når eg er tilbake.
Eg ser veldig fram til å koma meg i fjellet.
Tenker at energien kjem tilbake etterkvart, motivasjonen for trening er nemleg der.

12. august 2012

Tilbake til trening

Det er 10 dagar sidan eg trena sist.
Og det endte med ein kink i nakken, og deretter så måtte all energien min brukast på flyttesjauen.
Men nå har eg altså kome meg inn i ny leilegheit.
"Gamlestoga" er forlatt.
Og det kjennest godt!
Så nå har eg lyst til å begynne med trening igjen!


Eg kjenner riktignok at eg ikkje har spesielt mykje å gå på eigentleg.
Det er verst om morgonen.
Eg vaknar uopplagt med ein slapp og kraftlaus kropp, lite tiltakslyst og negative tankar.
Eg orkar rett og slett ikkje noko da.
Men så må eg berre ta meg saman, ete frukost, lage meg ein god kopp kaffe, og la dei negative tankane sleppe taket, og fylle hovudet med gode tankar.
Det går gjerne bedre etter nokre timar foran PCen,
med litt Facebook og bloggar og alt anna som finst av inspirerande stoff på nettet.


Nervene mine er ganske tynnslitne for tida, eg har ekstremt kort lunte, det skal ingenting til for at eg omtrent "klikkar", og må bruke all min viljestyrke for at det ikkje skal ende med nervesamanbrudd eller raserianfall.
Og det er ei utfordring når halvparten av sakene mine fortsatt er pakka ned i esker og kasser, og det eg skal bruke, er vanskeleg å finne.

Så i dag var det eigentleg Lukas som hadde masse energi.
Han var rastlaus og peip litt alt frå morgonen av og eg hadde ikkje nerver til verken å sjå eller høyre på dette.
Dessutan kan jo ikkje Lukas noko for at eg er dårleg for tida!)
Han er jo faktisk like glad og opplagt som alltid!

Så har det seg slik at det er fint å rusle tur når eg er sliten, spesielt seint på kvelden er det nydeleg.

Rusletur med Lukas på Bringsåsnuten ein sein kveld.
Det var godt å berre ligg der å kikke inni den blå himmelen.
Såååååå sliten....

Men sånn på føremiddagen/midt på dagen er eg altfor rastlaus til å gå tur.
Så i dag tenkte eg meg at eg heller kunne ta fram løpesko igjen og løpe tur.


Det var ikkje så lett å leite fram treningstøy og drikkeflaske og hodetelefon og caps, men til slutt så hadde eg funne alt saman og kom meg ut.
Dei løpeturane som eg tidlegare har tatt på søndagar såpass tidleg på dagen (kl.13) har stort sett endt med dårleg pust, hold og negative tankar.
Kroppen min trivst rett og slett ikkje med å løpe på den tida av døgnet.

Og eg kjendte at eg faktisk var litt svimmel også i dag mens eg leita etter treningstøy og sko.
Men så skulle eg berre jogge litt roleg i skogen.
Gå i dei brattaste bakkane.
Ha fokus på at det er første løpetur etter ein treningspause, og at eg skal vera tolmodig med Lukas som  berre skal snuse og tisse og lukte og bli dratt opp dei brattaste bakkane.

Det gjekk eigentleg ganske greitt.
Kroppen var riktignok tung, men det fekk den lov å vera.
Og det var sol og blå himmel, og nokre skyer, det luktar deileg av lyng og gras og skog og det var både blåbær og bringebær langs vegen, så det var ein skikkeleg deileg sommardag å springe i skogen på.
Ganske varmt å løpe i dag, men det var deileg!
Eg er glad for at eg i dag overvann dei negative tankane og mattheten som dominerar kropp og hovud for tida.
Sakte men sikkert skal eg trene meg tilbake til "normaltilstand".
Eg har ein ørliten plan om å trene styrke i morgo.
Men det er ikkje så farleg om det ikkje blir noko av.

Det er også faktisk ganske bra temperatur i Seljordsvatnet for tida, så det kan hende at eg skal ta og bade med Lukas.
Fint å ikkje ha nokon konkurranse å trene imot, for då kan eg virkeleg velge heilt fritt kva eg skal drive med av trening.
Trening etter innfallsmetoden.
Me kan jo sjå kva som fallar meg inn til veka...
Lukas bada i Seljordsvatnet i går.
Eg blei litt frista også, men orka ikkje. Men fint var det!

6. august 2012

Flytting - og: stoga er tom utan temposykkel

Sjølve flyttinga blei unnagjort på fredag og laurdag.
Det var mange ting som skulle fraktast ned i den nye leiligheten min.

Heldigvis fekk eg hjelp av venner.
Eg kan nemleg ikkje akkurat påstå at eg er god til å køyre med fullpakka henger - det overlatar eg meir enn gjerne til andre!

Heile laurdagen gjekk også med på å vaske meg ut av huset.
Her fekk eg også god hjelp av ei venninne.
Kva skulle ein gjort utan venner?

Trur neppe eg hadde greidd å koma meg gjennom flyttinga heilt aleine.
Ikkje minst når den pykiske påkjenninga av flytteprosessen.
Sjølv om husverten min på laurdagen var fornøydd med utvaskinga av huset, så var han det ikkje lenger dagen derpå, og hadde funne mange manglar.

Og nå er eg berre sliten og utmatta.
Sundagen skulle eg jo vera med Marie og følgebilen hennes på løpedelen på Norseman, og springe med henne opp til Gaustatoppen.
Det blei det dessverre ikkje noko av.

Sundagsmorgon vakna eg med ein følelse i kropp og hovudet som var 10x verre enn etter Ironman i Frankfurt: vondt i hovudet, svimmel, ømme føter og kne og lår, hendene var så hovne at eg ikkje greidde å bøye fingrane heilt og berre eg heldt i mobilen for å ta ein telefon, så mista eg følelsen i hendene...

Heldigvis er Helene god som support og greidde seg veldig godt aleine, og som eg fekk høyre så var det fleire Oslofjordingar som slutta seg til også (bra støtte dikkøn var, Hanne-Gro og Linda!!), så eg trur Marie fekk den suppporten ho trengte.

Eg hadde neppe vore til hjelp der borte.
Trist var det å gå glipp av 10års jubileumsutgåva med Norseman, og Maries sjette (!) gjennomførte Norseman med svart trøye.

Men men, sånn er livet, det er ikkje alltid ein får det som ein vil, og kroppen og hovudet spelar ikkje alltid på lag, og flytting er krevande også om ein ellers er frisk og oppegåande, så det var kanskje ikkje så rart at kroppen min sa stopp etter ein slik sjau.

Nå skal eg berre samle kreftene og nervene igjen og kome til ro forhåpentlegvis.
Avtale med terapeuten min har eg heldigvis i morgo, det skal bli godt.
Så skal eg ha legetime på torsdag, så kan me legge ein plan for tida framover.

Eg ser fram til å leve litt meir "normalt" igjen, sommaren har slett ikkje vore spesielt god i år.
Men kanskje hausten blir bedre?
Det er lov å håpe.
Eg ser også fram til å trene igjen.
Både ChiCqilo'n og Marvil'n, to snøbrett og seks par ski står og ventar tolmodig på innsats hos ei venninne. Det er trygt å vite, men eg savnar likevel synet av temposykkelen min  i stoga...

Første flyttelasset mitt: to syklar, to snøbrett, seks par ski og to sykkelruller...
 men dei havna til trygg forvaring hos ei venninne.