30. juli 2010

Restitusjonssvømming

Tysdag var det ein fantastisk sommardag.
Og sidan det ikkje har vore så altfor mange av desse, så blei det jammen ein tur på stranda.
Sola skulle nytast, for det var meldt regn neste dag.

Med nytt vanntett kamera blei det mange morsamme opptak.


Eg er så glad i mine rosa svømmebriller...

Sjølv om vatnet var stille i starten, så blei det litt bølgjer etterkvart. Så det blei litt grums i vatnet.

Heldigvis var vatnet varmt nok, slik at eg kunne leike meg litt med kameraet under vatn utan å bli alt for kald.

Dette bildet blei teke av Bjørg Irene. Det var ikkje lett, sidan me begge to hadde vanskar med å halde oss under vatn.

Nå har eg også endeleg funne ut korleis eg skal ta bilder av bølgjer for at dei skal sjå like høge ut som dei faktisk er. Det handlar om perspektiv.

Dette ser ut som skikkeleg sjøgang. Endeleg får eg vist korleis det er på vatnet. Ah...

Her ser ein faktisk kva som er UNDER vatn også. Kult. (Men kor er sjøormen hen?)

Farge på vatnet: svak te med honning.

Litt seinare på dagen med andre lysforhold.

Også ein dag på stranda tek slutt. Det var ikkje lett å rive meg laus frå alle dei nyoppdaga fotomotiva under vatn. Gleder meg til neste "svømme"økt...

23. juli 2010

Test av sykkelsete - og enda meir svømming...

Post-Ironmanveke nr.3.

Det har vore roleg denne veka. Nesten for roleg. Det har vore vanskeleg å vera vaken på jobb. Ikkje fordi det ikkje er spennande. Tvert imot.
Men eg er ganske så trøtt for tida uansett kor hen eg er.
Og veldig sulten er eg også.
Det kan vel ha med den gjennomførte Ironman å gjera?

Dessutan så begynner eg å savne trening meir og meir.
Det er ikkje heilt det same å rusle tur ute. Sjølv om det er fint det også.

Så på måndagen greidde eg ikkje lenger å la vera.
ChiCqiloen blei tatt fram.
For å spare beina litt, pakka eg sykkel og utstyr og Binna i bilen og køyrde ned til Eventyrøya, for å sykle derifrå.
Ein liten tur til Flatdal og tilbake.
Eg ville kjenne litt på beina.
Og nakken og skuldrene, ikkje minst.
Eit par mil, ca 50min, med eit par stopp for å justere setet.

Beina kjendest greitt. Det var verre med den høge luftfuktigheita.
Det hadde regna noko voldsamt dagen før, og lufta var som metta med fukt.

Det nye setet kjendest spennande. "Ærleg" liksom.
Rett fram. Og bra.
Lovande. Men eg vil vel vite meir etter litt lengre turar?

Det nye setet til ChiCqilo, ISM Adamo Road. Kul design er det i alle fall. Og spennande å sitte på.

Så reiste eg på ein liten tur til Øyfjell til Marie. Marie skal delta på Ironman Switzerland denne søndagen. Så det blei mykje prat om triatlonkonkurransar, -trening, -næring og -utstyr.
Og mykje mat.
På onsdagen frista Dyrdalsvatn i Øyfjell med det friske (=is-k-k-k-kalde) vatnet sitt.
Marie ville berre kjenne litt på svømmefølelsen før konkurransen, mens eg jo alltids er klar for ein svømmetur uansett.
Dyrdalsvatn i Øyfjell i Vest-Telemark. Vatnet har vore vitne til ironmantrening mange gonger før.

Det blei ei riktig kald oppleving. Vatnet kan ikkje har hatt meir enn 14-15 gradar. Vinden hadde nok blåst det varme overflatevatnet vekk frå badeplassn vår og mot andre sida av vatnet, sidan det lenger ute var betrakteleg varmare (=mindre is-k-k-kaldt).

Me vakna skikkeleg etter svømminga i Dyrdalsvatnet. Og moro var det au å svømme saman.

Torsdagen kom finværet, og eg blei noko aldeles rastlaus og bestemte meg for å ta ChiCqilo fram igjen. At det er Tour de France på TVen dagleg hjelper ikkje akkurat på å dempe treningslysten min. Dessutan ville eg teste det nye setet litt meir.
Rammegeometrien til temposykkelen min er såpass forskjellig frå den til landeveissykkelen min at det trengst tid til både justering og tilvenning for å ei god sykkelstilling på lengre turar.

Denne gongen skulle eg sykla heimanfrå, og dermed også sykle opp den bratte bakken heim att. Med energibarar, -gel og verktøy i lommene susa eg ned bakken til sentrumet i kveldssola.
Herleg!
Motvinden i den lange seige 3km lange stigninga mot Nordbygdikrysset var derimot ikkje så herleg. Slik uoppvarma som eg var.
Men det gjekk an å ta det med ro. Og ta vare på beina mine.

Så blei det også heile to stopp på denne korte strekninga for å stille setet lenger opp, og justere vinkelen på det.
Dei nye innstillingane kjendest gode, og på E134 på utsida av Seljord gav den slake utforbakken og medvinden ein nydeleg følelse av fart.
I entusiasmen min heldt til og med på å stoppe og spørre politimannen med fartskontrollmålar etter kva slags fart eg hadde. ChiCqiloen manglar nemleg framleis sykkelcomputer...

Eg ville også teste dei nye sykkelbrillene mine. Dei forrige la eg igjen i Frankfurt i T2.
Jo da. Kule nok... (og gode også).


Ei lita mil mot Sanden Camping og tilbake, der eg møtte to andre av dei lokale spreke landeveissyklistane, og til slutt den bratte bakken heim var nok for meg denne dagen. Kveldssol langs glitrande Seljordsvatn med lite trafikk, tørr asfalt omgitt av vakkert landskap var nok for å få opp humøret mitt.
Kveldssol langs Seljordsvatn. Ein variant av mine yndlingsmotiv.

Det var dette eg hadde savna.
Og så enkelt som det er eigentleg?

Låg kveldssol gjennom furuskog langs Seljordsvatnet, utsikt frå sykkelsetet.

Nå håpar eg berre at beina mine satte like stor pris på denne turen som hovudet mitt. Men det får vel tida vise.

16. juli 2010

Post-Ironmanaktivitetar

Dette er veke 2 av min "post-ironmanperiode".
Eg har ikkje trent noko sidan 4.juli.
Ein skal vera forsiktig med å starte igjen.

Men det er jo vanskeleg?
Eg kan godt la vera å løpe ei veke til, viss det er fornuftig.
Sjølv om beina mine kjendest sterke og gode når eg er ute og ruslar tur med Binna i bakkane her.
Eg vil ikkje ta noko sjansar.

På tysdagskveld så hadde eg bestilt massasje av nakke og skuldrer, som blei utført av ein svært dyktig fysioterapeut med idrettsbakgrunn.
Det viste seg at ein del små muskelknutar mellom skulderbladene hadde greidd å overleve sidan Ironman, men dei blei snart løyst opp av dyktige hender.

Det blir sagt at ein dei første vekene etter gjennomført Ironman kan svømme litt roleg, og sykle veldig lett, med høg kadens og ved låg intensitet.
Og det passar meg bra. ChiCqilo'n er flytta inn i stoga igjen, og har blitt påmontert nytt sete.
Den ventar på å bli brukt.
Kanskje blir det littegrann spinning i løpet av helga.

ChiCqilo har fått nytt sete. Men å ta bilde med mobilkamera midt i sola ber om duse fargar... Så dette er ikkje siste fototermin. Når sykkelen først er rosa, skal det synast!!

På onsdag derimot, så lokka lukten av neopren meg ut igjen.
Våtdrakta mi, som likeeins med temposykkelen ikkje har fått den Ironmanerfaringa den hadde håpa på, ville gjerne ut i vatn.
Og det ville eg au.

Onsdag hadde eg fri, og det var endeleg varmt, og sol, og vind, og bølgjer.
Seljordsvatnet frista. Bjørgesanden frista.

Utsikt frå Bjørgesanden. Igjen, så ser ikkje bølgjene spesielt høge ut på bildet...

Det blei eit par tre rundar med svømming langsmed stranda.
Samanlagt tid i vatn: 30min.
Netto svømmetid: 20min?
Eg blei kjempeglad av den vesle svømmeturen min på onsdag. Vatnet kjendest rett og slett deileg. Til og med bølgjene også.

Bølgjene var såpass store at det var morsamt å ligge på ryggen og flyte med føtane opp mot bølgene.
Vanntemperaturen var veldig bra til Seljordsvatn å vera.

Hurra! Bølgjer er faktisk moro! I alle fall når ein kan svømme "langsmed" bølgjene, og ikkje imot...

På grunn av "pålandsvinden", altså direkte mot Seljord, så antar eg at det varme og lette overflatevatnet har blitt pressa vekk frå Bø-enden av vatnet inn mot Seljord.
Etter 20min svømming så kjendest vatnet til og med varmare enn lufta.

Bølgjer mot land. Dette er god musikk i øyro mine. Og balsam for sjela. Og ganske varmt var vatnet også...

Herleg var det.
Herleg herleg.
Sommar er deileg.
Og Triatlon er moro.
Godt at eg fann ut om dette.

Ei ørlite rullesteinstrand ved brygga ved Bjørgesanden...