10. mars 2015

Deileg å sykle ute!

Denne vinteren har eg aldri tatt ein pause frå å sykle ute.
Eg syklar heile året, så lenge det lar seg gjera!
Nå har eg ikkje piggdekk på sykkelen, og derfor går overgangen til vårsesongen smertefritt.
Ikkje noko tull med dekkskifte for meg!

Sist veke var det så fint vêr, og som dikkøn har skjønt, så er eg ikkje vanskeleg å be ut i solskinn.
Da kan det godt vera berre fire gradar ute, det er berre å kle seg og koma seg ut.

Eg har ikkje hatt nokre lengre sykkeløkter sidan ifjor haust, verken inne eller ute, så denne turen på snaue tre mil var første "langturen". Og den gav heilt klart meirsmak...


Tørre vegar. Blå himmel. Sol. Lite trafikk. Lite vind (nåja).
Perfekte sykkelforhold på ein onsdag føremiddag tidleg i mars.
Det er så nydeleg å sykle langs vatnet. Eg blir aldri lei av utsikten.
Eg tok det ganske roleg, ikkje høg puls, eg skulle berre kose meg.
Og det greidde eg.

Det er fortsatt berre mars, så ikkje noko grønt her - men det var mykje blått. Eg er så glad for at eg har Seljordsvatnet så nærme, det er herleg å sykle langs vatnet, med sola som glitrar!
Ved Sanden Camping måtte eg berre stoppe.
Det er så fin rullesteinstrand der.




(Jill, viss du ser det her så ser du at eg har endeleg fått det til! Har fiksa litt på bloggmalen, sjølv om eg ikkje veit om det var det som hjelpte, men likevel - takk for hjelpa :) ).

Det som var ekstra bra med sykkelturen, var at eg kom meg ut kl.10.30.
Og eg er virkeleg ingen morgonfugl.
Men å sykle rundt kl.10 går forbausande fint.
Ein selfie måtte det bli - ser kanskje ikkje så blid ut, men det var nok mest fordi det var litt kaldt i ansiktet å sykle - fire gradar i lufta, ikkje sant - men ellers var eg riktig kledd.
Det går heilt fint å sykle når det er kaldt - ein må berre kle seg riktig. 
Det er slik at langs vatnet så er vegen alt anna enn flat. Det går opp og ned heile tida - akkurat som i livet mitt, og det er kanskje derfor eg likar denne strekninga så godt?


Før eg tok fatt på den siste bakken heim, tok eg og handla. Etter nesten to timar på sykkelsetet i frisk luft og solskinn blei det ein heil del karbohydratar i korga - spesielt bananer. Bananer er berre godt på sykkeltur.
Måtte slenge meg ned på brygga og nyte solskinnet.
I det fjerne lokkar Skorve - bada i i snø og sol!
Når det gjeld å kle seg på sykkelen når det er så kaldt som det var den dagen, så kan eg berre anbefale å ikkje gå for fancy og aerodynamisk, men satse på "smart, praktisk, vindtett og varmt men pustande". Eg bruka:
  • den gamle SWIX-buksa mi (som er litt meir vindtett på framsida, og tynnare bak), 
  • vottar av alpintypen 
  • ekstra vest for beskyttelse mot vind på overkroppen og refleks for betre synlighet
  • mine gode gamle djupt elska KEEN-støvlar - med god plass til to par ullsokkar OG tærne mine, og som er fora og går litt oppå leggen - samtidig er dei mjuke og bevegelige slik at dei ikkje hindrar ankelen i tråkket.

Og ellers ull innerst mot kroppen. Buff'ar a diverse slag er jo supert å bruke også - dei er det lett å regulere - brette enkelt, dobbelt, tridobbelt osv for meir eller mindre isolasjon, dei kan puttast i lomma viss det blir for kaldt osv.

Eg elskar dette vatnet - for ei ustsikt! Nydeleg :) 
Vegen var faktisk blitt sopa, dvs det var lite grus og stein, så ein kunne nesten ha tatt fram landeveissykkelen. Men - landeveissykkelen min står fortsatt hos ei venninne, og som vanleg så er temposykkelen min, som står heime, bortskjemt og vil ikkje ut når det er så kaldt og støvete ute - så den får stå inne på rulla og kose seg der så lenge.
Det blei terrengsykkelen som fekk lufta seg - og den rullar godt den også.
Min nye Hardrocx er blitt ein veldig god og trufast venn.
I all begeistring har eg bestemt for å delta i eit terrengsykkelritt i år - så det kan hende at det blir fleire og forhåpentlegvis mange turar med Hardrocx'en. Som vanleg så merkar eg at eg blir i kjempegodt humør av å sykle med den.
Og restitusjonen etter å ha sykla er jo gjort på null koma niks!
Så det passar meg bra.
Det er berre å håpe å fleire gode sykkelforhold utover våren, eg og Hardrocxen skal i alle fall vera klar :)

2. mars 2015

Å steike arme riddere på eitt bein

Eg går med så mange blogginnlegg i hodet. Spesielt når eg luftar Lukas så hendar det at eg spaserar og formulerar tekstar om dagens trening, om kva som skjer, om kva energibarar eg har lyst å blogge om, kor kjekt det er med truger, at det går an å trene løping utan å løpe (men med plantar fascitt) osv.
Og så går dagane så fort utan at noko blir skrive. Det skal eg gjera noko med.
Eg begynner i det små.
Eit steg av gangen (eller i gangen, om du vil, alt hjelpar på veg tilbake til løpsformen :D).

Eg er i gang med å trene regelmessig igjen. Motivasjonen er stor.
Inspirasjonen også.
Eg vil delta i ein ironman igjen.
Og då treng eg eit par føtar som kan løpe.
Eit par løpeklare føtar. 
Så eg skal trene meg opp att.
Skal bruke heile 2015 på dette.
Fokus på basistrening, styrke, balanse, løpsteknikk, sykle myke, teknikkøvelsar, osv.
Samtidig skal eg også gjera noko med matinntaket mitt.
Eg slurvar veldig med dette nemleg.
Det blir for mykje lettvin mat med for lite næring (dvs vitaminer, det er ikkje mangel på kaloriar).

Når eg ikkje har det bra, så lar eg vera å ete ordentleg, matlysten er jo heilt på botn da.
Så eg treng å finne på noko å få matlysten tilbake på.
Akkurat som eg treng å finne på måtar å trene på som ikkje gjer plantarfascittfoten verre, og som er både moro og nyttig.
Det er ikkje noko plen å løpe barbeint på, så det blir truger i snøen - det likar plantarfascittfoten min faktisk! 
Balanse er eg ikkje spesielt god på.
Ikkje spesielt dårleg heller kanskje, men eg har nok ein stor svakhet i føtane mine sidan eg har veldig stor bevegelighet i fot og ankel.
Det er det ikkje berre éin fysioterapeut som har bemerka.

Så det gjeld å styrke balansen, alle dei små musklane som gjera at ein held seg på beina.
Også på eitt bein. Også med lukka øyne.
Også på ujamnt underlag.
You name it.

Eg har kjøpt meg ei balanseputa og tatt den i bruk.
Ikkje sånn "flink og regelmessig", men eg er på veg dit.
Sidan eg også skal jobbe litt med å lage meir forskjellig mat, så flyttar eg balanseputa inn på kjøkkenet når det blir kokkelering.

I staden for å berre stå der og stirre på mine arme riddere i panna (dei er jo himmelsk gode!), så står eg nå plutseleg der i tillegg på den der balanseputa på berre eitt bein. Fysioterapeuten min meinar at når ein lukkar øyne i tillegg så får nervesystemet ei større utfordring med å finne ut kor kroppen er i forhold til rommet ("propriosepsjon") og då blir det bedre læring (det tør eg ikkje med ei varm steikepanna foran meg, men ellers så er dette virkeleg artig å prøve!)

Det er ikkje så dumt, trur eg.
Dessutan så kjennest denne balanseputa såå godt under føtane, både med og utan sokkar. Best utan, men eg varierar.
Lukas er ikkje spesielt imponert over mine påfunn som me ser på bildet, og sidan balanseputa er for lita til å ligge på, så er han ikkje vidare interessert i denne. Arme riddere får han heller ikkje. Så han orkar ikkje sjå på dette.
Så slik går dagan her for tida mens me ventar på våren...
Balanseputa for lita, arme riddere ikkje hundemat...
Lukas snur seg vekk mens eg balanserar på eitt bein og gledar meg til god mat .

12. februar 2015

Basistrening eller "zen"-fasen

Tida går fort, det er jo heile to veker sidan sist bloggoppdatering?
Så kva har skjedd sidan sist?
Helsemessig har det gått veldig opp og ned, det er stor forskjell mellom dagane (så alt er som vanleg). Men treningsmessig har eg faktisk greidd å halde meg sånn nokonlunde på eit godt minimumsnivå.
Balanse er viktig - men rasar alt saman får ein berre bygge opp att. Starte igjen.
Eg har også greidd å registrere nesten alle treningsøkter, all mosjon og all form for transport på beina og sykkel. Og det er eg fornøydd med altså!
Til tider måtte eg ta i bruk Sports-Tracker-app'en sidan Endomondo-app'en kan vera i overkant treg på telefonen min.

Kjekt med Sports-tracker er at ein får ein fin grafisk oversikt over tilbakelagt trening med ein gong ein loggar på:

Legg merke til "+1255% compared to previous 30days". Det kallar eg progresjon!
Nå hadde eg jo ikkje lagt inn treningsøkter dei tidlegare 30dagane, så det blir jo litt kunstig.
Men kult er det allikevel, synst det motiverar altså!

Ellers er det fortatt basistrening som gjeld.
Målet mitt er altså å ha hyppige økter, regelmessig, dvs, starte opp att med kondistrening etter pausen pga plantar fascitten i fjor haust og etterfølgjande langvarig forjølelse i romjola/januar.

Eg har alltid triatlontrening i bakhodet, og held meg til korleis Joe Friel definerar basistrening (og da meinar eg det han kallar "base 1" og seinare base 2 og 3).
Og mine mål skal etterkvart følge det som tilsvarar Joe Friels "Objectives for Base 1":

  1. Begin to develop an aerobic endurance base.
  2. Refine speed skills.
  3. Increase force with strength training.
(frå boka: "Your Best Triathlon" av Joe Friel).
Eg har alltid triatlon i bakhodet. Frå Ironman 70.3 Haugesund/Norway i 2013.
Eigentleg så er base 1 den første perioden i eit strukturert treningsprogram fram mot ein triatlonkonkurranse.
Periodane består av prep, base 1, base 2, base 3, build 1, build 2, peak og race week, etterfølgt av "transition".
Til saman så omfattar periodane fram til konkurransenein varighet på rundt 20 veker, men dette er svært individuelt. 
Utsikt frå sykkelsetet over Seljordsvatnet i går - i underkant av 1,5t med låg-middels intensitet. Det er midt i blinken.
Nå har eg ikkje planlagt noko triatlonkonkurranse dette året, dermed fokuserar eg berre på basistreninga og droppar "build"-periodane. Eg skal dra ut både base 1, base 2 og base 3 over lengre tid, ca eit halvt år, eventuelt fram til hausten. 
Det kjennest godt og riktig.
Føtane mine treng tid til å bygge opp ein ny plantar fascie (aponevrose, kall det kva du vil), eg treng tid og overskot til å trene mange økter med nok restitusjon imellom, og kroppen min treng å venne seg til å trene sjølv om den helst vil dovne hen på sofaen.

Eg veit ikkje om eg har kome inn i denne "zen-fasen" i idrettsskadar , der den skada atleten har akseptert at ho/han har ein skade og endeleg har funne ut korleis ho skal trene/rehabilitere seg, og rette inn livet etter dette.
Uansett, så kjennest opplegget mitt utruleg bra.

Ei utfordring blir å trene ofte nok, det har eg forsømt før. Samtidig skal øktene i base 1 vera lette til moderat, helst rundt "sone 2". Eg har definert min sone 2 for mange år sida, og har danna meg eit bilde kor hen grensa ligg for meg i puls.
Men eg er ikkje så nøye. For meg så betyr denne basistreninga nå at eg skal trene variert og ofte, og at intensiteten skal vera såpass låg at eg kan restituere meg i løpet av ein dag, anten frå gårsdagens økt, eller frå to dagar tidlegare.
Og det er heilt greitt om pulsen stig i løpet av ei økt fordi det er "moro å sykle opp bakken" men samtidig så skal eg allikevel bremse meg ved å halde eit auge på pulsklokka.
"Kvilepuls før treningsøkt" eller kva skal eg kalle dette...

Eg lar meg fort rive med ved fint vêr og fin utsikt og godt humør som plutseleg dukka opp etter ein halv times sykling. Men ein times tid med intens sykling kan for tida kreve eit par-tre dagar restitusjon (faktisk), så då held eg meg heller til roleg sykling og gjer det litt oftare.
Her i huset er det Lukas om restitusjonsansvarleg - han er svært dyktig til dette! 
For ja, med dette mildvêret som har vore og ser ut til å fortsette, så går det faktisk fint an å sykle ute i midten av februar også i Vest-Telemark.
Eg hadde jo lyst til å gå litt på ski, og ikkje minst, stå på snowboard denne vinteren, men vêret får eg ikkje gjort noko med, og sykling er lettvint og moro, og enklare å få til reint praktisk samanlikna med ein skitur.
Så nå skal eg spandere ein sykkelvask på Hardrocx'en, for den har virkeleg ikkje fortent å stå med inntørka salt- og asfaltstøv etter gårsdagens sykkeltur.
Og sidan det er så fint vêr blir det nok rusletur med Lukas før det blir mørkt.
Forhåpentlegvis.