23. juni 2014

To veker før IM 70.3 Haugesund - kva er status?

Ja kva er status nå?
Det er mange vegar som fører til Haugesund.
Kor hen er eg på vegen min da, tru???
Eg veit i all fall retninga :D
Ettersom kneskaden i januar førte med seg ein månad på krykker med etterfølgande opptrening gjennom mars månad, så har treninga mi i år vore litt - hm - kva skal eg kalle det?
Kvalitetsbetont.
Jepp.
Eg har hatt fokus på å rehabilitere kneet mitt.
Og kneet blei etterkvart brukbart igjen, noko som viste seg i slutten av april, med bra resultat i Bøsprinten.

Etterpå har eg fokusert på det eg er dårlegast mindre god på: tempoøkter.
Ettersom eg alltid fokuserar på halvironmandistanseløping, har det dreidd seg mykje om lange økter. Men det kjente eg at eg ikkje fekk til i år.
Eg orka ikkje springe langt og lenge.
Heller ein time tempo (haha ja, alt kjennest fort når du har gått på krykker i ein månad :D) enn halvannan time roleg.
.
Ikkje så mykje å skryte av her, men det får halde, for meir var det rett og slett ikkje plass til pga opptrening av kneet.

På sykkelen har eg juksa big time: Ingen lange økter.
Eg har hatt éi økt på over seks mil (eller var det den økta på 59,13km liksom? :D).
Ellers har eg langt ifrå fått "mil i beina":
Syklinga mi i vår. Transportsykling er ikkje tatt med. 
Men men, gjort er gjort.
Og eg trur i alle fall at det var kvalitet på treninga mi, om ikkje det var så stor mengde.

Når det gjeld svømminga, så har svømmetreninga nesten vore fråverande.
Kneskaden gjorde det umogleg å svømme i bassenget i vinter (dvs, eg kunne kanskje ha spjelka og teipa kneet til noko meir stabilt som kunne ha "hengt bak", men leddbandstrekk på det mediale sidebandet er vondt nok, det er lite fristande å la beinet dingle bak med eit ustabilt kne. Neeeeeei, huff, svømming gjekk berre ikkje an).

Eg treng ikkje printe ut Endomondo sin statistikk for å oppsummere mine svømmeøkter i år 2014:
Eg svømte 500m i januar, 1000m i slutten av mars, så 750m i samband med Bøsprinten 3.mai, og så 15min ute i juni (som tilsvarar ... 400m eller kva???).
Ja og så svømte eg 10m sist måndag.
Da steika sola og vatnet var deileg!
Også utan våtdrakt.
Men eg skal svømme denne veka. Virkeleg.
Er jo nødd til å prøve den nye Sailfishdrakta mi!
Som endeleg kom i posten for to dagar sida.
Og som heldigvis passar!

Teknikken på svømminga sit godt den, uansett, og styrketreninga i år håpar eg at har gitt meg litt ekstra styrke for å kompensere for eventuelt manglande teknikk/flyt.

Nå er det ikkje mykje "trening" igjen.
Det er meir oppladning.
"If you don't have excellent endurance by now, it's too late."
Joe Friel seier det rett ut!
Eg har planlagt eit par kombiøkter denne veka, dvs sykling-løp, i "racepace" og som varar sånn 1,5t kvar. Den første med meir løp, den andre med lengre sykkeldel.
Inspirert av Joe Friels bok "Your Best Triathlon" (som eg ellers har ignorert i år).
Så skal eg prøve Sailfishdrakta (åååå det gledar eg meg til - men det har vore mykje vind her i det siste, og det har blåst, så vatnet er i-i-i-i-i-iskaldt!!! Alt for kaldt for meg).
I motsetning til meg, så svømmer Lukas gjerne
 i kaldt vatn på rundt 10-12C. 
Eg synst eigentleg at denne perioden nå er spennande, og eg kosar meg litt med den.
Det er ikkje så mykje meir eg kan gjera med kondisen.
Og for mykje trening nå kan heller øydelegge formen enn å gjera den bedre.
Eg har jo personleg ganske lang restitusjonstid, så eg kan i alle fall ikkje ta sjansen på å køyre på med mange økter nå.
Heller eit par-tre kvalitetsøkter.

Og mental oppladning.
Eg ser på videoar på Youtube om triatlonkonkurransar, og da helst frå dei konkurransane eg sjølv har vore med på. For då minner eg plutseleg små viktige detaljer.
F.eks, når ein har langt hår er det kjekt å ha med ekstra hårstrikk. Er det sol, har eg faktisk med solkrem i T2-posen. Det tar kanskje berre 20sek å påføre solkrem i ansiktet, men eg synst det er vel anvendt tid, for eg kjenner at huden min toler sola bedre da.
Yndlings- og konkurransecapsen min.
Den beskyttar ansiktet litt mot sol,
 men det er kjekt med solkrem i tillegg.
Eg likar også å ha med sikkerhetsnål på race-beltet, i tilfellet noko utstyr ryk. Eg heldt f.eks på å miste startnummeret på IM 70.3 Mallorca under syklinga, viss det ikkje var for ein hyggeleg kar som gjorde meg oppmerksam på det.
Ekstra svømmebriller. Pusse sykkelbrillene. Energibar og -gel ein stad på sykkelen. Ha drikkeflaskar som du veit du har lyst til å kvitte deg med (sidan du skal bytte desse mot nye undervegs på syklinga).
Eit lite handkle for etter målgang (på fullironmandistansar får ein faktisk store handkle - men ikkje på IM 70.3).
Og så vidare.
Kjekt med drikkeflaske på tempostyret.
Men på humpete nedoverbakkar som her i Telemark
så er det smart med selfmade ekstrautstyr:
ein kraftig strikk som hindrar at flaska ramlar av. 
Eg kjenner i alle fall at eg gledar meg, uansett treningsstatus!
Første gong eg deltok i IM 70.3 Haugesund i 2012 hadde eg faktisk same type kneskade (!!!) men på det venstre kneet, og då hadde eg trent enda mindre, og måtte også legge inn gåperiodar på løpinga, fordi eg fekk rare krampar i kneet.
Men eg hadde det heilt supert likevel.

Så uansett, så er det som eg alltid har som målsetting:
Første mål er å kome til start, og andre mål er å koma i mål.

Så får me sjå kva som skjer undervegs!

19. juni 2014

Triatloninput


Eg er ein veldig visuell person.

Dvs, eg likar bildar framfor lyd, eg får energi av fargar, og former, og når eg skal lære meg noko nytt, så likar eg godt å teikne det framfor å skrive det ned i ord.
Min glødande interesse for anatomi og fysiologi til tross, blei vevslære litt kjedeleg.
Men det hjelpte absolutt å teikne det!
Samtidig så likar eg veldig godt å skrive.
Som mine faste blogglesarar kanskje har skjønt nå, med tanke på lengda på innlegga :)
Eg trur kanskje eg treng mykje "input" i form av bilder, mens "output" er i form av ord.
Eller handling.

Akkurat etter turen min til Tyskland for to veker sida, så har eg vore litt tom.
Eg hadde ikkje sett broren eller niesa mi på 10år, så det var fint, men også merkeleg å møte dei igjen.
Mange familiegreier som har vore gløymt har dukka opp att.
Og det var både gode og vonde ting.
Men å møte og bli kjent på nytt igjen med niesa har vore heilt super fantastisk!
Så alt i alt var turen god.
Sjekk den nydelege niesa mi! Ho er berre heilt superskjønn! ♥
Eg er fornøydd.
Sjølv om tida etterpå har vore litt tung.
Det er ikkje noko nytt, og eg har gjennom mange år lært meg å handtere tunge periodar.
Eg må berre jobbe meg igjennom desse, eller la tida hjelpe til, om ikkje anna.
Pause på syklinga - hodet var ikkje med - og eg ville svømme - kunne jo prøve tridrakta?
Og svømme UTAN våtdrakt for ein gong skyld? Men tør eg?
Ein måte å jobbe på er også fylle hodet med andre ting enn uklare ubehagelege minner frå arkivet.
Og der kjem bloggen inn, og treninga, og triatlon, og bildene.
Når eg mistar meg sjølv i vonde minner, så trengst det sterke gode bilder som overdøyver dei gamle.
Bilder i farge!
På veg heim frå fysioterapien i går - ein treng ikkje manipulere fargane her,
når himmelen er knallblå og sola skin og blomane er sååå fine!
Bilder med bevegelse, eller ro.
Innbydande vatn, høg blå himmel og solide fjell.
Sand mellom tærne og vind i håret på sykkelsetet.
Sol i ansiktet og lukten av fargerike blomar.
Eller også mektige skyer og regn i lufta.
Løpesko på grus.
Rytmiske steg, eller tunge.
Landskapet som endrar seg undervegs.
Velkomsten av hunden heime.
Strekke ut støle musklar, la ein svett kropp kvile mot stuegolvet mens hunden vimsar rundt og byr på seg sjølv.

Eg er av og til nødd til å minne meg på kva eg likar ved trening og triatlon.
Det høyrest kanskje merkeleg ut, men det har seg slik at hodet mitt av og til er på autopilot, og køyrer berre det mest nødvendige, så når eg prøver å få fram motivasjonen min for å trene så kjem det "Access denied.".

Så då er det berre å "mate inn" igjen med noko av det eg eigentleg alt veit.
Men berre ikkje har tilgang til der og da.
Så framover, fram til konkurransen i Haugesund 6.juli, så skal eg bruke bloggen til å mate inn gode tankar om triatlon, trening, meg sjølv og fokusere på det eg likar.
Det er ikkje tvil om at eg kosar meg på konkurransar.
Eg blir jo heilt religiøs når eg nærmar meg mål! :D :D
Dette var i IM 70.3 Haugesund 2013.
Altså eg meiner, på ein innfallsrik dag så beslutta eg å gje bloggen min tittelen "triatlonterapi", så da kan eg vel vie litt tid til dette temaet også innimellom???
Selfmademultisportwoman (meg) er forfattar, så selfmade skal det bli, for eg er min eigen beste coach.
Ikkje noko vondt om Dave Scott - eg ville meir enn gjerne hatt han som coach igjen, men da kanskje ikkje i forberedelse på ein konkurranse, men som ein slags treningscoach.
Eg kom godt overeins med Dave Scott! 
Men  - eg coacher meg sjølv.
Og akkurat nå er det tide for nedtrapping av trening (hahaha, som om eg hadde noko treningsvolum å trappe ned frå :D) og oppkøyring av motivasjon, gnisten, inspirasjon og kortare økter i racepace (eg likar ordet racepace - det får det til å virke lett - konkurransefart virkar derimot litt - ehem - litt omstendeleg).

Nok skriving, nok output.
Nå skal eg bruke opp mine siste slantrer på "godbitar" som eg skal ha med på konkurransen i Haugesund. Konkuransegodteri, på ein måte.
Hmmmmm Sport Beans er berre såå gode!
Alt hjelpar! Og det er jo input det også;)


16. juni 2014

Hodet mitt kødder med meg!

Nå likar eg best å skrive positive innlegg.
Om gode løpeturar, sykling, små bølger og blå himmel.

Og det er mykje denne bloggen handlar om, nemleg å skrive om det som er bra.
Om gleda ved trening, om å sette fokus på det positive rundt meg.
Eg er ein ganske positiv og optimistisk person, men når det røyner på, så blir eg fort utslått.
Det er små marginer.

Og saka er, at hodet mitt køddar med meg.
For å sei skrive det rett ut.
Det har seg slik at eg er plaga med mareritt om natta.

Ikkje kvar natt, heldigvis. 
Men omtrent annankvar natt.
Det er ikkje alltid at eg vaknar skrekkslagen. 
Av og til så vaknar eg berre med ein dårleg følelse, ein slitenhet, eit eller anna som sit i kroppen på morgontimane, som eg ikkje skjønner kor kjem frå.
Noko stemmar ikkje. Det er uklart.
Noko er berre ikkje på plass - sjølv om  - Lukas er der jo?
Så dukkar det plutsleg opp bilder og følelser frå drømmene eg hadde den natta.
Huff.
Det handlar stortsett om vanskelege situasjonar, kranglar, diskusjonar og smertefulle konflikter med mine foreldre.
Det eg ikkje fekk gjort opp under oppveksten hentar meg inn igjen om natta.
Og det er ganske ubehageleg.
Det er greitt med ein gong imellom, men for å vera ærleg: slik har eg hatt det i fleire år nå.

Så snart eg begynte å grave litt djupare i kva som kanskje kunne vera årsaka til at eg "møtte veggen", "blei utbrent", "ikkje orka meir" osv, så dukka bildene og situasjonene opp, ikkje berre i samtaleterapi, men også om natta.

Det er slitsamt!
Det steler utruleg mykje energi.
Slik som i dag.
Eg vaknar, og det er noko som ikkje stemmer.
Det er ein slags tristhet, følelse av forlatthet, fortvilelse, og sorg, som ulmar inni meg, djupt inni meg, slik at det knapt er kjennbart.

Og dette til tross for at eg hadde ein fin dag i går, og at sola skin i dag, det er meldt 24C heile dagen, kroppen er i fin form eigentleg, Lukas er frisk, det er fredeleg i nabolaget og eg har ein heil dag til min disposisjon.
Likevel så er eg utmatta før dagen har ordentleg begynt.
Til tross for mange timar med søvn og god frukost.

Hm.
Dette er i følge terapeuten min ikkje noko uvanleg, eller urovekkande.
Me jobbar tross alt med mange av desse traumene frå oppveksten.
Mykje av dette har lege skjult sidan den gongen, godt forsegla, arkivert ein stad der nede inni meg.
Så når eg begynner å stikke hull på denne "infiserte byllen", så er det ikkje rart at det blir smertefult?
Rive opp eit gamalt sår som ikkje hadde grodd?

Men likevel - eg skulle ønske eg slapp å bli henta inn igjen av gamle konfliktar.
For i dag, tross alt, når eg tenker rasjonelt, så skjønner eg jo at dette ligg 20år tilbake i tid.
Dette treng eg ikkje bry meg om lenger.
Det er over.

Kan ikkje også underbevisstheten min skjønne dette etterkvart???

Heldigvis har eg skjønt mønsteret i dette, og derfor veit eg at det som hjelper, er tid.
Det går seg til. Det tek føremiddagen.
Av og til heile dagen.
Blomstring tek tid.
Timar, der sjølve omgivelsane minner meg på at eg er den eg er i dag, og ikkje den eg var.
Eg kan ikkje tvinge fram at følelsane slepper taket, men eg kan hjelpe til litt.
Minne meg på kven eg er i dag.
Kanskje skrive innlegg om trening.
Lese andres bloggar.
Kose med Lukas.
Planlegge konkurransar.
Tråle gjennom nettbutikkar etter treningsutstyr.
Kikke på bilder, osv.
Vera meg sjølv.
Ignorere gamle stemmar i hodet som fortel meg om ubrukelighet.
Fokusere på meg sjølv, på her og nå.
På mål eg har satt meg.
Minne meg på gleden av trening.
Det er som om eg må bygge meg sjølv opp att etter slike netter.

Men er det dette som skal til, så får eg gjera det.
Igjen og igjen.
Eg kan jo ikkje gje opp når eg har kome så langt...
Og når det gjeld trening, så er nok ikkje kroppen heilt klar til dyst på slike dagar som denne. Men, som eg har som mantra for slike dagar: 
Do what you can do in the moment.
Noko går an.
Om ikkje den planlagte lange sykkelturen, så kanskje ein kortare tur?`
Litt styrketrening i staden for fult 5x5.program?
Noko går an.
Eg får finne ut.