2. juni 2014

Sightseeing/running

Bortsett frå ein ørliten joggetur i Haugesund i fjor,  var eg altså ute på min første sightseeingløpetur i går.
Etter ein dag med konfirmasjon av den super flotte niesa mi i kyrkja og masse god  mat og drikke,  kjendest det veldig godt å ta på løpesko og labbe avgarde.

Eg kjendte neg nesten som heime, for etter berre 50m kom første motbakke... Landshut har nemleg ei borg på det høgaste punktet sitt, og løp først opp dit ig så ned att.
Sidan borgen var stengt for dagen løp eg vidare ned"Königsvegen" og tok bildet frå borgen utanfrå. Nede i sentrum i Altstadt var det masse folk og boder og fine hus å ta bilder av...ikkje akkurat den mest anstrengande løpeturen var det akkurat da...
Eg måtte stoppe og kikke og heldt til og med på å kjøoe ein sølvring mef månestein i, til eg kom på at eg hadde rekna om feil frå euro til kroner,  og tja, da blei det i grunnen ikkje så fristande lenger.
Det eg likte spesielt godt her alle fargene på husa:
Eg er virkelig glad for at eg hadde med meg mobilen min med GPS.
Av og til var borgen synleg der oppe, men ellers var det eit virvar av små og store, breie og smale gater...
Borg Trausnitz
Trange gater, og st. Martin med det digre kirketårnet
Og så var den "usvømbare" elva Isar:
Været var fint, og temperaturen god å løpe i.
Det var skikkeleg koseleg å småløpe i gatene som det passa meg, og utfoeske bysentrumet.
Såå fint hus!
Det var morsomt å springe på brostein.
Og så var det berre så mange kyrker!
Denne var artig, med to tårn. Baksida av den såg eg frå huset til broren min, og klokkene dens ringer stadig (og kallar til messe til "ukristelege tider" f.eks.kl.6.00 :D).

Og så var det nokre mindre, litt bortgøymde kirker:
Så denne typen treningsøkt har eg veldig sans for! Eg fekk løpt 7km på ein time, med ørten stoppar for å knipse bileet, og ikkje minst, referere med Hoogle Maps om kor eg var hen.
Det er godt å vera  ferie når det er så fint vær!
Men eg må innrømme at sjølv om himmelen over Tyskland er like blå som over Norge (kanskje ikkje heilt) så gledar eg meg til å kome heim att. Borte bra men hjemme best...

29. mai 2014

Når ein triatlet skal ut og reise...

... så reisar han sjeldan utan treningstøy i kofferten.
Og når det gjeldd reise, så er det for min del sjeldan at eg ikkje skal på ein konkurranse.
Det er faktisk ikkje så veldig overdrive, når eg tenker meg tilbake på dei siste åra, så har eg reist veldig lite, og dei få reisene har vore til triatlonkonkurransar.

Eller, så har eg reist på besøk til triatlonvenner.
Uansett, så har bagen vore stappfull med både våtdrakt, treningstøy, løpesko, badedrakt, og når eg køyrte i eigen bil, låg det gjerne ein sykkel i bagasjerommet.

Men nå skal eg ut og reise, og besøke broren min, og vera i konfirmasjon til niesa mi.
Så tok eg i dag og pakka bagen, og då såg den altså slik ut:
Ikkje sant, og kva ser me der?
Løpesko, badetøy, treningstøy, klatresko (!), tridrakt...
Jada, finskoa er også med. Kjolen var enda ikkje pakka ned, så eg skal ikkje stille i løpeskjort eller liknande altså!
Broren min antyda at han hadde nokre klientavtaler til veka som han ikkje kunne avlyse, og meinte, at eg sikkert ville bruke tida til ein løpetur blant anna...?
Ja da, det hadde eg jo!
Sightrunning!
Sjekk DET kirketårnet! Det er nok mykje å sjå på i Landshut,
så det er berre å ta løpeskoa fatt, så rekk eg jo ein del?
(Bildet er frå Wikipedia)
I tillegg har eg alt funne ut kor hen svømmehallen i Landshut ligg hen, og der er det faktisk sommarsesong og dermed har utebassenget opna. Å tenk om det blir fint vêr om eg får meg ei lita svømmeøkt i utebassenget!
Det er jo deileg med litt treningsavbrekk rundt alle festlighetane, så noko skal eg finne på.
Men då eg sjekka treningstidene til den lokale triatlonklubben, ja då skjønte eg at eg er passe triatletisert, så viss eg skal svømme, skal eg gjera det på eige hand.
Sjekk dette anlegget, såå flott!
Eit sånt eit burde me også ha i Seljord, synst eg!
(Bildet er frå Landshuter Stadtwerke eller noko trur eg,
dei set nok pris på at deler bildet og reklamerar, tenker eg)
Heldigvis har eg også sjekka om det går an å svømme i elva Isar, men Landshut er antagelegvis den einaste byen langs denne elva som har badeforbud i elva pga hygieneproblem. Sjølv om vannkvaliteten visstnok skal vera god nok og ikkje spesielt forskjellige frå dei andre byane langs elva (f.eks.München).
Så då fekk våtdrakta heldigvis ligge heime ;)
Her ein stad gjekk eg tur saman med broren min for mange år sida -
det fristar jo med ein dykkert, ikkje sant? Men det skal eg la vera.
 (bildet er herifrå, under common licence)
Eg har fått unnagjort ei god styrkeøkt i dag, og det var deileg. Eg tok meg god tid også, for det er stadig nye kombinasjonar og posisjonar på enkelte øvingar, spesielt knebøy, som eg kan lære meg.

Hm eg trur ikkje at musklane er blitt større sidan sist, '
men dei har blitt meir definert, og det synst eg er så kult!!
DET gir motivasjon!
Eg har også gjenoppdaga gamle kunstar;
Eg var ute på kveldstur med Lukas.
Og så måtte eg plutseleg leike meg litt. Måtte berre :D
Lukas syntest nok det heile var litt rart å sjå på, men han er så tolmodig, go'gutten min:
Go'gutten min :)
Det blir ikkje lett å reise frå Lukas'en min, men det er to gode venninner av meg som skal passe han, og blant anna skal han bu hos beste jentekompisen sin:
Lukas skal tilbringe nokre dagar saman med Akira, det kjem han til å sette pris på!
 Så da får Lukas litt ferie han også. Bra det :)

27. mai 2014

Det er lov å trikse!

I går fekk eg endeleg den sykkelturen eg gjerne villa ta.
Nå er det berre seks veker igjen til IM 70.3 Haugesund og sjølv om eg ikkje har dei store planar om prestasjon, så veit eg av erfaring av syklinga kan bli ei temmeleg slitsam affære utan nokre få lengre sykkelturar på temposykkelen.

Men eg må sei at lange sykkelturar er noko av det eg likar minst av all triatlontrening.
Ikkje at eg ikkje likar dei, for som regel så er dei fine så snart eg har kome meg ut.
Og spesielt når eg har kome meg heim att.
Men terskelen for å ta ein sykkeltur på over tre-fire mil er mykje høgare enn for tilsvarande løpetur, f.eks. 7-8km (1/3 konkurransedistansen).

I går måtte eg spela på alle mentaltriks for å koma meg ut.
For eksempel:
 - Eg brukte ikkje innsatsmuskelen (nevnd i forrige innlegg), men skulle sykla så langt eg ville, og alt var godkjent på førehand uansett.
 - Eg tok med belønning. Powerbar Gel av den nyaste sorten med kirsebærsmak. Den er kjempegod, men også nokså kostbar, så den fallar i kategorien "godteri" og funkar som belønning.
 - Eg tok med pengar i tilfellet eg kom forbi ein butikk og fekk lyst på is.
 - Eg tok også med Powerbar "Waffles" noko som eg er nødd til å skrive eit eige innlegg, dei er skikkeleg gode, og er i alle fall godteri.
Eit lite triks: belønning i form av godteri på sykkelsetet.
Funkar for meg!
Til anledning bruka eg også ein av mine finaste triatlontoppar, den er nemleg så lyseblå og fin at eg sparar den for slike anledningar - når eg treng alle motivasjonstriks. Saman med rosa tribukse gjorde det susen - skikkeleg sommarleg!

Først ute på vegen, var eg temmeleg usikker på kor hen eg skulle.
Ok, rundt vatnet (42km).
Men huff, på den "gamle" sida blåste det nå så veldig...?
Me får prøve den "nye" sida av vatnet.
Ikkje betre her.
Kanskje mot Flatdal?
Det blåsar også i Flatdal, men her er det i alle fall flat.
Det er det ikkje rundt Seljordsvatnet!
Der blåser det uansett, men det er mindre stigning i tillegg.
Eg tenkte ikkje så veldig men tråkka i veg.
Musikk på eit øyra (som også er eit triks for å koma meg ut. Musikk er min beste venn på sykkeltur.

Temperaturen var utruleg deileg, reine sommaren.
Etter berre 4-5km sykla eg gjennom anleggsarbeid med trafikklysregulering, noko som gjorde at det var mindre trafikk bakfrå, og når den kom, så kom den i puljer. Så det var ganske avslappande å sykle.
Eg kan av og til ikkje tru at eg syklar på E 134, det er jammen ikkje mykje trafikk til tider.
Men å sykle mellom kl.16 og 18 ser ut til å vera ei fin tid.
Folk sit vel og et middag?
Nydelege sykkelforhold i dag!
I Flatdal stoppa eg og kjøpte bananar og Haribogodter.
Bananer for energien sin del, og Haribo som belønning.
Eg blir sulten på sykkelsetet, og mat er tingen.
Det er ganske flatt i Flatdal - her utsikt mot Skorve frå vegen.
Så etter Flatdal så kjem Nutheimskleivane.
Bratte, krappe svingar.
Ein skulle ikkje tru vogntog kunne køyre her, men dei gjer det.
Det er veldig solfylt opp dei bratte bakkane, og utsikten blir berre finare og finare med kvart pedaltråkk.
Det var så vidt eg greidde å la vera å stoppe.
Eg skulle ta bilder på veg tilbake.
Utsikt! Der nede er det flate Flatdal!
På den eine svingen var det masse glassbitar, og eg tok meg tid og sjekka dekka etterpå.
Men altså - med så lite mønster på dekka (me snakkar om null og niks mønster på dekket bak) så er det lite sannsynleg at glass festar seg, men å sjekke tek jo berre eit par minutter!

På toppen av Nutheim var eg så fornøydd. Bakkane var faktisk ikkje så tunge, kanskje har styrketreninga mi hjelpt? Eg måtte stadig kikke bort på utsikten. Skorve låg og der, stor og mektig, med glinsande kvite snøflater og imellom mørk stein.
Eg fekk litt lyst på ein topptur dit!

Så svingar vegen bort frå utsikten, og stigningen fortsetter litt til. Det var nå eg måtte bestemme meg om eg skulle vidare, eller snu. For når ein trillar ned bakken på andre sida, ja da triller ein fort!
Og eg lot meg trille, gav litt blaffen eigentleg.
Og trilla, og trilla, og trilla...

Så kjente eg at dette ikkje var spesielt moro, for med så mykje lett fart, kor tungt ville det vera på veg tilbake mon tru?
Men skit au.
Forventningane mine til sykkelturen var jo ikkje så store, så eg kunne ikkje "øydelegge" noko.
Og sola skein, og det var fortsatt lite trafikk.
Men du verden så lenge det varte, eg hadde visst vinden i ryggen OG nedoverbakke.
Tenk om det alltid var så lett å suse langs vegen i 40km/t!

På veg tilbake hadde eg sola i ansiktet, og det var eigentleg fint, for viss det er ein ting ved sida av maten eg krev på sykkel, så er det å halde varmen.
Ingen fare for å fryse i går, så det var berre å trakke på.
Bratte fjellsider og granskog.
Lite trafikk.
Tørr og rein asfalt.
Sykkelen sykla.
Eg tråkka.
Deileg!
Fornøydd!
Stigninga tilbake mot Nutheim var ikkje så bratt, og plutseleg var eg på toppen igjen, og kunne ta bilder av utsikten.
Eg synst at eg er heldig som bur i Vest-Telemark og har så flott natur å trene i!
Det er nok mykje av både motivasjon og inspirasjon eg får av naturen her rundt meg.
Det fristar å både løpe, sykle og svømme her, for ikkje å snakke om turgåing og klatring og snowboard pg ski. Det er reine leikeplassen her!
Sykle på vegen eller i skogen? Eller opp i fjellet? 
Humøret blei bedre og bedre, ikkje slik superstemning, men eg var mest fornøydd med at eg kom meg ut i det heile tatt. Eg sjekka GPSen og bestemte meg for å ta ein liten ekstra tur "rundt byga" for å koma nærmare 60km enn 50km. Det blei ein ganske lang stigning i tillegg, og då kjente eg lårmuskulaturen godt. Men det gjorde ingenting, eg var så super fornøydd med dagens prestasjon.
Dagens prestasjon: 59,12km og ca 1300 høgdemeter stigning på 2t45min!
Og for ikkje å snakke om den gode følelsen det er å koma heim og sette seg ned på golvet med ein proteinshake og legge beina høgt! Og så dusje vekk svette og støv frå landeveien!
Eg lurar på om trikset for å sykle lengre sykkelturar er å - nettopp - sykle lengre sykkelturar.
For å bli vant med dei.
Og for å kjenne at dette ikkje er så ille som ein trur.
Den lyseblå Crafttoppen er såå fin!
Legg også merke til delinga mellom skulder- og brystmuskelen,
 haha, ha styrketreninga gir visst resultat :D
Eg trur at eg rett og slett skal hjernevaske meg på at lange sykkelturar er morsamme, og prøve å innbille meg at eg ikkje kan vente til neste gong!
Litt pengar til is, kaffe eller godter skal eg i alle fall ha med meg, og ha tid til pausar og for å ta bilder.
Eg treng nok litt ekstra belønning når eg skal ut og sykle, men det skal eg jammen unne meg også.
Det er lov å trikse litt, rett og slett!
Det er dette eg skal ha som mentalt bilde på lang sykkeltur:
sol, blå himmel, tørr og rein asfalt og nydeleg utsikt.
Og rosa styretape. Ganske bra bilde :)