12. juni 2013

Kva skal eg ha på meg? (Blir eg ein rosabloggar???)

Nå var det jammen på tide med litt bloggoppdatering.
Tida går fort nå, synst eg, og eg har hatt mange bloggetema i hovudet, men ingenting av dette blei brakt ned på papiret digitalisert og publisert.
Men nå!

Den siste tida har faktisk vore litt tung, både treningsmessig og ellers.
Eg har måtte droppe altfor mange økter.
Eg har nemleg blitt kronisk støl i ryggen.
Det er mest sannsynlegvis den iliopsoasen igjen, som eg har krangla med før.

Eg tok meg ein tur til fysioterapeuten for å avklare dette, men "dessverre" så var det ingen styrkeøving eg gjorde feil, eller ingen løpeteknikk som var for dårleg, ingen dårlege sko, dårleg haldning, feil sykkel eller andre eksterne faktorar som eg lett kunne ha fiksa.
Nei da, det er nok totalbelastninga som er litt stor for tida, og han beklaga at han måtte gje meg ei så kjedeleg forklaring.
Syklinga har ikkje skylda for støl hoftemuskulatur.
Pusten min har deretter også vore litt plagsam og har krangla.
Og det er berre så stressfult og frustrerande når eg ikkje får puste ordentleg!
Dårleg pust er virkeleg teikn på at det er litt too much for meg.

Så då prøva eg å kjenne litt bedre etter.
Og tok dei øktene som passa.

Treningsopplegget til Dave Scott likar eg eigentleg godt, men det berre litt for lite tid til restitusjon for min del.
Eg trur faktisk om eg hadde fordelt ein vekesplan på 10 dagar, så hadde det blitt optimalt for meg.
Men nå er det ikkje lenge igjen til IM 70.3 Haugesund, så eg skal gjera så godt eg kan.
Eg vil heller stille til start litt undertrent enn å ikkje stille i det heile tatt.
Løpeintervall har eg løpt ein gong i veka - sidan mars!
Det er jo mellom treningsøktene at kroppen hentar seg inn igjen og betrar formen, det er viktig å hugse på!
Restitusjon er nok ekstra viktig for meg, trur eg.
Sjølv om eg kan ta ein heil dag "fri" for trening, er det dermed ikkje sagt at eg er restituert til ny treningsøkt dagen etterpå.
Så det gjeld å ha litt is i magen og ikkje tenke på alle dei øktene eg ikkje greier å gjennomføre, men heller vera trygg på at det er den gjennomførte treninga som gir effekt!

Og apropos is i magen, så kjenner eg også at mat er noko eg kan bli flinkare med.
Når eg ikkje er i form, dvs ikkje greier å trene ein dag, så har eg også stort sett også dårleg matlyst, og får i meg altfor lite mat.
Så eigentleg burde eg ha is i magen, bokstaveleg talt!
Eller helst mat med bedre næringsinnhald enn is kanskje.

Sidan konkurransen nærmar seg, så brukar eg mykje av treninga for å teste utstyr og bruk av næring (=energibarar, gel og sportsdrikke). Våtdraktene blir også fortsatt testa.
Re-testing av ORCA-våtdrakt. Den er berre trang, den :/
Kva eg skal ha på under konkurransen er eg heller ikkje sikker på enda, det står mellom to "outfit" (hehe, blir snart sånn rosabloggar eg :D):

Blir det dette...
CRAFT tri singlet og 2XU - tri comp shorts

eller dette...?
Blue Seventy tri-drakt
Å finne om akkurat dette er berre moro eigentleg, og av erfaring så blir den siste beslutninga ikkje tatt før kvelden før konkurransen.
Fargane på det første alternativet er jo såå fine, men samtidig så er tri-drakta så utruleg behageleg å ha på, den sit som støpt. Ingenting som strammar rundt magen, og ingen top som kryper opp når ein løper...
Så kva blir det til slutt?

Det blir spennande :D

Kva skal eg ha på meg?

Lurar eg på.
Ikkje berre i det daglege, men også, og spesielt, på konkurransedagen

1. juni 2013

Endeleg! Årets første utesvømming (og tordenvær)!

Nå er det slik at eg for ei veke sida las i ein annan treningsblogg (men eg hugsar ikkje kven sin blogg det var), at ALLE andre som blogga hadde begynt å svømme ute.
"Ikkje eg." tenkte eg.

Eg er jo ein skikkeleg frysepinne, og tanken ved å svømme i iskaldt vatn har ikkje frista.
I det heile tatt.
Men i dag så var det skikkeleg varmt ute.
Det var faktisk meldt tordenvêr og byger seinare på dagen.
Og fram til kl.14 så steika sola ned.
Heilt herleg.
Reine sommaren, virkeleg!

Nå har eg berre svømt ein gong (jepp éin gong) i mars og ein gong i april, så dette er jo lite når eg skal svømme 1,9km i Haugesund.
Det gjekk greitt i fjor (når var det eg svømte da? I juni? Kanskje to gonger da? Men då var det jo kneet som stoppa, og ikkje temperaturane).
Men det er heilt klart lettare å ha svømt noko før.
Spesielt ute, synst eg.
Honningfarga vatn i Selordsvatnet, som vanleg. Fint!
Dessutan trengte eg å teste den nye våtdrakta mi.
Jepp eg har ny våtdrakt.
Den bestilte eg alt i januar (då er slike ting billege).

Drakta heiter Sailfish Vibrant og eg var sikker på at størrelsen ville passe, sidan eg hadde prøvd tilsvarande størrelse før frå Sailfish.
Sailfish Vibrant. Dette er 2012-modellen som eg har, og bildet er frå Wiggle
Når eg ser på drakta så er den ganske lang i ryggen.
Jaja.
Eg får nå god plass til skuldrene mine.
Men det er ikkje spesielt gunstig med for myke plass heller, for da dannar det seg folder som held imot.
Ei våtdrakt skal sitte tett, og kjennest for tett på land, for i vatnet vil den føye seg bedre til kroppen.
Det er altfor god plass i drakta øverst.
Ein ser her at den dannar foldernover skuldrane...
Temperaturmessig var det bra forhold i dag:
Heile 17-18gradar i det øvre laget på ca 25cm!
Mens det underliggande djupare laget som eg ikkje målte temperaturen på, var nok heller 10-12.
Vinden her stod nemleg mot Seljord, og dreiv da heile det øvre laget med varmt vatn mot Seljord og badestranda.

Det var faktisk skikkeleg deileg!
Godt å sleppe å kjenne isande kaldt vatnet mot ansiktet.
Det gjaldt berre å halde ein god posisjon i vatnet, men det skal ein jo uansett,
så det passa bra!

Herleg med først utesvømmeøkt altså!
Drakte oppførte seg greitt i vatnet, men den er nok som sagt alt for vid i overkroppen, rett og slett for lang er den.
Men den er likevel meir behageleg enn Orcadrakta som eg kjøpte i 2011.
Eg målte ein liten strekning langs stranda til 50m, og svømte litt 100m intervall i låg, godt-under-terskelfart.
Til saman varte heile økta 35min, men det er innberekna mange pausar der eg måtte roe ned Lukas som stod i band og bjeffa fortvila fordi han ikkje fekk vera med, og til å ta bilder, og til å ta ein prat med nokre strandturistar.
Lukas prøvar å koma seg laus frå treet. Det ser ut som han har berre ein bakfot.
Men det har han ikkje. Men fortvila var han nok, stakkars!
Då eg var ferdig med økta og skulle ta av våtdrakta, kom det plutseleg STORE vanndråpar, og det dundra laus med skikkeleg plaske-pøske-regn.

Det regna både hundar og kattar og selungar, og samtidig var det så varmt i lufta at det heile berre var moro.
Dessutan hadde eg fortsatt drakta halvvegs på, så den varma.
Eg pakka berre tingene mine inn i sekken og tok fleire bilder.

Etterkvart da det blei litt mykje torden fann eg meg ly på ei hytteveranda og observerte tordenvêret.
Like fort som det kom, så slutta det.
Det var fortsatt god temperatur i lufta, så spaserturen heim var god, til tross for at det innimellom fortsatt dryppa litt.

Dette gav meirsmak!
Eg kjenner at eg faktisk treng å svømme litt for å få vent meg til å svømme i våtdrakt,
men faktisk også for å finne ut kva slags våtdrakt eg faktisk skal bruke i Haugesund.
Det står fire til utvalg:
Min første og eldste og enklaste frå O'Neill.
Eit "swim skin" frå Aquasphere utan armar (den er herleg, men tek inn mykje vatn).
Våtdrakta frå Orca (den er for stram i skuldrene og armane),
eller nyaste frå Sailfish (som er litt for stor, og kanskje også tek inn vatn, men det skal testast meir).

Mykje å finne ut av...