7. oktober 2009

Sykkelen funkar :)

OK, denne bloggen er i ferd med å bli ein skryte- og reklameblogg for Quintana Roo syklar og Evanscycles.
Men det er jo ikkje noko gale i seg sjølv?

Den fine nye sykkelen min har altså fram til i dag berre stått inne i stoga, og er har brukt lang tid på å sitte på sofaen og stirre på sykkelen i vantru.
Er det sant, er den virkeleg her?
Det tok meg eit halvt år for å bestemme meg at eg ville importere den. Seks månader med grundig etterforskning på nett, i sykkelblader, triatlonmagasin, utprøving av andre triatlonsyklar, osv.
Det blei så mykje snakk om den sykkelen til slutt, at eg nå nesten ikkje kan tru at den virkeleg er her.
Men den er det.
I går fekk eg hjelp av Arne på Intersport i Seljord til å tilpassa styrerøyret.
Eg må innrømme at eg nesten blei dårleg av å sjå at nokon begynte å sage i den splitter nye sykkelen min...
Men eg har stor tillit i det Arne gjer, og dessutan var det ingen veg utanom viss eg ein gong faktisk skulle sykle med sykkelen min.

Det gjekk bra.
I dag lånte eg pedalane frå racern min, og der stod sykkelen klar.
Ute var det blå himmel og sol og nesten ikkje skyer, og eg blei etterkvart klar for den første prøveturen min.
Det er ingen spøk å bestille ein sykkel på nettet. Det hadde eg ikkje anbefalt nokon, hadde eg blitt spurt.
Men som tidlegare nevnt har eg såpass kort rygg at eg treng ein sykkel med kortast mogleg overrør. Samtidig skal sykkelen fortsatt ha plass til mine lange bein. Dette var ikkje lett å finne ut av.
Men med bratt vinkel på seterøyret som på ein temposykkel f.eks. skulle dette gå bra.
Og eg har brukt laaaaang tid for å samanlikne sykkelgeometriar, måle lengder på racern min, og gruble og tenke og rekne.
Etterkvart kunne eg nesten sykkelgeometriane til syklar frå Quintana Roo, Cervelo og Felt utanatt. Og var det ikkje også Cannondale som laga ganske bra små syklar?
Men valget falt på Chicquilo, som i teorien skulle kunne passe meg bra og stemde i prisen.

Men teorien er ein ting, korleis sykkelen ville bli å sykle på, ein annan. Derfor var eg utruleg spent på prøveturen i dag.

Mine erfaringar så langt:

Alle gir var ferdig justerte. Bremsene var også bra justert. Trykket på dekka stemte. Setet kjendest bra.
Girspakane var forholdsvis lett å bruke. Litt uvant, men greitt. Fekk etterkvart lært meg noko hugseregel ("opp er lett og ned er tungt")..

Quintana Roo Chicquilo er altså ein dame-triatlonsykkel. Og eg har valgt XS.
Det betyr også hjul med 65omm diameter.
Noko som eg alltid har hatt sans for, sidan ein då slepp å få skotuppane bort mot framhjulet i krappe svingar.
Noko som eg også har vore litt skeptisk til, sidan det er meir utfordrande å finne delar. Det går ikkje lenger å låne ein reserveslange av ein kompis.
Dessutan ser syklar med 650-hjul så utruleg små ut! Dei er så låge.

Men det eg hadde håpa på, og fekk bekrefta i dag, er at mindre hjul gjer sykkelen utruleg smidig og "rask" i akselerering og i bakkane.
Eg har slite med mine store tunge gir på racern min. Eg bytta kassett. Det hjelpte littegrann.Men med dei skivene eg har foran nå og kassetten bak og mindre hjul som eg har nå er sykkelen blitt utruleg god i motbakkar.
Og eg var ikkje i nokon spesiell god sykkelform i dag.
Tvert imot-det blåste og eg var eigentleg kjempetrøtt og hadde ete for lite før eg la ut på tur.

Men likevel. Sykkelen var som ein liten rask fullblodshest med skikkeleg temperament, mens racern min kjendest ofte som ein.. nå ja.. eg vil ikkje seie treig fjording, men kanskje som ein flott kaldblodstravhest? Ganske rask på flata, men ikkje god i bakkar?

Det blei mange stoppar for å justere setet opp og ned og fram og tilbake.
Men etterkvart fekk eg til ei god sittestilling.
Og - hurra - føtane mine sovna heller ikkje. Det pleier dei nemleg å gjera, også etter berre ein halv times sykling.
Ikkje alltid, men ofte.
Ja da, skoene mine er litt smale, og solen ikkje den stivaste. Men eg har på racern alltid hatt følelsen av at beine mine er for langt framme. At knekken i hofta hindrer blodtilførsel til beina.
Slik var det ikkje i dag.

Uansett så kjendest det veldig "riktig" å sykle i dag.
Styret er nok litt uvant, men det venner eg meg nok til etterkvart, eg har jo god tid.
Det er jo ingen konkurranser igjen, og sesongen for landeveissykling er i ferd med å gå over her i Vest-Telemark.
Ikkje så dumt likevel å kjøpe ny sykkel om hausten eigentleg.

Eg er så fornøydd med sykkelen min. Den kjennest liten og lett (8,5kg) og smidig og rask og eg er alt kjempeglad i den:)
Eg gleder meg til dei mange turane med den.
I fint vær ;-)

Nå står den her i stoga ved sida av den maskuline racern min:


Og det ser ut som dei to alt har blitt gode venner:


Her ser me heilt tydeleg at vesle sykkelen har tatt godt tak i styret til store sykkelen:


Slik at eg er veldig usikker på om eg tør å gå ifrå dei to i kveld når eg skal legge meg. Dei to heilt aleine i stoga i natt, når mørket har senka seg...

Kan hende det blir små søte syklar plutseleg ein dag :D?

4. oktober 2009

Sykkelen er her :-) !

Troll ut av eska, nei, sykkelen min..nesten klar til innsats.

Oi oi, då gjekk alt plutseleg kjempefort.
Lapp i postkassa på fredag (sykkelen hadde jo blitt sendt til "destinasjonsbyen" frå Oslo, og denne byen var altså Seljord :D), eg hadde fått pakke!

Og då eg kom fram til post-i-butikken i Telesenteret, då var det ikkje vanskeleg å sjå at var
sykkelen min som hadde kome:
pakka var svær!

Der eg stod med lappen min tenkte eg at og fram korleis i all verden eg skulle få med meg pakka ut og inni bilen.
Men det viste seg at denne overdimensjonerte eska var utruleg lett.
Enda meir usikkerhet: denne pakka var då alt for lett, den kunna då umogleg beinnhalde ein heil sykkel...
Men, her snakkar me om triathlonsykkel for damer i størrelsen XS, så kanskje skulle eg ha flaks, og alt var med likevel.
Og det var det
Dette var omtrent som bursdag og joleftan til saman...
Sykkelen var nesten ferdigmontert, innstilt og smørt. Styret var satt saman og godt pakka inn i boblepast, likeeins som mesteparten av ramma og setepinnen. Dekka var på, og pumpa opp. Det følgte med ei mappe frå EvansCycles med bruksanvisning frå Quintana Roo, ei bruksanvisning frå EvansCycles ang.finjustering av gir og bremser, plus eit lite sykkelverktøy og ein 15mm fastnøkkel. Dessutan var det montert og lagt ved ein del refleks til å ha på sykkelen, noko som vekte sterke minner om sykkeltida mi på 80tallet, då det var så veldig kult med masse refleks:)

Sykkelen blei satt saman og der stod den...
Å so liten og uskyldig.. men berre vent til me blir eit team og susar forbi i full fart neste år, når konkurransesesongen begynner igen :D

Eg er veldig fornøydd med levering, alt var på plass, og ingenting bøydd eller øydelagt på transporten, utruleg!
Det einaste som nå manglar, er å sage av resten av gaffelrøyret, i alle fall når eg veit kor lang eg vil ha den. Først blei eg litt irritert over at røyret ikkje var saga av til riktig lengde, slik at sykkelen ville vera klar til bruk med ein gong.
Men nå tenker eg at eg kan på den måten spare meg nokre cm, og heller gradvis senke styret etterkvart som eg blir vant til sykkeln.
Grunnen til at eg valgte å bestille akkurat denne sykkelen er at den har ei lite og først og fremst kort ramme, dvs liten avstand frå sete til styre(stem). Og eg er ikkje spesielt høg med mine 160cm, og har i tillegg ein ganske så kort rygg og forholdsvis lange bein slik at dei "små" triatlonsyklar eg har prøvd hittil, har vore for lang, rett og slett.
Men Quintana Roo Chicquilo sin geometri skulle altså passa meg.
Me får sjå.
Men å ha gode justeringsmoglegheitar er altså viktig, og då er det ikkje så dumt likevel at dette røyret ikkje er kappa frå før. På den måten kan eg gradvis senke ned styret.
For min del står meir komfort i fokus enn fart. Når sykkelen passar godt kjem nok farten av seg sjølv etter kvart.

Ja ja etterkvart, eg har nå sett på sykkelen min som står bekvemt her i stoga i heile helga, og ikkje fått brukt den enda...
det skal visst litt spesialverktøy til for å feste den der stjernedingsen i gaffelrøyret etter at røyret har riktig lenge ..:(
puh...
dette kan bli litt av ein tolmodighetstest.
Så lenge får eg ta og vise fram dei fine nye blanke delane på sykkelen min..


Å så blankt...

Oi oi rosa :)

Sjekk, såååå blankt :D

Der står TRI på felgen :)

Klikk på bildet, der står det "Full Speed Ahead". Yesss.


Åh nei åh nei så blankt of fint alt saman... men nå tok det litt av.
Men det ER jolesteminga her i stoga.

Det er ikkje så ofte eg unnar med nytt utstyr, studentøkonomien har rett og slett ikkje tillatt noko nytt, og i det siste har eg jo på grunn av dårleg form ikkje kunna jobbe noko ekstra, slik som det eigentleg var planlagt med min 80%stilling...

Dessutan høyrer sykkelen absolutt ikkje til skryte- og luksusklassen, men byr på mykje bra utstyr i forhold til prisen.
Nå gjenstår det berre å sjå om den er like god å sykle på også.

Så snart den er klar. Og været er fint. Og vegane glatte og slette og fine.
Hm...

30. september 2009

Sykkelen min er på veg :)

Aaaaah endeleg eg er så spent så spent så spent!
Eg har nettopp fått mitt UPS-trackingsnumber frå sykkelbutikken i England www.evanscycles.com, og spora opp sykkelen min:
den er i Norge!!!
Den har kome fram til Oslo, blitt skanna og nå er den "BEHANDLET PÅ UPS-SENTER / VIDERESENDT TIL KONTORET I DESTINASJONSBYEN" kl.12:51 i dag...
Ikkje anar eg kor destinasjonsbyen skal vera, Seljord er ikkje akkurat nokon by, og eg trudde at sykkelen min skulle forvarast i Oslo inntil eg hadde betalt norsk moms, og så blitt sendt vidare. Kanskje havner den på tollageret i Skien?

Spennande. Så moro at den kom endeleg. Sjølv om... det hadde vore greitt om den hadde kome etter lønnsutbetaling for oktober, men men, eg får skrape saman dei siste kronene min og få sykkelen min heim.

Den har eg sett på sidan mars i år, og slik ser den ut:
Åi åi åi.
Eg håpar den gjeng bra å sette den saman når den kjem til meg.
Og at alt gjeng som venta, og det ikkje plutseleg har oppstått noko ekstra kostnader (tilleggsgebyr for ekstra superkule triatlonsyklar for eksempel:-D)