21. april 2015

"Vi kommer i begravelsen din!"

Er det nokon som har sagt dette til deg?
Nei?

Det er kanskje ikkje så rart.
Sist tysdag var eg igjen med på fellessykling i gruppe.
Sidan det første gong endte med fullstendig utmattethet og synsforstyrrelsar og legevakt, så var eg meir forberedd denne gongen.
Eg hadde fått i meg nok mat, ete middag sånn eit par timar før me skulle sykle, utsatte turen med Lukas til etter syklinga, osv.
Denne gongen var me igjen to gruppar.
Den store raske gruppa, og så oss tre, som skulle ta det med ro.
Hardrocxen og den innstøpte kua.
Me syklar på terregnsykkel i gruppa.
Akkurat som sist så greidde eg meg fint den første timen.
Me stoppa nede i Flatdal for å organisere veivalget vidare, og delte oss inn i "Nutheim opp" og "eit stykke innover mot Åmotsdal". Første var kortare.
Så eg blei med der.
Utsikt frå Nutheim.
Foran meg sykla det to karar, og så ei dame som var med for første gong.
Eg blei så imponert over styrken hennes.
Ho tråkkar med utruleg tunge gir, men i jamnt tempo oppover stigninga.
Men eg greidde til slutt å henge med.
Moro var det au, me  var igjen heldige med vêret og ved Nutheim gjestgiveri venta dei to karane på oss.
Utsikt frå Nutheim i Flatdal. Dette var sist søndag.
Jaja, eg er kanskje ikkje den sterkaste og raskaste på sykkel.
Ikkje så rart etter så lite trening som følge av plantar fascittfoten som skulle tas omsyn til.

Men - i nedoverbakke - ja då er eg god.
I alle fall ved gode forhold, dvs lite trafikk og tørre fine vegar.
Så eg susa ned, forbi alle andre, og det var jo sååå moro :)

Me samlast nede på flata (for då det begynte å bli flat, så sakta eg akterut igjen må vite).

"Jøss for ein fart du hadde nedover?!"
"Ja vi kommer i begravelsen din!" sa dei.
- Så koseleg da, svarte eg.

Det er heilt klart ikkje utan risiko å suse ned ein utforbakke på sykkel i over 60km/t.
Men - denne bakken har eg sykla ned såpass mange gonger, og med HardRocx'en min føler eg meg ganske trygg.
Sjølvsagt, det kan skje noko allikevel.
Ein kan plutseleg punktere, eit lemmen kan finne på å løpe innpå vegen frå sida, osv.
Men - bilulykker skjer også, og me let ikkje vera å køyre bil av den grunnen?

"Livet er eit risikofult prosjekt og det endar alltid med døden."
Eg synst eigentleg det er dumt sagt.
Samtidig er det mykje sant i det også.

Eg har i alle fall investert i nye bremseklossar på Hardrocxen, for teknisk svikt vil eg helst ikkje oppleve i 60km/t på sykkel.
Gode dekk er også viktig.
Turen endte forresten med at eg sykla meg tom igjen, men heldigvis denne gongen med synssansen i behold.
Eg blei dytta.
Jepp, dytta. Eg greidde ikkje å henge med dei tre andre.
Tom, rett og slett.
Eg skjønner ikkje. Eg åt ei banan, men det hjelpte ikkje.

Dei siste tre km lot eg gruppa sykle ifrå meg.
Og hadde ein venleg men bestemt dialog inni meg "Dette er heilt greitt. Du har dårleg dagsform. Du er i god form ellers. Formen er stigande. Sjå så fint det jordet der ser ut! Formstigninga kjem nå. Herleg å kunne sykle i mitt eige tempo. Å så fint lys det var i dag."
Når eg syklar aleine, blir det pausar.
Då hentar eg meg inn igjen - og tek bilder :) 
Eg blir jo berre motivert til å trene meir.
Så etter den tysdagen har eg sykla to gonger, og tilbakelagt nokre høgdemeter.
Du blir god til det du trenar på, så då får eg trene på å sykle.

Og så får me sjå kva dagsformen bringer i dag...
Nutheim tok eg også på søndag, den gongen i rosa utstyr og med tempo'en,
i sommartemperatur og strålande solskinn. Det var godt :)

4 kommentarer:

  1. Anonym23/4/15

    Heisann Imke! Det virker som om du er komen godt i gong med treninga att no. Men så er det jammen godt å kome seg ut i fineværet og, lett å motivere seg. Har du gode muligheter for svømming der du bur, då? Eg er ikkje god til å svømme, men elsker det. No venter eg på åpning av Frognerbadet 18. mai, ute er best! Line

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Line!
      Ja eg er godt i gang, og sist tysdag blei det ei fin økt med gruppa. Blei tildelt lederansvar for den "sakte gruppa" så det var kjekt ;)

      Her er svømmehallen berre open i vinterhalvåret, frå oktober i mars. Men nærmaste svømmehallen er berre 30km unna, ikkje sant, er jo berre å ta sykkelen fatt og ta ei kombiøkt? ;)
      --> det er planen i alle fall.

      Eg elskar å svømme ute, og her i Seljordsvatnet er det fint å svømme, me har ein strand her som er ca 400m lang, og då svømmer eg att og fram langs kanten slik at det er trygt også når eg er aleine.
      Vanntemperaturen er jo veldig skiftande, og KAN vera bra frå starten av juni, avhengig av vindforholda.
      Eg skulle ønske det fantest utebasseng i nærheten, for det er nydeleg å svømme ute.
      Heldig du er da med Frognerbadet, det hadde eg også likt altså! Ja ute er best :)

      Slett
  2. Det var som et lite stykke Norge til morgenkaffen - disse sykle-seg-fra-vettet turene dine, som et mini 71nord. Det er sprekt og sykle til man ikke sykle kan, men vettet bør helst inntreffe slik at man befinner seg rett utenfor døra idet - ikke-kan setter inn. Hører du hvor snusfornuftig jeg er? Det er fordi jeg er så lat at komfortsona alltid er innenfor rekkevidde (selv med nummer på brystet -)

    Har holdt meg litt unna treningsdokumenteringer i det siste. Som alltid er det greit å late som om ande også bare diller rundt når du selv bare ligger på sofaen, men jeg har tatt et tak nå, oppe på hesten igjen - ihvertfall mentalt, i en slags - fake till you break it tilstand. Men du - er du ikke kvitt - plantarskiten ennå? Det må altså være verden mest innbitte skade. Har lest (og hørt) om flere i det siste som har fått - og ikke blir kvitt????

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja så bra, det var faktisk litt meining, det siste bildet var jo nesten nasjonalromantisk, manglar berre norsk flagg eigentleg ;)
      Ja eg er kanskje ikkje så snusfornuftig. Nei eg er nok ikkje det, ikkje når det gjeld å ta ein sjans å gje alt osv.
      Dessutan har eg vore i ganske dårleg form sånn generelt at eg er vant med å måtte slite litt, og prøvar alltid før eg gir opp.
      Sist tysdag blei det forresten ei veldig god sykkeløkt ;)

      Slapp av forresten, eg er nok litt meir på den late sida eg også, men når sola skinner og himmelen er blå, då er det opp på sykkelen eg må (det rima, eg blir liksom litt poetisk av meg når eg svarar på dine kommentarar ;) ).

      Plantarskiten kan eg fortelle at er på retrett. Ehem, altså nå har eg vore flink og trent styrke regelmessig (i alle fall sånn ca 2x/veka), og trent føtane mine, eg har til og med against medical advice begynt å løpe i Fivefingers! Jepp!
      Men - her snakkar me om eitt minutt løp - eit minutt gange - ferdig - den første veka. Og så 2 x (eitt minutt-eitt minutt).
      Og plantarfaskit-foten har det heilt fint :)

      Eg må nok skrive eit innlegg om det der, men dagane går så fort for tida!
      Kort oppsummert: det begynner å hjelpe seg, og eg har ikkje lenger vondt (hurra!) men ting tar tid, og eg fortset med rehab'en eg da.

      Plantar fasitt ER ein veldig innvitt skade, ja.
      Det har noko med kollagenremodellering å gjera og at folk trur eg ikkje skjønner at dei må endre noko i treningsvanene sine - doctor fix me, liksom.

      Eg skal fikse føtane mine sjølv, og er ganske godt i gang nå :)

      Slett