10. mars 2015

Deileg å sykle ute!

Denne vinteren har eg aldri tatt ein pause frå å sykle ute.
Eg syklar heile året, så lenge det lar seg gjera!
Nå har eg ikkje piggdekk på sykkelen, og derfor går overgangen til vårsesongen smertefritt.
Ikkje noko tull med dekkskifte for meg!

Sist veke var det så fint vêr, og som dikkøn har skjønt, så er eg ikkje vanskeleg å be ut i solskinn.
Da kan det godt vera berre fire gradar ute, det er berre å kle seg og koma seg ut.

Eg har ikkje hatt nokre lengre sykkeløkter sidan ifjor haust, verken inne eller ute, så denne turen på snaue tre mil var første "langturen". Og den gav heilt klart meirsmak...


Tørre vegar. Blå himmel. Sol. Lite trafikk. Lite vind (nåja).
Perfekte sykkelforhold på ein onsdag føremiddag tidleg i mars.
Det er så nydeleg å sykle langs vatnet. Eg blir aldri lei av utsikten.
Eg tok det ganske roleg, ikkje høg puls, eg skulle berre kose meg.
Og det greidde eg.

Det er fortsatt berre mars, så ikkje noko grønt her - men det var mykje blått. Eg er så glad for at eg har Seljordsvatnet så nærme, det er herleg å sykle langs vatnet, med sola som glitrar!
Ved Sanden Camping måtte eg berre stoppe.
Det er så fin rullesteinstrand der.




(Jill, viss du ser det her så ser du at eg har endeleg fått det til! Har fiksa litt på bloggmalen, sjølv om eg ikkje veit om det var det som hjelpte, men likevel - takk for hjelpa :) ).

Det som var ekstra bra med sykkelturen, var at eg kom meg ut kl.10.30.
Og eg er virkeleg ingen morgonfugl.
Men å sykle rundt kl.10 går forbausande fint.
Ein selfie måtte det bli - ser kanskje ikkje så blid ut, men det var nok mest fordi det var litt kaldt i ansiktet å sykle - fire gradar i lufta, ikkje sant - men ellers var eg riktig kledd.
Det går heilt fint å sykle når det er kaldt - ein må berre kle seg riktig. 
Det er slik at langs vatnet så er vegen alt anna enn flat. Det går opp og ned heile tida - akkurat som i livet mitt, og det er kanskje derfor eg likar denne strekninga så godt?


Før eg tok fatt på den siste bakken heim, tok eg og handla. Etter nesten to timar på sykkelsetet i frisk luft og solskinn blei det ein heil del karbohydratar i korga - spesielt bananer. Bananer er berre godt på sykkeltur.
Måtte slenge meg ned på brygga og nyte solskinnet.
I det fjerne lokkar Skorve - bada i i snø og sol!
Når det gjeld å kle seg på sykkelen når det er så kaldt som det var den dagen, så kan eg berre anbefale å ikkje gå for fancy og aerodynamisk, men satse på "smart, praktisk, vindtett og varmt men pustande". Eg bruka:
  • den gamle SWIX-buksa mi (som er litt meir vindtett på framsida, og tynnare bak), 
  • vottar av alpintypen 
  • ekstra vest for beskyttelse mot vind på overkroppen og refleks for betre synlighet
  • mine gode gamle djupt elska KEEN-støvlar - med god plass til to par ullsokkar OG tærne mine, og som er fora og går litt oppå leggen - samtidig er dei mjuke og bevegelige slik at dei ikkje hindrar ankelen i tråkket.

Og ellers ull innerst mot kroppen. Buff'ar a diverse slag er jo supert å bruke også - dei er det lett å regulere - brette enkelt, dobbelt, tridobbelt osv for meir eller mindre isolasjon, dei kan puttast i lomma viss det blir for kaldt osv.

Eg elskar dette vatnet - for ei ustsikt! Nydeleg :) 
Vegen var faktisk blitt sopa, dvs det var lite grus og stein, så ein kunne nesten ha tatt fram landeveissykkelen. Men - landeveissykkelen min står fortsatt hos ei venninne, og som vanleg så er temposykkelen min, som står heime, bortskjemt og vil ikkje ut når det er så kaldt og støvete ute - så den får stå inne på rulla og kose seg der så lenge.
Det blei terrengsykkelen som fekk lufta seg - og den rullar godt den også.
Min nye Hardrocx er blitt ein veldig god og trufast venn.
I all begeistring har eg bestemt for å delta i eit terrengsykkelritt i år - så det kan hende at det blir fleire og forhåpentlegvis mange turar med Hardrocx'en. Som vanleg så merkar eg at eg blir i kjempegodt humør av å sykle med den.
Og restitusjonen etter å ha sykla er jo gjort på null koma niks!
Så det passar meg bra.
Det er berre å håpe å fleire gode sykkelforhold utover våren, eg og Hardrocxen skal i alle fall vera klar :)

4 kommentarer:

  1. Åå, det så ut som en fin tur du hadde på sykkelen! :)
    Så flink du er som kommer deg ut, til tross for at det fortsatt er litt for kaldt (for meg) ute ;)

    Jeg gleder meg ihvertfall veldig til temperaturen stiger litt mer, så jeg kan få sykle ute igjen - både på terrengsykkelen og landeveisykkelen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tja altså eg skjønner at folk kviar seg for å sykle ute når det er kaldt - men eg må innrømme at eg har opplevd skiturar som var mykje kaldare enn dette!
      Det gjeld å kle seg riktig - altså heller ikkje for varmt slik at ein ikkje blir klissblaut av svette.
      Av og til kan det også vera kaldare å sykle om sommaren, når det regnar og blåsar - nå etter vinteren så kjenner eg at eg i alle fall er innstilt på at det er kaldt, og at kvar einaste solstråle er berre ein deileg varm smak av varmare vêr.
      Men våren kjem, den!
      Då kan du koma deg ut på sykkel du også :)

      Slett
  2. Anonym12/3/15

    Greier berre ikkje å kome meg ut på sykkel i så kaldt vær, eg....Det går kun på føtene og at eg ikkje er riktig utstyrt der. Så lenge blir det spinning innandørs kvar veke, men står klar med pumpa og oljen til raceren. Det blir spennande med sykkelritt for deg i år :) Line

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja hm det blir spennande - sykkelritt er jo noko anna enn triatlon der ein syklar for seg sjølv med god avstand til folk rundt seg. Eg skal sykle/trene saman med ei gruppe (det er planen) så då får eg venne meg til dette.

      Huff eg kan ikkje fordra å fryse, og er ein skikkeleg godvêrssyklist faktisk!
      Fordelen med våren nå er at det går an å kle seg skikkeleg godt utan at det blir rart. Eg brukar altså fôra vinterstøvlar på sykkelen nå! (som eg får heldigvis plass under buksa - ehem - altså tights med vinterstøvlar då kjenner eg at forfengeligheten slår inn - det blir for rart altså :D).
      Og GODE vottar/hanskar er tingen!
      Eg hugsar ein kald sykkeltur der eg bruka skihanskar og det var heilt j****g. Virkeleg. Isfingrar og neglesprett og såå vondt!
      Eg brukar fôra skivottar, og det funkar!
      Under helmen var det derimot nok med buff (bretta fleire gonger). Eg har også eit par-tre par med varmesålar (av eingongstypen) liggande her, for å fryse på tær og fingrar er så vondt altså.
      Spinning innandørs er jo veldig effektiv trening, så det er jo berre å fortsette med. Eg har ein kort økt i veka inne på rulle med sykkelteknikk. Men når det er blå himmel og sol... eg lengtar så veldig ut...da er utesykling tingen.
      Men det skal bli godt med varmare vêr etterkvart, det gledar eg meg til. Veldig. :)

      Slett