15. mars 2015

Fottøy. Sko. Kva er det foten vil ha?

Eg er fortsatt på utkikk etter sko. Sko som er bra for føtane mine.
Det eg har kjent nå etter ein haust og vinter med plantar fascitt er, at KEEN-støvlane mine er kjempegode. Det som gjer dei så gode trur eg er at dei er så veldig breie framme, dei har god plass til foten og tærne.



Dess meir eg les om fotens anatomi, og biomekanikk, kinesiologi mm. dess meir overbevist blir eg om at føtane mine har godt av, og fortener, betre plass.
Dessutan treng eg å forbedre styrken i fotmuskulaturen, sa fysioterapeuten min.
Ja, det jobbar eg med også.
Når eg trenar styrke, så har eg begynt å bruke mine fivefingers igjen.
Ikkje berre er dei superfine, synst eg, men dei er også skikkeleg gode å ha på.
Mine Vibram Five Fingers KMD Sport LS Women's
Heldigvis har eg ein type fot som passar godt i Vibram's Fivefingers:
Føtane mine "en naturelle" - her likar dei seg best :D
Fivefingers har forskjellige modellar, men dei har ikkje forskjellige breiddar - noko som dei kanskje burde hatt, sidan eg har møtt folk som anten har for smale føtar eller for breie. Men mine passar rett inn:
Føtane mine i Fivefingers - ganske bra.
Så bra som Fivefingers er til innetrening, så kunne eg (enno) ikkje tenkt meg å bruke dei ute, eller når eg går tur, handlar osv.
Eg trur at kroppen min treng i så fall litt tid til å venne seg til.

Som eit alternativ har eg sett meg ut Altra sko.
Dei har "zero drop" dvs skoen har ikkje opphøgt hæl, noko som blir meir riktig for foten (meir tilnærma det kroppen vår er tilpassa til i utgangspunktet) men har samtidig rikeleg med demping (sidan kroppane våre i utgangspunktet ikkje er tilpassa å traske rundt på asfalt og betong heile dagen).
ALTRA Olympus.
Dei liknar kanskje litt på Hoka One One sko frå sida, men sålen er annleis og dei er breiare framme - med bedre plass til tærne!
Når ein først googlar på "minimalist shoes" eller "barefoot shoes" og undersøkar meir, så er det ganske mange morsamme modellar som dukkar opp:
Inov-8 Evoskin
Den Inov-8 Evoskin er jo berre eit lag silikon mellom foten og omgivelsane - meir barbeint enn utan sko kan det jo ikkje bli (dei ser så rare ut at eg har lyst til å prøve dei :D ).
Det er jo morsamt med så mange ulike fargar.
Ein annan sko som er ganske så minimalistisk, er frå XERO. Det er vel strengt tatt ingen sko, men sandalar:

XERO Sensori Venture - ja folk løper i desse her!
Eg har sjølv tenkt at eg etterkvart skal bruke mine Fivefingers ute også, i skogen. Så eg kjøpte meg eit par til bursdagen min, ein "terrengmodell":
Vibram Fivefingers Spyridon - terrengmodellen - med bedre grep på sålen.
Det morsamme er at eg fekk ei bok i gave av ein venn - og eg skjønner ikkje høss han gjer dette, men han gir gaver som alltid er midt i blinken - som om han kan lese tankane mine (det blei f.eks. to anatomiatlasar til jul + DVD "The Long Run", fantastisk!). Så i tillegg til nye Fivefingers frå meg sjølv fekk eg den perfekte boka:
Perfekt kombinasjon!
Boka er veldig spennande. Eg blir nok neppe ein ekstremt barbeintløpar, men eg trur for min del kan det vera lurt å trene opp føtane mine til å løpe barbeint.
Det er i starten ganske mykje styr å sortere alle sine fem tær inn i dei separate lommene på Fivefingers - men det går lettare etterkvart.
Viss ein berre skal skille storetåa (som er visstnok viktigast å skille frå resten av tærne, sånn løpeteknisk sett), så kan ein jo vurdere slike sko:
Aldri hørt om desse før: Freet 4+1.
Desse Freet sko var heilt ukjent for meg fram til nå, men eg likar konseptet - sålen gir beskyttelse, ingen demping, dvs foten fungerar som om den var utan sko, store tåa er adskilt slik at den bidrar til stabilisering og balanse, og heile skoen ser litt meir ut som ein vanleg sko (samanlikna med f.els. Fivefingers). Det eg også likte godt var at dei selger ein innleggsåle til hælen som ein kan bruke i starten for å venne seg til "zero drop" - men ein slik såle kunne ein jo sikkert lage seg sjølv også:
FREET insole 2.0
Ja det spørs jo virkeleg kva foten vil ha?
Eg veit i alle fall at det framleis ligg snø her og eg må ha noko som er varm.
Overgangen til "zero drop" skal eg også ta gradvis.
Eg er ganske sikker på at eg vil ha eit par sko med god plass til tærne, for etter ein handle- og rusletur i ASICS løpesko i går kjendest den høgre hælen min ikkje godt.
Men det kan jo også vera fordi eg fram til nå ha gitt føtane mine veldig god avlastning med gelhæl og supermjuke vinterstøvlar?
Spennande er det i alle fall med sko.
Og det kjem stadig mye modellar og konseptar, så kjedeleg blir det aldri...

1 kommentar:

  1. Anonym17/3/15

    Heisann. Har sjølv dårlig erfaring med gradvis å gå over til minimal demping på sko, både i fritid og til trening. Vart litt for hekta etter " Born to run" -boka, dette resulterte og i plantar fasciitten som eg sleit med ifjor vinter. Pass på! Line

    SvarSlett