30. desember 2014

Treningsoffensive

Treningsiveren min har ikkje akkurat vore så stor dei siste vekene. Plantarfascittfoten har stilt spørsmål ved alle aktivitetane, og den enklaste og best likte av alle treningsformer, løping, er jo ikkje aktuelt for tida.
Og då har eg ikkje gidda så mykje anna, rett og slett.

Men det har jo gått på nervane laus.
Det er jo ikkje utan grunn at eg driv med triatlon, bloggar om trening, og at eg likar å brukebåde  tid og pengar og energi på trening, eg trivst jo med det!
Kanskje er eg ikkje så superivrig som mange andre, og eg er også forholdsvis lat og kosar meg på stranda om sommaren og på sofaen om vinteren, men likevel: det er ikkje gøy utan trening altså.

Likevel så har eg ikkje greidd å gjera så mykje gjennom heile november og desember. Skyld på førjolsstress eller den mørke årstida, off-season, osv, men eg har faktisk godt av å vera i bevegelse, så eg burde nok ikkje stoppe heilt opp berre fordi eg ikkje "orkar".
Eg blir alltid glad av å sykle eigentleg - også om vinteren!
Poenget er jo også at om eg ikkje eingong orkar å trene, ja da er eg jo i såpass dårleg form, at den neppe kan bli enda dårlegare av å lea meg litt. Og formen blir neppe bedre av å henge inne heile dagen!
Så nå skal eg gå i "treningsoffensiven".
Av og til så må ein nemleg gå i offensiven når andre tiltak ikkje funkar, som f.eks. ta "korte rolege turar av og til" eller noko.
Då blir det heller anten eller.
Dessutan så treng eg følelsen av å ha trent.
Da nyttar det ikkje å berre lufte Lukas og late som etterpå.
Men så moro det er når Lukas kan få springe laus i skogen - da kosar han seg!
Det er gleden i bevegelse, og det smittar over, faktisk!
Så andre joledag gjekk eg same runden som eg ofte har benytta meg av som motbakketreningsløype. Til saman ca 300m stigning, mesteparten som samanhengande lang bakke med ulik stigningsgrad. I tillegg går det på ein privat grusveg, så her er det så godt som aldri trafikk, og kjem det bil, så kjenner eg stort sett dei som køyrer, så det er kjekt.

Med hodelykt på, og Lukas i magebeltet, og gode støvlar med hælinnlegg bar det avgarde, og eg trur at eg kanskje var like rask som om eg hadde løpt opp.
Eg kosa meg.
Ikkje berre blåtime, men mørkeblå time.
Dette er basistrening, og dette er BRA basistrening, noko om eg har virkeleg forsømt dei siste to åra.
Pussig nok så brukar eg berre 10min lengre enn om eg hadde løpt på denne runden.

Tredje dag jol bar det ut i same skogen, men på ein litt annan runde, og denne gongen hadde eg med STAVAR. Jepp, stavar. Eg har tidlegare ikkje likt å gå med stavar, men så har ryggen min så utruleg godt av å gå med stavar, og viss ein tek litt i, så kan ein koma opp i ganske høg intensitet, og ein brukar heile kroppen.
Denne treningsturen var også veldig bra, og gav meirsmak.
Jolestemning i skogen. Såå nydeleg!
Så tok eg faktisk også fram skiene for første gong denne vinteren.
Sidan det hadde kome eit nytt lag med fin puddersnø skulle eg ta same runde i skogen som eg hadde tatt på beina.
Eg starta i lyset, men hadde tatt med hodelyt. 
Dette var nemleg også første gong eg skulle gå på ski saman med Lukas, så eg var innstilt på at det kunne kreve si kvinne, og ikkje minst: gode nerver.

Men Lukas var flink, han.
Lukas var flink! 
Det var heller eg som mista nervene mot slutten (Lukas stakk frå meg nokre minutter mot slutten av turen, og då blei eg så sur -  MÅ han liksom ta seg turar på eigen hand? Svaret er jo: ja. Han er gutt og målet hans i livet er forplantning, og det luktar damer overalt. Overalt.)

Turen med innlagt 300m stigning og 6,5km tok meg halvannan time. Det er ganske drøytt, men eg er veldig fornøydd. Det er ikkje alle dagar eg kosar meg med å renne ned ein humpete skogsti i mørket med hodelykt, halvvegs i skiflygingsstil over små renner tvers over stien eller i krampaktig plog. 
Men det gjekk bra.
Det måtte ha vore tanken på at eg hadde både gløgg og marsipan i sekken som fekk meg gjennom turen med nervene sånn nokonlunde i behold.
For ikkje å snakke om diverse sideband i knea som holdt også.
Selfie på ski i skumringa - alt ok midt i motbakke.
Til tross for at eg nå plutseleg har blitt frykteleg forkjøla, så skal eg allikevel fortsette med treningsoffensiven min: eg har slengt meg på eit par challenge i endomondo, med blant anna mest treningstid i 2015, og ein meir avgrensa challengesom går ein månad av gangen, der det gjeld å same km på gåing, fitness walking og hiking - kjekt når eg ikkje skal løpe uansett. 

Så skal eg bli flinkare til å registrere min trening/mosjon vha Endomondo, for det har eg også forsømd dei siste månadene og det er litt dumt, for å sjå oversikten over tilbakelagt treninga si er utruleg artig og motiverande. Eg har jo også så mykje "skjult" trening, dvs alle lufteturane med Lukas og ikkje minst, handleturane på sykkelen, som eg burde prøve å få registrert.

Eg tok ein PB på både tid og distanse i disiplinen langrenn på endomondo og fekk pokal :D 
Det går sjølvsagt an å lage si eigen challenge, og eg leikar litt med tanken om ein "plantar fasciitis challenge - most active minutes with plantar fasciitis-friendly training (= no running)" eller noko slikt.
Jaja - kanhende at mange hadde hive seg på, plantarfa**skit er jo visstnok ein populær overbelastningsskade blant dei spreke.
Enn så lenge får eg pleie forkjølelsen min og håpe at den snart slepper taket.

Hald dikkøn friske og raske på tampen av det gamle året 2014!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar