13. september 2014

Plantar fascitt eller fettputesyndrom eller berre noko annan dr** ?

Nevnde eg at eg gjekk pilegrimstur i august?

Ein stad mellom Ulevår og Dyrskar.
Nærmare sagt frå 18. til 25.august.

Første etappe gjekk langs vegen (på asfalt) frå Grunge kyrkje til Edland: ca 5km
Andre etappe gjekk frå Edland til Vågsli: ca 16km
Tredje etappe gjekk frå Vågsli til Ulevå: ca 16km
Fjerde etappe gjekk frå Ulevå til Midtlæger: ca 12km
Femte etappe gjekk frå Svandalsflona til Røldal: 12km

Eg har ingen aning kor mange høgdemeter me la bak oss, verken stigning eller nedstigning, men til tider var det ein god del. Eg bruka fjellstøvlar, og hadde med meg sekk.

I etterkant så skjønner eg nå at støvlane mine var altfor harde og stive og for lite dempa, og sekken var altfor tung og formen min generelt ikkje god nok til alle desse etappane. Eg var eigentleg såpass sliten at eg ikkje greidde å restituere meg godt nok på kveldane, verken fysisk eller mentalt.
Forsøk på selfie. Det er lov å vera sliten.
Berre at dette er berre dag 2 av 5 og eg sleit alt da...
Men det var godt selskap på pilegrimsturen, så derfor gjekk det bra.
Det er godt å ha gode mennesker rundt seg når ein ikkje orkar meir!
Ein flott gjeng på pilegrimsvegen til Røldal.
På tredje dagen fekk eg veldig vondt i føtane.
Eg hadde dei to første dagane slite veldig med vondt i magen, over fleire timar, og derfor nok ikkje ete godt nok, og blitt meir sliten enn det eg hadde vore tidlegare år på pilegrimsturen.
Onsdagsetappen er eigentleg fantastisk nydeleg, landskapsmessig. Den begynner med ei lang oppoverstignig for så å gå i småkupert terreng og endar med ei lang nedoveretappe.
Men eg kjente føtane mine altfor godt undervegs for å nyte turen. Spesielt den siste nedstigninga var smertefullt!
Nedstigning på onsdagsetappen - da var hælen så vondt at eg helst hadde gått utan sko. Eller krabba ned!
Men - det høyrer vel med å ha vondt undervegs, ikkje sant?
Tenkte eg.
Eg hadde utruleg vondt under føtane, spesielt i høgre fot.
Men eg kunne jo ikkje klage.
Andre hadde det sikkert verre enn meg, ikkje sant?

Hm.
Eg kjente spesielt at eg ikkje skulle ha brukt dei originale innleggssålane i støvlane, som er nokså harde og stive.
Men eg brukte same støvlane på same turen for to år sida, og då var det ingen problem?
Sekken var heller ikkje mykje tyngre i år, eller var den det?

Uansett, så har smerten i hælen aldri blitt borte.
Den har vedvart.
Jaja, tenkte eg, føtane mine er nå slitne, dei, det går seg nok til.
Det er denne flotte gjengen som har gjort at eg fortsatte turen. Det er på femte og siste dag.
Og sjå det nydelege landskapet!
Typisk "løperlogikk": berre ein ignorerar skaden, så går den vel over?

Det er nå tre veker sidan pilegrimsturen.
Eg har sidan ikkje løpt, og berre trent litt styrke.
Eg har tatt meg to lange krevande fjellturar.
På den siste hadde eg både vondt i hælen og i venstre kneet.
Det blei så ille den siste timen at eg til tider gjekk baklengs gjennom skogen i nedoverbakke.
Ellers hadde eg faktisk ikkje kome meg ned!
Lukas sørga for god underhaldning på veg ned frå Skorve - han var overlykkeleg over å ha funne DEn perfekte pinnen.
I guttestørrelse!  
I venstre kneet er det nemleg den ytre menisken min som fort blir irritert, det har eg hatt før. Meniskane er kneets støytedemping, og den eine hadde vel fått nok av tre timar bratt nedoverbakke.
Så den var ikkje berre irritert men GØRRSINT og FORBANNA!
Jaaada.
Eg kom meg ned frå fjellet og tenkte at det nå får vera nok med fjellturar, når kroppen seier så tydeleg ifrå at dette er litt mykje.

Men den murringa i hælane, spesielt i den høgre, blei verre.
Nå er det også vondt når eg berre går.
Så dette måtte googlast.
Vondt under hælen høyrest da uskuldig ut???
Det er sikkert berre litt overbelastning liksom.

Så feil kan ein ta.
Det visar seg at dette kan vera av noko av den mest langvarige belastningsskaden ein kan få.
("De fleste tilfeller blir bra av seg selv, men det kan ta opp mot 36 måneder." ==> lommelegen.no)
I tillegg til kneskadar kanskje.
Skremmande!
"Plantar fascitt" eller kanskje heller "plantar fa-skit"?

Enn så lenge har eg hatt ein lang telefonsamtale med fjerndiagnostisering og førstehjelpstiltak av fysio'n. Tuuuusen takk SIF for at du tok deg tid til dette!

Alternativt kan det også vera såkalla "fettputeatrofi" der fettputene under hælen har blitt overbelasta og er blitt redusert og ikkje lenger gir demping nok til å gå på utan smertar.
Derimot er PF ein betennelsestilstand i den flate senen under foten, spesielt i feste bak mot hælen.


"Fascie plantaris" er ingen fascie (= glidesjikt mellom musklar) men ein aponevrose (ei sene som er spesielt flat og brei).
Eg veit ikkje kva av desse to som er verre, for som sagt, når ein googlar dette, så får ein opp mange result med skrekkhistorier om langvarig nedsatt funksjon, mykje smertar og vanskeleg diagnostisering og oftast lite nyttig behandling.

Hm.
Skit altså.
Så nå er alle planlagte fjellturar avlyst framover.
Ingen løping i nydelege haustfargar gjennom skogen.
Lette turar med veldig gode sko.
Godt med demping, spesielt under hælen, godt med støtte under fotbogen.
Helst på mjukt underlag.
Ingen styrketreningsøvingar med stor belastning på føtane (knebøy går ut - og eg som er blitt sååå glad i knebøy!).
Ikkje gå barbeint eller på sokkelesten heime.
Ikkje bruk Fivefingers (og dei var eg blitt så glad i, hadde tenkt å blogge om desse snart, jaja).
Ikkje buldring/klatring.

Eg er usikker på om eg skal ta meg ein tur til legen, i tilfellet eg treng meir diagnostiering framover. Det er jo greitt å "koma igang" slik at eg slepp å vente i månadsvis på bedring som kanskje ikkje kjem.

Så meens eg driv og prøvar å gå "mjukt" så lagar eg meg ei mental liste over aktivitetar som ikkje belastar hælen.
Sykling? Check.
Svømming? Check.
Padling? Check (men da treng eg kajakk først).
Yoga? Check (det skulle eg jo begynne med uansett).
Ligge i telt? Check.
Styrketrening? Check (men utan å stå og belaste føtane sjølvsagt).

Kanskje er det ei snill sjel ein stad som kan køyre meg og Lukas til fjells, slik at me kjem oss ut på "tur" utan å måtte gå i timesvis?
Me får håpe det.
Sukk...
Ok, for transport hit opp på Skorve treng eg skyss med helikopter. Men det går jo an.
Treng berre ein snill sponsor først kanskje.

4 kommentarer:

  1. Æsj da, det var jo litt kjipt dette her da... Håper det kommer seg snart :)

    Men for en fantastisk tur du har hatt! Kjenner jeg ble litt misunnelig på akkurat det der, ja ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe ja det var jo litt mening å vise dei flotte bildene. For turen, altså både pilegrimsturen og toppturen til Skorve var heilt nydeleg. Og turane er fortsatt fine til tross for at føtane mine ikkje var gode.

      Eg fekk bekrefta av legen min i går at det er Plantar fascitt og da er prognosen dårleg, dvs 6mnd-2år. Mange blir ikkje bra før etter fleire år.

      Men eg trur at eg blir fortare bedre, sidan min versjon av PF ikkje oppstod over lang tid, men ganske tydeleg på pilegrimsturen av kombinasjon stive støvlar + for tung sekk + for lite mat + slapp allmentilstand + lengde på dagsetappane.

      Dermed kan det også fortare bli bra.
      Dessutan er det verst på høgre fot, venstre er nesten symptomfri.

      Men eg kan drive med mykje anna enn løping i fjellturar, og terrengsykkelen er nypussa, så da skal eg sykle turar i fjellet - og da håpar eg jo at det etterkvart blir fleire slike fine bilder å bli misunneleg på ;)

      Slett
  2. Jeg vet hvordan det er å ha plantar fascitt - DRITT! :(
    Skjønner godt at smertene var med på å ødelegge en slik tur - flotte bilder, men synd at turen ikke ble optimal.
    Du er god på å finne alternative aktiviteter - og listen din sørger for mange gode opplevelser igjennom høsten og vinteren vil jeg tro! Masse god bedring! Klem fra meg:)

    SvarSlett
  3. Tusen takk for det Janne!

    Ja eg lurte på om eg ikkje kjente nokon med denne plantar fascitten - altså blogge-kjente liksom.
    Kanskje var det deg da?
    Legen min kunne bekrefte min mistanke i går.

    Heldigvis så kan eg håpe på at det ikkje blir så langvarig (f.eks. "berre" 6mnd eller noko) sidan skaden oppstå over kort tid, dvs få dagar.
    Men eg skal skynde meg langsamt altså, for PF er ikkje noko å spøke med, såpass har eg skjønt når eg har lest andre bloggar og artiklar osv.

    Så det blir terrengsykling framover istadenfor fellturar, og styrketrening utan belastning på føtane, og etterkvart svømming. Løping treng eg ikkje starte med før til våren, når eg veit kva eg skal drive med det året da.

    Eg har jo hatt løpepausar før, og det har eigentleg ikkje vore til skade for løpeformen etterpå.
    Kjekt med triatlon sånn sett, og uansett, alt ein kan drive med av trening.

    Eg er berre mest lei meg for at turane blir så korte for Lukas.
    Han er fortsatt krevande å halde i band, eg må passe meg for rykk og napp, sist var det faktisk skulderen som fekk seg ein støyt, og når skal eg passe på føtane i tillegg.

    Men det fiksar me.
    Det har me jo gjort før.

    Klem tilbake til deg :)

    SvarSlett