9. juli 2014

Livskraft!

Eg må sei at det å få DNS (Did Not Start) på Ironman 70.3 i Haugesund var tøffare å takle enn eg hadde forestilt meg.
Sundagen så prøva eg å halde meg borte frå sosiale mediar.

Vanlegvis, når venner og bekjente deltar i M-Dotkonkurransar er det moro å følgje med via Lifetracker-sida til IRONMAN.
Men eg takla det berre ikkje.
Var alt for skuffa over meg sjølv.

Måndagen var ikkje noko betre.
Da kom sorgen, og sinne. Eg var utruleg sint og blei ganske sjølvdestruktiv.
Alle dei gode tankane eg hadde gjort meg rundt min ikkje-deltakelre,
alle dei gode grunnane, var som blåst bort.
Eg fekk nokre gode meldingar og kommentarar av venner og bekjente, det hjelpte.

Og det blei bedre på tysdagen.
Etter at eg "rasa frå meg" på måndagen. Så kom stille etter stormen dagen etterpå.


Så nå synst eg det er morsamt og spennande å lese race reports frå Haugesund, og sjå på bilder.

Eg har gått litt inn i meg sjølv for å prøve ut kva som gjekk galt.
Altå eg meiner det er ikkje nytt at eg har måtta droppe turar, reiser, besøk, planar osv fordi eg klappa saman mentalt.
Ok, så den er grei.
Men eigentleg så synst eg at det ikkje kan fortsette slik.
For det krevdest så lite av meg å kome meg til Haugesund.
Pakke bagen, svømme-, sykle- og løpetøy.
Vanleg tøy.
Det har eg gjort å mange gonger, og synst det er koseleg.

Eg er ein av dei som likar å pakke.
Så er det ein heil del andre ting å organisere.
Men det burde ha gått an?
Ta éin ting av gangen, det har jo gått an før?
Eg kan berre ikkje skjønne at eg ikkje greidde det!
Kva gjekk galt?

Eg har så lite å gå på, har hatt det slik heilt sidan 2006 då livet mitt sakte men sikkert falt ifrå kvarandre.
Det er som om eg berre brukar opp energien min og ikkje veit korleis eg skal få den tilbake.

Og eg har ikkje depresjon!
Dvs, eg har opplevd depressive episodar, men det heile går djupare enn som så.
Ja, eg har også vore til utredning hos psykiater og fått to fine diagnosar, i tillegg til episodar av depresjon og eit eller anna tilfelle av angst, og det dreier seg om kroniske diagnosar.
Det betyr at ein kan ved hjelp av terapi bli betre, og nokon kan bli tilnærma symptomfri.
Med dobbel diagnose er det som regel verre.

Men eg har eit godt samarbeid med terapeuten min nå, så det går oppover.
Men til tross for det gode samarbeidet og innsikten min i mine "utfordringar" så blir eg igjen og igjen frustrert over kor lang tid det tek.
Men klart, diagnosar som har sin årsak i utviklinga under barn-og ungdomstida, og som faktisk har påvirka hjernestrukturen, lar seg ikkje endre på eit par år.
Men bedring er der.
Ja da, eit steg om gongen.
Akkurat som på løpetur når ein er sliten.
Men eg blir utolmodig.
Likevel så blir eg å frustrert over at eg manglar energi.
Heldigvis så fann eg trening som "tidsfordriv", som ein måte å kobla av på og kvitte meg med spenning og aggresjon. Frå enkel løpetrening blei det triatlon, frå sprint blei det olympisk og faktisk ironman.
Kven skulle trudd det?
Det er da kjekke bivirkningar av dårleg mental helse?
Og så har eg til og med begynt å trene styrke.
Regelmessig. Hurra!
Men når eg ikkje kan bruke trening som ein måte å skaffe meg energi og avkobling på, da er det lite igjen.
Det har seg også slik at trening er bevist å hjelpe mot angst og depresjon, og har god effekt på mental helse hos både "sjuke" og "friske" personar.
Og den største effekten skjer i overgangen frå inaktivitet til ein halv time-time om dagen.
Meir er ikkje alltid bedre.
Så eg kan faktisk ikkje trene enda meir og håpe på enda meir energi.
Den er eg nødd til å skaffe meg ein annan stad ifrå.
Og det er dét eg har slite med dei siste åra.
Kor hentar folk flest energi frå?

Eg har stort sett opplevd livet mitt dei siste åra som "survival camp" med pausar frå mentalt kaos ved hjelp av trening.
Ein bedring eg har merka meg er at NAV endeleg har innsett at eg først skal kome meg. At det ikkje er mangel på vilje eller motivasjon, men mangel på mental helse som er problemet.
Så eg har hatt fått vera i ro og fred, og kunne fokusere på helsefremmande "arbeid".
Terapi og eigentrening står i aktivitetsplanen min.

Greitt.
Men det er noko som eg må finne tilbake på.
Kanskje noko har blitt borte undervegs, i løpet av åra?
Det kan ikkje vera at eg er kronisk nedstemt, til dette så har eg altfor gode dagar når dagane er gode.

Eg har tenkt at eg skal vente med å melde meg på til neste konkurranse til eg er sikker på at eg er klar for den, mentalt.
Slik som det var før.
Eg fann ein gamal kalender frå 2008, der eg skreiv ned treninga mi.
Der var det masse plass til trening og konkurransar. Både løp og triatlon!

For motivasjonen min for å trene er fortsatt der.
Eg lurte litt på om eg hadde mista lysten til å drive med triatlon, men det har eg defintivt ikkje.
I dag var eg ute på temposykkelen, og kosa meg i varmen, sykla ein roleg tur, og svømte på ein av yndlingsplassane mine.

Og da var det faktisk noko godt eg kjente:
Energi.
På den vesle plassen, i sommervarmen, ved elva, i solskinnet, med lyden av bittesmå bølger, bittesmå stryk (som forresten var ganse sterke og utfordrande å svømme i!) så kjente eg noko energi.
Eg kunne ha sitte der i timesvis, og berre vore til.

Kosa meg.
Litt energi fekk eg der og da.
Til tross for at eg var ganske sulten sidan eg hadde hoppa over lunsjen.
Og sykla i sterk motvind.
Og var støl frå styrketreninga dagen før.
Osv.

Så nå skal eg leite litt.
Etter livskraft, og balanse.
Gjenopprette noko som har gått i stykke undervegs, pleie område i livet som har blitt forsømt.

Eg har funne fram igjen boka "Fit Soul Fit Body", for det den handlar om, har eg tru på.
Skrive av Mark Allen (Ironman World Champion) og Brant Secunda (healer, shaman, Huichol, dvs frå Mexiko).

Den nevner livskraften, som dei kallar kupuri, eller life force.
"Our goal is to obtain or gather kupuri from our environment an charge ourselves up with this natural life energy." (sitat frå boka s.29).

Ja livsenergi, det er dette eg treng!
Da får eg berre begynne å sjå meg rundt etter denne livsenergien...

4 kommentarer:

  1. Anonym9/7/14

    Jeg heier på deg, stå på! :-)

    SvarSlett
  2. Sender deg en god klem.....
    Livet er ikke alltid rett frem. Følelser og tanker kan slå kraftig ut i fysisk kraft - det vet du alt om. Det kommer flere muligheter, det kommer mange nye og gode opplevelser for deg. Slik er det. Legg alt dette bak deg - gå videre. Du har vært, og ER en stor inspirasjon for meg - på flere plan. Tusen takk! Og nettopp fordi du deler av hverdagene dine, oppturer og nedturer, så blir du en person man kan relatere seg til. Ny kurs, Imke - mot andre opplevelser <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for så gode ord, Janne!

      På mange måtar har eg trøsta meg litt med at du kom deg til Haugesund, og hadden DEN flotte opplevelsen, og kom eg i mål med eit smil og ei bra tid!
      Det var kjekt at eg kunne sende deg litt ekstra råd og tips, for då var eg littegrann der eg også ;)


      Ja eg har nå lagt det bak meg, sjølv om eg også ha det litt i bakhodet. Med tanke på: passar denne konkurransen? MÅ eg dit? Kva er alternativ osv. Også fordi når ressursane er begrensa, så kan det vera lurt å bestemme seg 100% og ikkje la nokontin kome i vegen.
      Eg har hatt lyst på fleire konkurransar nå også, men skal det heller sjå an.
      Eg trur at det var turen til Tyskland så kort tid før Haugesund som kort litt i vegen og tappa meg, men det kunne eg ikkje vite på førehand.

      Godt at du synst det er ok med oppturar og nedturar, for det kan vera lite lystig lesing til tider når eg skriv rett frå sjela.

      Men så håpar eg at nokon der ute blir inspirert og fattar mot av dette.
      Det er mykje ein kan få til også når livet er alt anna enn rett fram.
      Så eg set kjempestor pris på kommentarane dine.

      Ha ein fortsatt god sommar! :) ♥

      Slett