14. juli 2014

That which does not kill us makes us stronger.

Eg er vel eigentleg ikkje den største fan av slike ordtak som skal inspirere, men det finst dei som er betre enn andre.
Og alt til sin tid, ikkje sant?
Så den her passar bra for tida.



DNS i Haugesund har ikkje tatt livet av meg.
Men eg kan ikkje kan nekte for at at slike mørker tankar har dukka opp.
Men det er ein del av min kvardag med ein kronisk sjukdom.
Sorry.
Det er eit tabu-tema, eg veit.
Men det burde ikkje vera det.
La meg berre sei så mykje som at det går an å leve med "kronisk suicidalitet" dvs, tankar om sjølvmord som stadig dukkar opp att, spesielt i krisar.

Til stadighet.
Det handlar ikkje om depresjon.
Det er berre "feil" tankar som har etablert seg.
Heldigvis så er tankar ikkje handling, derfor går det stort sett bra med folk som lidar av dette (kronisk suicidalitet).

Men nok om eit slikt mørkt tema.
Eg reiste ned til legevakta i går for tankane var heilt uuthaldeleg og eg var rett og slett utmatta og trengte noko å ta vare på meg.
Det var ei snill sjukepleiar som eg prata med.
Det er nemleg som oftast best med omsorg og ein god prat, og fagkompetansen til ein lege er ikkje så viktig eigentleg.
Sjølv om turnuslegen stakk innom også, og sidan han var så ung og kjekk og bekymra og hadde tid til å lytte, så prata eg med han også.

Me kom til å snakke om trening også, og han var imponert over mine tidlegare bragder i triatlon. At At eg kunne kråle. For han fekk ikkje puste nemleg, når han prøver.
Om eg løp kvar dag.
Nei da.
Me snakka om mykje forskjellig, og sjukepleiaren fekk litt tid til å ordne med ting også, og etter over halvannan time så var hodet på plass att.

Så, har eg blitt sterkare av dette?

Eg har hatt ein slik episode før i år, så ja, på eit vis, så blir eg sterkare og tryggare på at eg kjem meg ut av det heile, uskadd. Men at det er godt med hjelp iblant, er sikkert og visst.
Eg likar å klare meg sjølv, men i ein del tilfelle er det lurt med litt hjelp utanfrå.

Eigentleg var poenget med innlegget å skrive om at eg fortsatt er i gang med trening, om enn mindre målretta, og at eg ikkje har gitt opp konkurransar og fortsatt har lyst til å stille i triatlonkonkurransar, og er blitt meir bevisst på kva som skal til for at det skal klaffe.
Frå 2011. Kva skal til for å få ein slik?
Så nå kosar eg meg med trening etter innfallsmetoden, dvs eg gjer det eg likar, i den intensiteten eg føler for, å lenge eg har lyst, på den måten som passar meg best, og so ofte det fallar meg inn.

Nå som eg ikkje har noko konkret mål å trene for, så har eg dette luksusproblemet at eg har lyst til å gjera alt.
Det er sommar og vanntemperaturen er god, så eg har lyst til å svømme.

Men det er jo så nydeleg i skogen nå, så eg har også lyst til å sykle i terrenget.
Og så er det jo deileg å jogge ein tur på kvelden?
Samtidig som det er herleg å suse avgarde på temposykkelen?
Og eg ser til og med fram til å løfte vekter, fordi eg kjenner at kroppen min har så godt av det.

Sånn, slik er det hos meg.
Mørke og lyset er alltid veldig nærme kvarandre.
Det går opp og ned, som hos folk flest, berre at det går djupare ned hos meg, og litt fortare, og litt oftare.
Reine berg-og-dal-bane.
Men det går an å leve med.
I dag er det "stille etter stormen".
Ikkje så ille det eigenteg...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar