17. juli 2014

Keep calm and go swimming

...and biking and running...

Etter det litt dystre forrige innlegg er det virkeleg på tide med litt blå himmel og solskinn.
Eg brukar fysisk aktivitet til det den er god for: avkobling, nedstressing, kvitte meg med frustrasjon, kome ut i frisk luft og nyte det fine landskapet her i Telemark.
Dette er for ein gong skyld ikkje Seljordsvatnet ;)
Nervene er dessverre fortsatt tynnslitne, det er ganske utruleg eigentleg kor lite eg toler av psykiske påkjenningar for tida. Støy, uregelmessighet på rekningar, viktiger beskjeder som eg skulle ha fått,  men ikkje får, osv, set meg heilt ut.

Fysisk derimot, er det heilt topp.
Eg har kanskje i utgangspunkt ikkje så voldsamt med energi, men når eg først set meg på sykkelsetet, ja da kan motbakkane berre koma!

Eg har ikkje fått "trent" så mykje dei siste dagane, men kome meg ut i vatnet, løpt og sykla litt. Akkurat slik det passar meg, og det er ganske bra.
Tysdagskveld fekk eg berre nok. Sliten og i ulaget, sint og fortvila og frustrert.
Så eg sat meg på sykkelen og sykla avgarde.
Sola var i ferd med å gå ned.
Eg rakk akkurat eit par solstrålar før dei forsvann bak Hattefjell og Skorve (Hattefjell er den vesle toppen til venstre, og Skorve den store på høgre på bildet).
Så eg stoppa sykkelturen, fann meg ei lita brygga og prøva å roa meg ned med lyd av bølgeskvulp og fjern måkeskrik (me er ikkje spesielt plaga av måker her. Det er ein liten gjeng her, men den held seg ut på vatnet).

Eg kjente på vatnet.
Det var såå varmt!
Eg hadde ikkje med svømmebriller eller -hette eller handkle, men dette var for bra. Så eg kom meg uti vatn iført sportsBH og triatlonbukse.
Og det var HEILT NYDELEG å svømme utan våtdrakt! Det er så godt å kjenne vatnet rundt på kroppen, synst eg.
Eg får veldig lyst til å bli vant til å svømme utan våtdrakt, og kanskje med todelt svømmetøy, slik at vatnet kjennest enda bedre...

I går kom "krisen" tidleg på dagen, og alt før eg var ferdig med frukosten. Før første kaffekoppen (men da er ein jo veldig sårbar, ikkje sant. Altså hallo, eg meiner FØR kaffen??), så kjente eg at eg måtte koma meg ut. Før lunsj helst. FØR eg blei eit nervevrak.
Så eg satte meg på sykkelen.
Avgarde.
Fort.
Eg sykla til Kviteseid.
Kviteseit sentrum, nærmare sagt. Det ligg 17km frå Seljord, inkl. ca 400m stigning. Ein fin lang bakke å sykle på.


I sentrum i Kviteseid er det fint. Mange kvitmåla hus, brygge der kanalbåtane legg til, turistar som kosar seg med niste og is...
Eg sat meg på ein benk saman med to "langdistansesyklistar" dvs, eit ektepar frå Nederland som hadde sykla hit heilt frå Kjøbenhavn. Dei meinte at den lange bakken frå Seljord hit hadde fin stigning, jamn og fin.
Sprekingar, og dei var nok mellom 60 og 70år gamle, og kosa seg på sykkeltur!
Flytebrygge, varmt solskinn og bølgeskvulp. Nydeleg!
Då nederlendarane hadde kome seg vidare, sat eg meg ned på brygga.
Det var nydeleg vêr, det blåste kraftig, men likevel, det var ganske varmt. Eg kjenner at eg hentar masse energi av bølgeskvulp og vatn, så å sitte på ei gyngande flytebrygge er balsam for sjela!
Søvndyssande var det. Herleg.
Inspirert av desse to spreke syklistar tok eg sykkelen og sykla vidare eit stykke, retning Vrådal. Her er det småkupert, men landskapet er så fint at det ikkje blir så tungt å sykle eigentleg.
Det er jo nydeleg i Vest-Telemark!
Dette er Kviteseidvatnet, mellom Kviteseid og Vrådal. 
Sjølv om vanntemperaturen i sentrum var aldeles nydeleg, og det til og med var stupetårn på flytebrygga, så ville eg heller finne meg ein strand for å bade.
Og den fann eg.
På andre sida av Kviteseidbrui.
Det er jo så sjarmerande med skilt på dialekt. "Brui" liksom. Søtt :)
For ein fin strand eg fann meg. Klart vatn, familiar med små og store barn, og god plass til å brette ut det "innbilte" handkleet mitt. Triatletar skiftar jo fortast mogleg frå svømming til sykling, så handkle treng me ikkje!
I Kviteseidvatnet er det ein heilt annan farge enn i Seljordsvatnet.
Meir turkisgrønt enn honningfarga.
Her var vatnet kaldare enn i sentrum.
Og ei ung mamma med sine små barn kunne bekrefte at her var det kaldare pga strømmingar i vatnet.
Og det kjente eg godt mens eg svømte langs stranda, for plutsleg var det som om det var ein strøm av skikkeleg ISkaldt vatn eg svømte igjennom. Og plutseleg var det varmt igjen. Artig!

Ja eg hadde tatt på meg speedooverdelen under tritoppen, sånn i tilfelle eg skulle bade. Det er så  nydeleg å kjenne vatnet på magen når ein svømmer!
Er ikkje så lett å fange riktig farge under vatn.
Det var lysare eigentleg.
Men eg hadde berre med mobilen min,
så den fekk halde (og det gjorde den også).
Eg svømte 5-10minutter, og varma meg opp på stranda etterpå.
Sanden var såå deileg varm.
Igjen, så kunne eg gjerne ha lagt meg ned og sova.
Eit par jenter var veldig interessert i kva eg heldt på med.
Rosa 2XU-bukse + lilla svømmetopp, rosa svømmebriller og -hette gjer susen trur eg :D
Eg hadde pakka med svømmeutstyret mitt: svømmebriller og -hette.
Får fint plass i den vesle bagen bak sykkelsetet!
Etter bading så sykla vidare, med berre tribukse og speedotoppen, for nå skulle den lange motbakken opp mot E134 tas, og da blir ein fort nok varm!

Først litt "oppvarming" på 4km, så den 5km lange motbakken frå Kviteseid sentrum og opp. Det er ein fin bakke, ein får fin utsikt på venstre sida, og det er ikkje altfor mykje trafikk. Bakken er også passe lang.
Då eg hadde kome meg opp bakken til Brunkeberg (det veit de sikkert kor er hen, så eg skal ikkje forklare det :D), så fekk eg meg ein velfortent skrytepause hos ein kompis og vennene hans, tøffe guttar som dreiv og å skrudde på bilar og tok seg ein øl i varmen, og dei synst berre det var råtøft av meg at eg sykla "så langt" (og så bratt).
Kjekt :)

Med så mange pausar, så blei det nettosykkeltid på litt over to timar for dei 42km, mens eg totalt hadde vore ute frå 12:30 til 16:30, altså ein tur på fire timar!
Ein time lunsj og soling i Kviteseid, ein halv times bading og strandliv, ein time med gode venner og litt sykling på rosa temposykkel i solskinn.
Det funkar for meg ;)

4 kommentarer:

  1. Hvis ikke DU ble i bedre humør av den turen, så ble ihvertfall JEG i godt humør av å LESE om den turen din :)
    Håper du snart føler deg litt bedre, selv uten å måtte ty til trening for å bli i godt humør (ikke at dét er dumt altså, å trene). Jeg føler så med deg når jeg leser her at du ikke har det så bra om dagen...

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Guro!
      Godt at du blei i godt humør av turen, for det blei eg også!
      (Og ev nevnde ikkje ein gong at eg hadde mista bankkortet mitt på vegen, gjorde eg det??? Fekk sperra det med det same, takk og pris for mobil og internett og dekning osv, er jo berre å ta ein tlf, så ordna det seg).

      Det er litt gøy nå når eg ikkje trenar målretta fram til ein konkurranse, for da er det heilt greitt å dele opp ein sykkeltur i fire bitar med innlagt bading.
      Og når sommaren er så deileg som den er, så er bading viktigare enn ei treningsøkt fullført til punkt og prikke, synst eg!

      Eg har lurt litt på om Yoga er noko for meg. I følge ei venninne som driv med triatlon og yoga hadde det passa ypperleg.
      Og da snakkar med jo ikkje om høgintens aktivitet.

      Bading, båtturar alt som har med vatn å gjera får meg i godt humør, så der har eg mykje å hente.
      For det er som du seier: det er jo ikkje dumt å trene for å koma i godt humør. Men det er jo kjekt med alternativ som ikkje inneber 4mil sykling eller ein time løpetur ;)

      Ha ein fortsatt fin dag! Nyt sommaren! Den er sikkert nydeleg på Jæren :)

      Slett
    2. Yoga er sikkert en super form for alternativ trening, selv om den ikke er særlig høyintensiv. Men hvem har sagt at trening alltid må være med høy puls? :)
      Jeg forsøkte meg på yoga en gang, men fikk det ikke helt til. Det var riktignok på Elixia, så det var kanskje ikke den beste plassen for en som aldri har gjort sånt før, å prøve det ut for første gang. Burde nok heller gått på et sted som var mer "bare yoga timer", så hadde det nok vært lettere å få hjelp til øvelsene også ;)

      Ja, så lenge du driver med noe fysisk (altså alt annet enn å ligge på sofaen eller på solsengen, hihi...) så kan vi vel si at det kan kalles for trening? Eller iallefall "fysisk aktivitet". Det var det jeg lærte da jeg gikk på det treningskontakt-kurset tidligere.
      Så alt du blir glad av synes jeg du skal gjøre mer av! :)

      Håper du får en fin somme videre du og Imke. Og at du slipper å ha det så tungt fremover :)

      Slett
    3. Poenget med Yoga for meg må bli at det er lågintens aktivitet som eg gjer aleine (eller med andre, men det er ikkje å gå tur med Lukas, der eg må ha fokus på han).
      Dei seier at forskjellen mellom trening og mosjon er at trening er målretta (det har ei meining med at du skal forbedre kondis, styrke eller noko anna), mens mosjon er meir ustrukturert, men begge delar er fysisk aktivitet.

      Eg har i alle fall godt av fysisk aktivitet, har alltid likt det.
      Men det kan vera lurt for meg å gjera plass til mindre intensive aktivitetar, sidan stressnivået mitt er ganske kronisk høg.
      Og der er det jo MASSE ein kan gjera, spesielt om sommaren (eg elskar å bade, kunne tenkt meg å padle, turar i skogen, plukke bær, fotografere osv).

      Ha ein fortsatt fin sommar du også, Guro! :)

      Slett