10. juni 2014

Svømmehud via internett.

"Your order has been placed".
Høyrest det velkjent ut?

Eg likar nettshopping, eg må jo berre innrømme det.
Etter at eg for mange år kvitta meg med skepsisen ovanfor netthandel, så har det sidan berre vore positivt.
Det har strømma inn mykje treningsutstyr i posten gjennom åra.
Med eit tastetrykk så har du plutseleg bestilt!
Klart, du kan bomme på størrelse.
Plagget eller skoene kan vera heilt annleis enn dei ser ut på bilder.
Men eg tek no gjerne ein sjans.
Delvis fordi eg synst det er spennande, og likar litt av denne uskyldige spenninga i kvardagen, og delvis fordi eg rett og slett bur for langt unna butikkar som har det sortimentet av utstyret eg treng.
Eg trivst med å bu på bygda.
Så lenge eg har internet får eg jo tak i det meste som ellers er litt utanfor rekkevidde...
Eg er også kravstor når det gjeld kundeservice og rådgiving.
Før eg kjøper meg noko nytt, så har eg som regel gjort grundig research.
Lest utstyrstestar opp og ned (i alle fall på dyrare utstyr), gjort samalikningar med alternative produkt, lest om materialet osv.
Så sjølv om eg også set pris på å handle utstyr i ein fysisk butikk så likar eg ikkje når eg møter ein kundebehandlar i butikken som fortel meg ting eg alt veit : "Da treng du nøytrale løpesko" "Da har du størrelse 38-39" eller ting som ikkje stemmar: "du burde ha høge fjellsko og ikkje låge"
Blir eg ikkje høyrt, mistar eg lysten til å handle.
Enkelt og greitt.
Viss noko prøver å selge meg noko eg ikkje har tru på -
då mistar eg lysten - ja då ser eg kanskje slik ut
(sjølv om eg hadde det moro på bildet - var berre veldig fokusert :D)
Internettshopping har stort sett gått greitt.
Klart eg har bomma med størrelsen innimellom.
Men da er det jo berre å anten sende skoene tilbake, eller selge vidare.
Ei sprek venninne og dattera hennes har same skostørrelse som meg og har tatt imot både terrengløpesko og adidasløpetights (kva er det med adidas og dei små størrelsane deira???).
Riktig temposykkel i riktig størrelse, og utan ein einaste skramme, kom i posten heilt frå Storbritannia, så den blei ikkje bytta!

Ifjor bestilte eg meg ny våtdrakt frå Sailfish.
Sidan eg hadde prøvd modellar frå Sailfish før, hadde eg tru på at den ville passe. Og jo, den passa bra, men akk nei, så lang den var i ryggen? Den tok til og med inn vatn når eg svømte.
Sukk...
Ok, ein SER at det er for mykje materiale øverst.
Bildet er frå i fjor.
Sidan Sailfishdrakta er laga av så bra materiale, og utruleg fin, så sat det langt inne å selge den.
Men så blei eg kjent med ei førstegongstriatletjente på Bøsprinten som kanskje kunne tenkt seg å prøve drakta (kan hende eg bidro litt til at ho til slutt skjønte at ho trengte ei våtdrakt - ehem), og eg var ganske sikker på at den fine Sailfishdrakta mi ville passe henne bra.

Som tenkt, så gjort, så for eit par-tre veker sidan blei drakta pakka ned i ei eske og sendt nedover i fylket. Ha det, gode Sailfishdrakta mi...!
Og nå kan den glede seg til mange svømmeturar nå, for den passa visst godt og jenta er fornøydd!
(Etter samtale med kundeservice frå Sailfish blei eg forresten fortald at denne Vibrantmodellen frå 2013 var ekstra lang i ryggen - det har dei endra igjen frå 2014 av).

I dag så bestilte eg meg altså ny våtdrakt.
Eller, eigentleg så er det strengt tatt ingen våtdrakt, men ei svømmehud - eit "swimskin".
Det betyr at den er mest laga for svømmarar som ikkje treng ekstra oppdrift i form av tjukk neopren, og heller ikkje isolasjonen som du får frå det tjukkare materialet i ei vanleg våtdrakt.
Etter forsiktig råd frå Sailfishkundeservice valgte eg meg også ein størrelse mindre (skummelt!!).
Den ser nå bra ut. Men alt frå Sailfish ser bra ut.
Er så spent om den passar bra også!
Eit "swimskin" er også meir fleksibelt og skal gje større bevegelighet i skuldrane, og det er akkurat dette eg er ut etter.
Svømmehud på engelsk heiter nok "webbing". Bra for andungen,
veit ikkje korleis den hadde sett ut med våtdrakt på :D
Triatlonvåtdrakter som er laga for "gode" svømmarar er som regel såpass dyre (4-6000kr) at eg aldri har vurdert å spare til ei slik drakt eingong.
Men nå blir det altså "svømmehud".
Eg har faktisk eit "swimskin" frå før, frå Aqua Sphere. Utan armar.
Super behageleg å ha på og svømme i,
men den tek inn vatn øverst,
og eignar seg derfor lite til å svømme konkurranse
(den er visst også for lang i ryggen for meg, jaja, størrelse small)
Vêret er for tida nydeleg over det heile landet (trur eg i alle fall, sorry dikkøn som har dårleg vêr, men uttrykket "over det heile landet" er berre så bra :D) og eg er littegrann i pre-race modus, det er nå berre ein månad igjen til IM 70.3 Haugesund, og eg kjenner at eg heng litt etter med treninga mi.

Eg skulle forlengst hatt fleire lengre sykkelturar.
Og løpeturar.
Pinsesundagen blei det ein løpetur på 15km, og det kjendte eg godt i låra dagen etterpå, spesielt sidan eg ikkje tok det så roleg som planlagt.

Eg snudde her. Neste gong løper eg kanskje enda litt lengre.
Jepp. Kanskje når eg ikkje har blemme under foten?
Men moro var det.
Eg kosa meg.
Motivasjonen er god, og vêret er bra.
Solskinnet inviterar til trening, for min del.
Snart må eg vel også få teste vanntemperaturen her og sjekke om sjøormen har kome seg godt gjennom vinteren...
Og så må eg fikse blemme. Stoor blemme. Fytti.
Føtane mine er visst ikkje lenger vant til å løpe 15km i varmen...

2 kommentarer:

  1. Netthandel er enkelt og greit. Kjøper kun på nett og får alt fra 30-50 % lavere pris på samme vare. Forøvrig er jeg løpeavhengig, men har snust litt på svømming og syklet en del. Det blir mest løping i skogen. Det er morsomt å lese innleggene dine. Lykke til med videre med trening og konkurranser. :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det!
      Og tusen takk for fint kompliment!
      Eg veit jo at innlegga mine kan fort bli litt lange, så eg prøver å skrive så underhaldande som eg kan, så det er bra at du synst det er morsamt å lese dei :)

      Ja eg seier nå takk og pris for netthandel, eg hadde neppe hatt råd til å kjøpe alt utstyret mitt til originalpris.
      Innimellom derimot støtter eg den lokale sportsbutikken, dei gir meg litt rabatt, og eg bur på ein liten plass, så då kjennest det riktig å betale litt ekstra.

      Ja det er berre å snuse på svømming og sykling. Det er fin alternativ trening til langdistanseløping.
      Blir spennande å sjå om du finn på noko meir der da ;)

      Ha god trening vidare du også!

      Slett