5. juni 2014

Om å møte veggen (klatreveggen).

I tillegg til all triatlontrening dette året har eg tenkt meg som eit slags nyttårsforsett å prøve ut minst éin ny type sport - eller ein type idrett som eg ikkje driv med "eigentleg".

Då eg studera i Tyskland budde eg i Rostock, og der var det eit kjempetilbud av studentidrettar å boltre seg i. Heilt gratis. For meg blei det padling og klatring, og mens det ikkje skjedde så mykje padling om vinteren, så blei eg ganske ivrig til å klatre innandørs heile året.
Som folk flest som driv med klatring blei eg fort veldig ivrig og engasjert.
I motsetning til kondisprega idrett så trur eg at ein som nybegynner opplever ein ekstremt bratt stigande meistringskurve i klatring. I tillegg til å klare å klatre opp sjølve veggen er ein også nødd til å lære grunnleggande sikringsteknikkar og knuter osv, slik at klatring i starten er ei fin blanding av teknikk, praksis og teori, kroppsbeherskelse, overvinning av eventuelle frykter (høgde, vil tauet virkeleg tåle eit fall, osv).
Ja, det er nok kjekt med energi når ein klatrar også. 
Eg klatra aktivt i to år, to gonger i veka, og blei veldig hekta.
Etter flytting blei det litt av og på med klatringa, mest fordi eg dreiv med redningshundtrening og studier igjen som tok mesteparten av tida.
Så oppdaga broren min fascinasjonen ved klatring, og sidan han bur i nærheten av München ikkje langt unna  Alpene, så blei også han bitt av klatrebasillen.
I motsetning til meg så likar han best å klatre ute, og gjerne over fleire taulengder over lengre og høgare veggar. Eg synst det er moro med sportsklatring inne, eg da.
Klatreveggar innandørs, i klatresenteret i Landshut.
Det ser moro ut!
Nå under besøket mitt hos han siste helg, kunne han sjølvsagt ikkje droppe den ukentlege klatringa med klatrepartnaren sin (du treng jo alltid ein annan person på bakken for å sikre deg når du klatrar), og då blei eg med til klatrehallen.
I anledning hadde eg kjøpt meg ny klatresele på førehand (min gamle var faktisk blitt 20år gamal!!!), mens mine gamle klatresko skulle få æren til å bli med på vertikale eventyr igjen.
"The Petzl Luna Harness is a girl's best friend"
---> jada, sånn sett bort frå sykkelen da :D
Landshut har eit ganske nytt klatresenter (Kletterzentrum Landshut). Med høge veggar (15m) både inne og ute, og bouldreveggar. Det som eg likte godt, var at det gjekk an å klatre ute. Det var jo super fint sommarvêr, så det var godt å kunne klatre ute.
Så nydeleg å kunne klatre ute på kunstig vegg. Synst eg da :D
Dette er også frå klatresenteret i Landshut.
Eg må innrømme at det var dagen før avreisa heim att, og eg hadde blitt sliten etter mange dagar hos broren min, og fått heimlengsel. Eg hadde møtt mange nye mennesker heile tida, brukte heile to dagar til å venne meg til å snakke tysk, og lengta etter Lukas og Telemark. Eg  heldt derfor på å droppe klatringa. Heldigvis så gjorde eg ikkje det (som niesa mi Anna (nydelege 14år og nykonfirmert) sa til meg "Du blir meir vaken av å klatre." Klok jente♥og god til å klatre er ho også).

I anledning hadde broren min beordra ein annan klatrekompis til å koma også, for denne var  "gamal/ex-" triatlet som hadde begynt med klatring som felles aktivitet med sønnen sin. Ein annan klatrekompis hadde tatt med dottera si, så me var ein koseleg liten gjeng.
Mens broren min tok seg av jenta og instruerte henne (han er utdanna klatreinstruktør frå den tyske alpeforeninga, DAV), blei eg godt tatt vare på av dei andre to gutta.
Horst klatrar opp den grøne ruta.
Han klatrar i led, dvs han er sikra nedanfrå, og heng tauet i
sikringane mens han klatrar oppover
(Mens eg alltid var sikra ovanfrå, sjå lenger nede for forklaring).
Det var kjekt med å få oppfriskning av gamle kunnskapar, for sjølv om teknikken i armer og bein var på plass att med ein gong, så var hodet mitt ikkje med i det heile tatt. Eg har da også offisielt innført begrepet "teflonhjerne" i Sør-Tyskland for å forklare tilstanden min :D
Dei var så flinke til å vise meg nye sikringsknuter osv, men eg heldt eg meg til den gode gamle åttetallsknuta, som er ein klassikar og som eg lærte meg utanatt i blinde i gamle dagar, så den blir nok aldri sletta frå hukommelsen!
Åttetallsknuta.
Eg avstod frå å sikre ein klatrar sjølv, sidan eg eigentleg både var sliten, kvalm, sulten og hadde hodepine (eg møtte faktisk veggen der, både bokstaveleg talt, og i overført betydning).
Men å klatre mens eg var sikra i topptau var moro!
Det finst forskjellige ruter å klatre opp, som er merka med forskjellig vanskelighetsgrad.
Dei lette rutene har gjerne store, gode klatretak me liten avstand imellom, mens dei vanskelegare har mindre klatretak som har større avstand, og som krev meir planlegging og bedre teknikk.
Klatretak finst i mange størrelsar, fargar og fasongar.
Den først ruta eg klatra hadde grad 5 (på UIAA-skalaen, sjekk her for forklaring, heldigvis brukar me same skala her i Norge) og det gjekk fint, sjølv om hodet mitt enno ikkje var skrudd på.

Men - er du sikra ovanfrå, så er klatring veldig sikker. Sikrare enn sykling. Du heng i tauet i klatresela, og skulle du mista taket, så "fallar" du kanskje 50cm (noko som er mindre enn om du snublar over ei trerot i skogen og ramlar).
Stort sett så klatra mine klatrekameratar Horst og Martin først, og klatra i "led" (dvs dei festa tauet i sikringsslyngene undervegs på veg opp) mens eg klatra på topptau etterpå, dvs. sikra i tauet ovanfrå.
Forskjell mellom "klatring på led" og "klatring på topptau". 
Eg kom godt overeins med desse to karane, og det er bra, for det er viktig når du klatrar, både for opplevelsens skyld, men også fordi du skal kunne stole 100% på klatrekameraten din. Det er tross alt han/henne som sørger for at du kjem deg trygt både opp og ned. Me snakkar om ein klatrevegg som er 15m høg, tross alt!
Dette var min første rute eg klatra opp.
KULT ikkje sant?
Så klatra eg meg altså frå vanskelegheitsgrad 5 til 5+ og 6-, og fekk igjen skryt for mine gamle ferdighetar som blei vekt til live.
I tillegg så kjente eg kor mykje det hjelpar å ha veltrente triatletmuskulatur, og ikkje minst, så kjente eg effekten av min 5x5-styrketrening! Eg blei så og sei lite sliten av å innimellom henge litt i armane, det heile gjekk som ein drøm!
Eg fekk dessverre ikkje tatt eit einaste bilde av meg sjølv i klatreveggen, men men, det får halde med å vise fram klatreveggen for denne gongen da.

Eg fekk god bruk for det gode gamle triatlonmottoet frå Tvedestrand Triatlon: "The faster you run, the faster you're done." Det funka for meg også for klatring: kjem eg meg fort raskt nok til toppen av veggen, blir ikkje armane så sliten ;)
Karane rista litt på hodet av dette  :D
Eg teikna inn to av rutene mine. Moro å nå opp til taket!
Det var skikkeleg moro å klatre igjen, og det gav heilt klart meirsmak.
Her i Vest-Telemark finst det eit par større og internasjonalt kjente klatreområde, i Nissedal og Fyresdal, og også eit aktivt klatremiljø i Midt-Telemark i Bø. Så kanskje skal eg også klatre litt ute etterkvart, når triatlonkonkurransesesongen er over?

Enn så lenge kosar eg meg med at eg enda ein gong greidde å ikkja la det slitne hodet i teflonmodus koma i vegen for at eg kan vera aktiv.
Klatring er dessutan noko som eg trur me som menneske er i utgangspunktet "skapt for", akkurat som løping/rask gange, sidan det sikkert gav større overlevingssjansar i riktig gamle (steinalder-)dagar.
Så da er det kanskje ikkje så rart at ein fort blir hekta når ein startar med klatring?

For meg har dette møtet med veggen i alle fall ført til enda større motivasjon for å fortsette med styrketrening. For det nyttar! Frihetsfølelse både horisontalt, på beina, sykkelen og i vatn, og vertikalt oppover i klatreveggen, det er luksus.
Eg er jammen takknemleg for at eg har den kroppen eg har, og at eg kan bruke den!

(Og har alt ein god idé om kva slags "ny sport" eg skal finne på til sommaren - la meg sei så mykje at denne er såpass eksotisk at den IKKJE finst på Endomondo sitt utvalg :D)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar