26. juni 2014

Når alarmen går - "Å leve med en overaktiv røykvarsler"

Tittelen har eg berre lånt.* Den passa så bra.
Den beskriv tilværelsen min veldig bra nemleg.

Me har alle ein slags innebygd røykvarslar. Ein alarmsentral, om ein vil.
I hjernen.
Den ligg i eit område i hjernen, i det limbiske systemet (også omtalt som "pattedyrhjernen").
Og den heiter amygdala ("mandelhjernen").
Det er hjernens røykvarsler.
Den oppfattar trusselsignalar.

Er det stor fare, fare for livet, er det veldig nyttig, for då kjem heile den kroppslege reaksjonen med det same: høg puls, økt fokus, klar for kamp eller flukt, osv (og det er ein annan del i hjernen, nemleg hjernestammen, "reptilhjernen" som har ansvar for).

Er det mindre fare, så er det ein annan del i hjernen (i hjernebarken) som vurderar: Er det grunn til å reagere? Slik at den kroppslege reaksjonen eventuelt uteblir ("Det var ingen hoggorm, berre ein rar pinne.").

Hos meg (og mennesker med same diagnose eller problematikk) så er denne røykvarsleren, amygdalaen, hyperaktiv. Dessutan er det så å seie lite kommunikasjon mellom denne og hjernebarken - den gjer stort sett som den vil (dette fenomenet blir også kalla for "amygdala hijack" - amygdalaen kaprar heile hjernen, så då eg i eit av mine siste innlegg skreiv av hjernen "køddar med meg", så var det i grunnen ikkje så dum omskriving - men det er berre ein liten del av hjernen da. Det er amygdalaen som køddar med resten av hjernen).

Dette opplevar eg altså gang på gang på gang.
Og det er rimeleg frustrerande.
Og slitsamt.
Det er også slik at når alarmen først har gått, er den vanskeleg å "slå den av".
Heile kroppen er i alarmberedskap. 
Og den er mistenksam. 
Kan jo hende at trusselen dukkar opp igjen?

Når "trusslane" er av psykologisk natur, så er det vanskeleg å avreagere - det er lettare å finne ut at pinnen ikkje var ein hoggorm likevel - pust ut og gå vidare. Men kva gjer du med ein psykologisk trussel som ikkje går over?.

I går så var det ein slik dag der alarmen gjekk.
Det var ingen konkret situasjon, men fleire faktorer som spela saman, så var terskelen nådd, og alarmen utløyst, og eg blei stressa, sliten, aggressiv, tenkte ikkje lenger klart, eg orka ikkje, alt blei for mykje, eg blei kvalm, fekk sjølvdestruktive tankar...
Det at eg skal til Haugesund spelar nok litt inn der, eg er anspent, og stressa.

Igår var det sommarfest på senteret, og sjølv om eg hadde mest lyst til å grave meg ned så skrapa eg saman den siste resten av fornuft og kom meg dit (eg gravde meg også ned i dyner og tepper og puter først, og det roa meg littegrann ned, men dette orkar eg eigentleg heller ikkje - det kan hjelpe å koma seg ut - verre kunne det ikkje bli eigentleg).
Sommarfesten i går.
Sommarfesten var fin, den, og eg fekk ein pause frå meg sjølv.
Men pussig nok, så var det som alarmen berre var "sett på vent". Snooze-button liksom.
Eg kom meg heim etter festen og tok ein luftetur med Lukas.
Og da snakkar med om tur i rusletempo. Men likevel, sjølv om eg prøva å ta det med ro, så var pulsen skyhøg, og eg hadde pusteproblem, og hjartet var i utakt - eg hadde berre lyst til å grine.
Det er godt eg har Lukas som selskap.
Og då eg hadde kome heime etter rusleturen, som altså berre varte i ein halv time, så var eg så sliten at eg omtrent ikkje visste kor eg var hen.
Og eg var altfor stressa til å sova.
Altfor stressa.
Kroppen var fortsatt i alarmberedskap.
Eg angra at eg ikkje hadde tatt turen til legevakta. 
Der er det nemleg nokre flinke sjukepleiarar som greier å roe ned eit kaotisk hode.
Det tok lang tid før eg sovnar.
Dei timene fram til kl.02. blei hodet mitt fullt av tankar om å slutte å trene, kvitte med meg Lukas, kansellere alle konkurransar i framtida, kutte kontakt med alle venner, og verre sjølvdestruktive tankar som ville gjera slutt på tilværelsen slik eg kjenner den.

Heldigvis, så sovna eg. Utmatta. Resignert.
Med tanken i hodet om at eg drit i kva som skjer vidare.
Og pussig nok, så gjekk pulsen ned.
Eg sovna.

I dag så er eg sliten etter i går, og eg tek det med ro.
Eg har eigentleg lyst til å skrive om våtdrakt og nye svømmebriller, men det er som eg får skrivesperre når eg ignorerar slike hendelser som i går.
Eg kallar jo ikkje bloggen "triatlonterapi" utan grunn (i staden for "super-sprek-og-glad-triatlet-som-er-full-av-energi-og-svømmer-sykler-og-løper-kvar-dag-og-lagar-deilege-matretter-på-fritida"-blogg).

Niks, her blir det opp-og-ned-turar.
Så, mens andre pleier formtoppen sin foran konkurransen i Haugesund (og ja, dette var eit planlagt innlegg hos meg også, men pytt pytt), så driv eg mine eigen vesle survival-camp...
Sykkelsko i sand. Det luktar triatlonterarapi her...


*Delar av innleggstittelen er lånt frå foreslesningsnotater"skrive av Psykiater Arild Steinsholt Jervell, og heile forelesningsnotat kan du lese viss du trykker her (er i PDF-format).

3 kommentarer:

  1. Æsj da, det høres ut som du har hatt en skikkelig "heisa-tur" den siste tiden/dagene. Håper du snart finner en indre ro igjen, som gjør at du ikke fortsetter med det stresset du har i hodet nå for tiden. Tipper det nok har litt med Haugesund-turen å gjøre ja...

    Men jeg skjønner godt hva du mener om at ting bare blir lagt litt "på vent". Du klarer å glemme problemene en liten stund, men straks du er tilbake til "det vanlige livet", så kommer kaoset også tilbake.

    Med ønske om en RIKTIG god helg, Imke. Jeg håper så inderlig at du får det, så du slipper å være så sliten (i hodet) hele tiden :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det Guro!

      Mykje av det eg beskriv her, er nok kronisk. Men det er forskjell mellom periodane også. Av og til er terskelen utruleg låg for at "alarmen blir utløyst", slik som for tida.
      Dessutan lærer eg meg teknikkar for å roe ned, stresse ned,og det blir nok eit livsprosjekt.

      Men det er jo greitt, alle har jo sin "pakke" å bere gjennom livet.

      Ha ei riktig god helg du også! :)

      Slett
  2. Vi har "snakket" om dette tidligere. Jeg kan kjenne meg igjen i en del av det du skriver. Jeg har også altfor ofte berg/dalbaner i egen hverdag. Utrolig slitsomt mentalt. Har vært på nesten samme sted som deg i et par uker nå..og føler at jeg er tilbake til scratch og lurer på om jeg i det hele tatt klarer å komme meg i mål neste søndag. Oppkjøring har blitt helt annerledes enn jeg hadde håpet (pga flere ting). Uansett....jeg ser frem til å møte deg, ingen av oss bør "ta seg sammen", vi kan snakke uten filter vettu! Ønsker deg gode dager frem til vi sees <3

    SvarSlett