12. juni 2014

Årets første våtdraktsskylling

Eigentleg så hadde eg tenkt å kalle innlegget for "Årets første utesvømming".
Så slo det meg at eg mest sannsynlegvis har eit innlegg med dette navnet kvart einaste år.
Det er jo ikkje så rart eigentleg, for kvart år må det jo bli den første gongen ein svømmer ute, ikkje sant?

Og sidan eg er så begeistra for svømming, er eg nødd til å blogge om det.
Etter utveksling av eit par meldingar seint i går kveld fann eg ut at eg ikkje var den einaste som hadde på programmet å skylle våtdrakta sånn rett før leggetid.
Kl.22 - triatletar rundt omkring er opptatt av å skylle og vaske treningstøyet sitt :D
Årets første våtdraktsskylling.
Det har seg slik at når du har brukt våtdrakta du så skal den skyllast i reint vatn.
Uansett om du har svømt i saltvann i havet, i klorert basseng, i ei møkkete elv eller eit fjellvatn av drikkevannskvalitet.
Sjølv om ein oppbevarar våtdrakta tørt og det dermed ikkje er grobunn for bakteriar teoretisk sett, så vil ei tørr møkkete våtdrakt med ein eim av klor eller tang og tare ikkje vera det du ønsker mest å ta på ved neste svømmeøkt.
Skyllinga in seg sjølv er alltid ei morsam affære:
Det sprutar, drypper, renn, og du kan eigentleg like godt vaske heile badet etterpå, viss du skyller våtdrakta inne, sidan alt blir vått med mindre du dusjar deg samtidig i dusjen. Meir praktisk er hageslangen ute. Men då får du spruta på deg ein god del iskaldt skyllevatn.
Jada, utesvømming er ikkje for pyser!
Men kanskje du er så elegant som katten her?
Då går sikkert skylling av våtdrakt som ein leik :D
Men nå - meir om gårsdagens første utesvømming.
Den kom brått på meg.
Etter tre-fire timar stillesittande lesing om kroppens karbohydrat- og fettmetabolisme så hadde eg planlagt ein lett joggetur og styrketrening.
Men - sånn blei det ikkje.
Eg overraska meg sjølv.
For plutseleg hadde eg dratt våtdrakta ut av skapet, stappa handkle, svømmebriller og svømmehette i ein sekk og forsikra Lukas om at "eg snart er tilbake - du må berre vente litt".

Det tordenvêret som YR hadde spådd kl.16.00 hadde stikke innom Seljord i form av to beskjedne tordenskrall, så eg følte meg ganske trygg på at solskinnet og varmen ville fortsette.
Dessutan hadde YR meldt om at vinden skulle dreie frå sør til nord-nordvest, og det betyr at alt det varme overflatevatnet ville bli blåst vekk igjen om kort tid!
Jepp. Det er slik eg vil ha det!
Best å sykle fort før det varme vatnet forsvinn!
Eg dundra gjennom skogen ned "kjærlighetsstien" (som ikkje viste seg særleg kjærleg i januar då eg ramla på den og skada leddband i kneet, men men, eg ber ikkje nag altså), i full fart, og i pulssone 4-5 (vinrød) ned til stranda.
Huff, vinden hadde alt dreidd til vest, men sidan stranden ligg i ei bukt på austsida, så håpa eg på at nokre få halvvarme bølger ville vera igjen for meg.
Med våtdrakt er alt over 15C er greitt for meg!

Til tross for litt frisk vind så var det tilnærma bølgefritt, og ikkje ei sjel på stranda.
Perfekt!
Synet som møtte meg.
Eg fekk det plutseleg veldig travelt og drog på meg våtdrakta i full fart.
Ikkje lurt!
Du skal virkeleg bruke tid til å dra på ei drakt laga av neopren, for den både klistrar og suger seg fast til huden.
Og det blir det sjeldan god svømmeopplevelse av.
Men men.
Eg hadde det nå travelt.
Det var nokre få mørke skyer igjen i nordvest, så eg ville heller koma meg fortast mogleg i vatnet før godvêret ombestemte seg...
Ooooh årets første utesvømming ventar!
Vatnet kjendest først greitt.
Så iskaldt.
Brr....
Jaja.
Det kjendest ikkje så verst.
Nei, det kjendest faktisk deileg.
Hurra, eg er ute og svømmer igjen!
Salig og fjern - fiskefjeset mitt :D.
Vatnet var som vanleg honningfarga, og solstrålane laga effektar av glitter og små lysglimt mot den lyse bunnen. Temperaturen antar eg at låg rundt 17C.
Altså bra for ein stor innsjø i Vest-Telemark i juni.
Bildet tatt under vatn. Med Sony Xperia Z. Den skal tole det. Jaha.
Bildet blei jo fint nok det!
Utsikt mot Bjørgenuten frå vatnet.
Og fine svaberg.
Eg lurar på om dei to-tre månadene med styrke- og muskelbyggande 5x5-styrketrening har gitt effekt og utvikla muskulaturen min i overkroppen, for ORCA-drakta kjendest trangare enn nokon gong.
Armane mine får rett og slett ikkje plass.
Det er faktisk ermene som er for smale og trange, for eg kjenner at skuldrene eigentleg har nok plass.
Og det er nok materiale f.eks. under armane.
Så bevegeligheten er ikkje verst, men likevel, det er ikkje godt å svømme med avsnørt armmuskulatur.
Men føtane har det bra. Blemma var også nesten borte.
Eg har håp om at det bestilte swimskin passar bedre.
Viss ikkje så trøster eg meg med at svømminga i Haugesund tross alt berre tar 40min, og dess meir ubehageleg, dess fortare kjem eg til å svømme, for då blir eg så sur og lei at eg fort vil bli ferdig (takk og pris for at eg har denne rare logikken!).

Eg kosa meg i går.
Ein liten småbarnsfamilie hadde også inntatt stranda - berre tre meter frå sykkelen min, og dei tre jentene i alder frå ca.2 - 6år, gjorde store øyne då dei såg meg svømme.
Dei prøva seg tappert i det kalde vatnet, med ikkje anna enn rosa bikini.
Eg måtte stoppe og oppmuntre dei, og vise at eg "juksa" med våtdrakt på.
Skiftesona mi.
Eg veit ikkje om jentene bada til slutt (pappaen deira nektar i alle fall), men dei kosa seg veldig på stranda.
På meg blei det omtrent 500m svømming.
Sånn ca 15min.
Moro var det å svømme "medstrøms" og med vinden i ryggen, og halde øye med strandkanten, for fytti, da går det fort!
Tenk å kunne så fort og uanstrengt også utan medvind!?
Berre såå deileg å svømme ute under sol og blå himmel.
Eg ELSKAR det!
Sjølv om eg berre skulle sykle heim, så blei sykkellåsen min liggande på stranda, så eg fekk meg ein ekstra liten sykkeltur tilbake slik at til slutt nesten hadde ein slags kombiøkt: 500m svømming etterfølgt av 9km sykling.
Og så etterfølgt av styrketrening.

Så, nå heng våtdrakta i dusjen, forhåpentlegvis tørr og fin, saman med resten av treningstøyet, og ventar til vidare innsats.
Det er godt å vera i gang igjen etter opphaldet mitt i Tyskland, eg kjenner at eg er sterkt motivert og må passe meg slik at eg ikkje overdriv.
Det er jo fort gjort når det er så moro som det er...
De galne (triatletar) har det godt - og er happy når dei får drive med sitt!
(Sidan eg rappa dette bildet uhemma frå nettet, ta ein titt på boka "Trizophrenia - Inside the Mind of a Triathlete" av Jeff Mallet, som bildet er frå.
Eg trur eg må få tak i boka, den virkar morsam!

6 kommentarer:

  1. ÅÅ så sprek du er.
    , og hvor deilig det vannet så ut.
    Har nettopp lest meg igjennom alle de siste innlegga dine, både om svømmehund, netthandel og klatrevegger, og utlyser nå at jeg er din største fan. It's me. For øvrig blir jeg også dritsur av butikkansatte som later som de vet alt. Her på den lokale sporten har vi ei - som før lot som om hun visste alt på biblioteket, nå vet hun alt om sportsutstyr. Det ble neste håndgemeng sist jeg skulle kjøpe løpesko til mannen - og hadde researchet meg fram til at han trengte pause fra Nike Frees-en - et nøytralt medium dempet par med drop mellom 4-6.
    Jeg hadde et helt a4-ark med passende alternativ.

    Dama snakket bare om demping, overpronering og at aldri hørt om såleforskjeller, presterte og si at alle såler, uansett merke er laget av samme matriale og skjønte ingen verdens ting om forskjellen mellom tå og hæl. Til slutt satte hun armene i hoftene og spurte meg om hvem det var som egentlig jobbet på sportsbutikk og - visste alt...
    Godt jeg hadde med mann som fredsmegler.
    , dvs han meglet, jeg fortsatte jakten på de rette skoene
    , uten butikkdama -)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ååå ja jammen godt med ein fredsmeglar som kan avvæpne dei involverte da :D
      Det hadde eg også trengt i det tilfellet. Godt eg ikkje er aleine om dette. Eg innbillar meg at eg eigentleg er ein høfleg kunde, som gjerne diskuterar forskjellige meiningar, men av og til går det for langt. Måtte le litt då eg las kommentaren din. Eg ser det for meg, med A4-ark med skoalternativ og grundig research i bakhodet - og så DEN besserwisser-dama utan peiling på løpesko. Urg.

      Og duuuu tusen takk for komplimentet, YOU MADE MY DAY. ♥ Herleg - det gjorde godt med største-fan kommentaren i går, då var det nemleg ein dag der eg trengte å høyre det.

      Eg blir alltid tiltrekt av sånne deilege vannflater.
      Elskar vatn berre. Og synst honningfargen er vakker. Det er fint også med kristallklart fjellvatn (men huff dei er jo iskalde) og turkisgrønne fjorder, men honningfargen gjer kanskje også at vatnet kjennest kanskje ørlitegrann varmare, kven veit?

      Slett
  2. Hei! har ikke blogget på EVIGHETER! lever i en boble om dagen.....ref oppkjøring til Haugesund....helt merkelig å leve slik:) Skylling av våtdrakt har det blitt mye av ja, og jeg bruker alltid oppvaskhansker til å ta den på meg. Hjelper med å ikke få rifter/hull i drakta. Ligger fast i sekken. Men du.....nå nærmer det seg veldig....hva taper du på selve sykkelen..? energibarer og gel? hva slags tape bruker du??...og ligger du på ca 40 min på 1900m svømming? er ikke det veldig bra tid..?? gleder meg veldig til å møte deg! Får du tatt med Lucas? (noen som kan passe han der så lenge?)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det har vore stille rundt deg! Å ja eg begynner å merke litt av den boblefølelsen foran Haugesund eg også.
      Ikkje dumt å bruke hansker når du tek på det våtdrakt altså!
      Eg var super forsiktig med den nye Sailfishen i fjor, den fekk ikkje eit einaste merket, og det var vel også med tanke på å kanskje kunne selge den vidare.
      Stakkars ORCA'en derimot...er nødd til å ta ein omgang med neoprenlim på den før Haugesund, slik at dei små riftene ikkje blir til hull!
      Når det gjeld mat på sykkelen så har eg ein liten søt rosa veske på ramma ;) Den inneheld gjerne ein gel (Powerbar fruitgel f.eks) og ein energibar (frå powerbar, sidan dei er kjempelette å få i seg, og smakar ok og funkar for meg).
      Sjølv om me får banan og energibar og gel, så har alltid noko på sykkelen. Eg blir jo så sulten av svømming+løping, og treng mat. Så viss eg ikkje skulle rekke å få ein bar på drikkestasjonane, så har eg noko sjølv.
      Det kan jo tenkas at slik maskeringstape funkar bra, sidan du kan berre rive den av?
      Har også gjerne alltid ein gel i handa eller lomma på løpinga, eg er nok litt redd for å gå tom på løpinga.

      Ja eg ligg alltid på 40min på 1900m svømminga, har alltid gjort det, trening eller ikkje (var eitt minutt raskare i fjor da, kanskje takka vera Dave Scott, kven veit? Ekstra prestasjonspress?).
      Det er nå ei bra tid, ikkje så super raskt, men absolutt godkjent, og det er også raskare enn mange karar, så eg må tole å bli forbisykla av mange raske karar med både tempohjelm og platehjul :D :D

      Eg gledar meg også til å møte deg, det blir kult altså!
      Eg trur ikkje eg får med meg Lukas, med mindre eg får sitte på med nokon i bil, og familien eg skal bu hos hadde sett pris på besøk.
      Tidlegare tispa mi, Binna, blei med til ein konkurranse til Sverige ein gong, det var ikkje så dumt, det dempa godt konkurransenervane dagen før, og ikkje minst, sjølve dagen - ho skulle nå ut og lufte seg kl.5:30 og lot som om det var ein vanleg dag ;)

      Eg har jo ikkje bil for tida, så viss eg tek bussen, så blir han passa på av venner her heime.
      Men det hadde vore koseleg om du hadde hilst på han, han hadde nok blitt overlykkeleg han :)

      Ha fortsatt god trening! :)

      Slett
  3. Takk for tips - greit å vite hvordan du legger opp ernæringen også..ref ERFARING:) jeg er superspent....tenker på konkurransen hver eneste dag. Jeg er fremme fredag kveld, så vi kan vel treffes ilp av lørdagen? vi kan utveksle mob nr etter hvert nå. Fortsatt lykke til med treninga du også - vi meldes. Jeg lader nå opp til litt sykling med overgang løp i morgen. Tjallabing :)

    SvarSlett
  4. Må være herlig å svømme i åpent vann. Der har jeg noe ugjort. Forfriskende innlegg :-)

    SvarSlett