30. april 2014

Tre dagar igjen til årets første triatlonkonkurranse!

Jepp.
Det stemmer det.
På laurdag, så brakar det laus med vårens vakraste eventyr som det tidlegare blei kalla:
Eg hadde eigentleg ikkje planar om å delta, sidan kneet mitt nå eingong ikkje har vore brukande for litt ute i mars. Så eg trudde ikkje at eg skulle greie å løpe 5km i starten av mai.
Men det greier eg :D
Det var altså Helene sin idé, og same dag eg snakka med henne, så var eg også påmeldt.
Eg har deltatt fire gonger før, i 2007, 2008, 2009 og 2010.
ChiCqiloen i Bø i 2010. Ikkje min Iromansekk,
 men ein slik skulle eg få seinare same året, frå Ironman i Frankfurt.
Det var faktisk for fire år sida, i 2010, at eg tok min siste sprintdistanse.
Sidan har det berre vore langdistanse!
Så eg har ikkje så veldig store forventningar til farten min.
For sjølv om kneet fungerar ok nå, så kjenner eg løpesteget fortsatt er påvirka, og kondisen min er langt frå det den kunne vera.
Men alt i alt så trur eg at eg skal kome meg igjennom den greitt.

Når det gjeld svømming så har eg jo heller ikkje vore så ivrig/har kneskaden satt ein stoppar, så det har blitt heile to (2!) økter så langt i 2014: 500m i januar og 1000m i mars :D

Men i dag så tok eg faktisk ein materialsjekk, slik eg pleiar foran konkurransar.
Sjølv om det ikkje er så høgtideleg på laurdag, så har eg neppe lyst til å plutseleg få tekniske problem på syklinga.
Så i dag blei ChiCqiloen pussa og smørt. Ikkje vaska, riktignok.
Men pussa.
Nypussa og smørt Chicqilo.
Ja da, sykkellåsen skal av før konkurransen, og veska bak også.
Eg har også lurt på kva slags sko eg skal løpe i.
På ein sprintdistanse så har eg ikkje lyst til å bruke lang tid med å snøre skolisser. Så det må bli hurtiglissar av noko slag.
Hurtiglisser - det finst mange slag av dei .
Praktisk når det skal gå fort.
Eg har fortsatt blemmer etter mine to siste løpeturar.
Så det må bli noko anna enn ASICS Nimbus.
Valget falt på K-Swiss Kwicky. Og navnet seier jo alt: på sprintdistanse skal ein springe fort!
Mine konkurransesko: K-Swiss Kwicky med hurtiglisser.
Så var det tid for kombiøkt.
Eg skulle både sykle og løpe, og testa skoene med dei nye lissene i skiftinga.
Det blei

  • 11km (25min) sykling + 2,4km løp (12:10)
  • 8,5km (24min) sykling* + 2,3km løp (12:10)
* her måtte eg jo treffe på ein venn eg ikkje hadde prata med på ei stund, så eg tok meg ein deileg fem minutter pause her :D

Det var utruleg kjekt med ei slik kombiøkt.
Det var ikkje så tungt å løpe etter syklinga, men det har nok med løypa her å gjera, for eg starta i nedoverbakke med vinden i ryggen. Kjekt.
Nydeleg i vêr i dag også, sjølv om vinden var iskald
og eg måtte kle meg litt meir på sykkelen.
Pussig nok så var andre deløkt med sykling + løp ikkje tyngre enn den første. 
Skiftinga mellom sykling og løp tok 35sek og 25sek, mens eg tok meg litt bedre tid mellom deløkt 1 og 2, dvs 1min 49sek. 

Rask skifting skal planleggast! 
Moro var det!
Det blåste ganske kraftig, så pulsen blei nokså mykje høgare enn kva den har vore dei siste treningsturane.
Beina kjendest heilt ok, sjølv om eg trente knebøy igår med litt tyngre vekter.
Om ikkje kondisen, så var humøret i alle fall på topp.
Røsa stæsj hjelper også!
Noko som også er viktig å teste før ein triatlonkonkurranse, er svømmenbrillene.
Duggar dei? Er dei tette? Sit dei stramt nok, men ikkje for stramt?
Det får eg ikkje finne ut før under oppvarming på laurdag, men eg tippar og håpar på at svømmebrillene frå dei to siste øktene fortsatt funkar greitt.
Til alt hell så fekk eg ei diger levering av energigel i dag, og det er eg så glad for!
PowerGel Hydro frå Powerbar med kirsebårsmak. DIGG!!!!
På ein sprinttriatlon som berre varar til saman i rundt halvannan time (får me håpe) så er det ikkje nødvendig med mat/drikke undervegs eigentleg.
Men av erfaring kan det bli ein del venting mellom svømming og sykling, så all form for lettvin energi kan koma godt med i tillegg til niste, for eg går fort tom for energi for tida!
Det blei ei kjempemoro treningsøkt,
men måtte likevel flate litt ut på golvet etterpå -
og det er god restitusjon, det!
Eg er spent på korleis kneet mitt er i morgo, og korleis det har likt Kwicky'ane i dag.
Og ikkje minst - kva synst leggmuskulaturen mon tru?
Men eg har tross alt heile to dagar å restituere meg på, så det går bra.
Eg gledar meg faktisk til laurdag, for eg likar meg veldig godt i Bø. Eg flytta jo ikkje heilt frivillig derifrå den gongen, etter nesten sju år!
Så det blir gjensynsglede, både med Bø, gamle kjente (og ikkje minst - triatlonrivaler, haha, DET gledar eg meg også til, men kanskje meir om det etterpå) og venner.
Så nå er det jo berre å lade opp!
Lukas er alltid like omsorgsfull.
"Ligg du på golvet?  Du er svett. La meg hjelpe deg."

10 kommentarer:

  1. Lykke til i konkurransen. Håper du får en fin opplevelse.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Jannicke!
      I og med at eg skal treffe ei god venninne så blir det fint, uansett korleis sjølve konkurransen blir. Kjenner at det kriblar litt i magen alt i dag, nå er det berre ein dag igjen, så det er moro å kjenne på det.
      Dei har meldt fint vêr, så eg trur det blir bra.

      Slett
  2. Så fin den nye headeren er - den lyser jo formelig kjempesprek
    - og - knefrisk. For det er du jo nå, konkurranse og greier. Sa jeg kjempesprek? Ble helt satt ut av både powergels (hvor kjøpt?) og hint on TUNGE knebøy. Her skal det ikke mer til enn brunt vann til å avlyse all for m for svettende aktiviteter. Må være noe vannrørsarbeid. Kan ikke trimme hvis man må dusje i brunt vann!
    Lykke til i sprinten. Er det i morgen?

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Ja Bøsprinten er i morgo.
      Dei powergelane (kva er fleirtall på gel? Ein gel, fleire gelar??? :D) bestilte eg på Amazon, rett og slett, der snubla eg over eit godt tilbud (Powerbar er jo litt dyrt ellers) og frakten var overkomeleg.

      Ja knebøy er det som gjeld nå, og dei skal også bli tunge etterkvart (men er NØDD til å sjekke om eg gjer den øvinga riktig. Det knirkar så i høgre kneet, og eg skal ikkje øydelegge noko).

      Men altså - brunt vann - det er jo ikkje noko særleg å dusje med, så den er godkjent som unnskyldning :D
      --> men i går blei det ein superkort styrketreningsøkt på 25min eller noko, der eg nesten ikkje blei svett og droppa dusjen, men VASKA meg etterpå - følte meg litt som på hyttetur, men det gjekk.
      (det går an - så der forsvann DEN unnskyldninga sorry :D).

      Kneet mitt er fult funksjonsdyktig nå ,men blir fortsatt fortare stivt, både når eg er i ro, og etter trening, men det gjer ingenting.
      Så det er berre såå deileg!

      Ja headeren min likar eg også, men eg er fortsatt usikker på bloggtittelen. Eg ville ha noko norsk, og nå er den i alle fall veldig unik, og stemmar bra, men eg finn jo heile tida på titlar som eg synst passar bedre den eine dagen - og så ein annan tittel dagen etterpå...
      Jaada.
      Eg skal i alle fall prøve å leve opp til headerbildet ;)

      Slett
  3. jeg ELSKER din nye heading! prøvde å svare deg på ditt forrige innlegg., men det forsvant..? (hvorfor...)
    Masse lykke til i morgen - blir superspennende å lese rapporten. Rosa funker alltid, og beina dine kommer til å løpe superfort med de nye kwaccosakene..he he! de var fine forresten.
    jeg heier på deg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Ja det nyttar ikkje med halvslappe bilde av seg sjølv som heading, då må ein smøre tjukt på :D
      Og så er det så fine sommarbilde med brun hud og vatn og fjell, gode bilder som gjer at eg berre får lyst til å kome meg ut, og det er jo slik det skal vera!

      Kva som skjedde med kommentaren din på forrige innlegget ditt er vanskeleg å vite. Hm, det einaste eg kan koma på er at eg dreiv å reagerte på bloggmalen, og då blei svarte ikkje lagra ordentleg?
      Beklagar at det skjedde, det er så kjedeleg når ein skriv kommentar, og så blir den borte igjen :/

      Det blir spennande i morgo. Rosa er ein sikker vinner, og kvikkvakksko hjelper også. Ja det er kule. Har sett ein del proffe triatletar med desse, og då eg fann dei på tilbud måtte eg berre slå til.
      Lette er dei i alle fall.

      Skal hugse på at du heier på meg i morgo, og sette opp farta da!

      Slett
  4. Så kult at du skal sprinte i dag ;-) Lykke til!!! Og en sånn kombiøkt med to "serier" med sykkel+løp så i grunn litt kult ut. Det har jeg aldri prøvd før så det kunne jeg saktens tenke meg å prøve en gang.... kult!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Silja! Ja igår blei sprintbeina testa, og jaggu kunne dei sprinte litt til tross for laange treege konkurransar dei siste åra!

      Ja nå etter Bøsprinten kan eg fortelle at denne forberedelsen til skifte frå sykling til løp gjentatt 1x funka i alle fall bra for meg!
      Sjølv om eg tok godt i på syklina (kjente faktisk syra ganske godt, og det blåste ganske mykje, og det var kuppert løype) så syntest eg at overgangen gjekk veldig bra, eg la liksom ikkje merke til den) Så det kan du godt teste ein gong ;)

      Det gjekk ellers også veldig bra i går, gleder meg til å blogge om det!

      Slett
  5. Kanskje litt sent nå siden du antageligvis allerede er godt igang; men LYKKE TIL! :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Betre seint enn aldri er eit av mine yndlingsmotto, så tusen takk for det, Guro!
      Det gjekk veldig bra i går, og eg kosa meg, og på mange måtar gjekk alt som smurt (kanskje bortsett frå då eg sykla forbi vendinga på sykkelrunde nr 2, men blei heldigvis stoppa av ei vakt :D :D)

      Gledar meg til å blogge om det altså, for det var moro i går :)

      Slett