8. april 2014

Første tur på temposykkel - eit sikkert vårteikn!

I og med at siste innlegg blei så grusamt langt, skal eg nå prøve å blogge litt oftare, og prøve å lage innlegga litt kortare (hahaha ha sææærleg, og eg som likar å skravleskrive).

Siste helg skulle eg ta det med ro og henta meg inn igjen.
Og det greidde eg.
Laurdagen blei det berre handletur med Lukas for å fylle på mat i huset, og resten tilbrakt på sofaen og i senga og med å lage mat.
Og søndag blei det berre ein liten rusletur med Lukas i skogen.

I går derimot - da var det eit sikkert vårtegn å sjå!
Eg var ute på årets første økt på temposykkelen min.
Hurra!

Det var ikkje planlagt, men eg hadde rett og slett lyst.
Sol, blå himmel, tørre vegar.
Ein del vind, men pytt pytt.

Åååå nå skulle eg børste støv av Chiqiloen (bokstaveleg talt, den fekk seg ein liten kattevask før eg kunne ta den ut, og olje fekk den også).
Etter at eg tok så hardt i siste veke, skal eg ta det roleg eit par veker, med tanke på puls.
Det går jo an å sjå på landskapet når ein syklar med lågare puls. Og det er jo fint, det.
Spesielt i solskinn!
Ingen intervalløkter på ei stund nå.
Heller låg intensitet der eg gjerne kan legge inn eit eller to tunge drag.
Med bakkane her så kjem det uansett ganske naturleg, dette treng eg ikkje planlegge.
Ut på temposykkelen for første gong i år. Herleg!
Så det blei ein roleg tur på knappe tre mil på landeveien, nærmare sagt sjølve E 134 mellom Oslo og Bergen.
Pussig eigentleg, for det var ganske lite trafikk til så stor veg å vera.
Eg bruka kanskje 1t12min på heile økta.
E 134 mellom Oslo og Bergen. Den vegen hadde eg mykje for meg sjølv!
Kjekt å ha tid i lunsjtida.
Eg hadde også til alt hell kledd meg riktig.
Verken for kaldt eller for varmt.
Heilt passe.
Såå moro på temposykkeln. Og så lite trafikk!
Eg hadde tatt med ein reservegel (som eg ikkje fekk bruk for) og to bananer (eg hadde ikkje ete lunsj nemleg).
Og drikke.
Og musikk på det eine øyra (som eg anser som forholdvis trygt når eg syklar - av og til så høyrer eg jo ikkje musikken på grunn av vinden, så den kan neppe vera så distraherande).
Det er både lettvint og aerodynamisk å ha drikkeflaske på tempostyret.
Nå må eg berre finne ei drikkeflaske som passar bedre, sånn reint fargemessig...
Herleg.
Det er merkeleg kor godt sykkelen passar meg.
Overgangen frå herre-terrengsykkel til den vesle temposykkelen min i størrelse XS går heilt smertefritt.
Og aeroposisjonen inviterar til fart!
Ja da, eg ELSKAR terrengsykling.
Men eg likar også veldig godt å suse over tørr asfalt slik som her.
Men eg lot meg berre rive med i nedoverbakke og medvind.
Og kosa meg ellers.
Stoppa i Flatdal og tok nokre bilder.
Fjellet var såå mykje finare på ordentleg.
Det skinte så fint på fjellet i snøen på toppen!
Skua litt utover fjellet.
Åt ei banan.
Sykla heim att.
Herleg.
Våren er her altså!

2 kommentarer:

  1. Ååh, det høres (og ser) ut til å ha vært en fantastisk deilig luftetur! Håper du får like fint vær i påsken også, så du kan sykle (og løpe?) enda mer :)

    Kjenner jeg misunner deg veldig den sykkelen altså. Det er liksom dét jeg savner mest av "treningsutstyr" nå, en racersykkel... :)

    Ha en fin påske Imke! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja me får håpe på fint vêr i påska, foreløpig så ser det ut til at me blir heldige (bortsett frå torsdag, og for min del er det heilt greitt med ein "pause"dag).

      Ha ei riktig fin påske du også Guro! :)

      Slett