23. mars 2014

Første roleg "langtur" løp igjen - deileg!!

Nå har eg endeleg fått meg ein etterlengta "lang" løpetur igjen.
Akkurat den type løpetur som eg har savna så lenge nå.
Der eg berre kunne vera ute og springe, la tankane fly...

Det var akkurat slik det blei i går.
Planen min var å løpe ca 5km, kanskje 5,5km. 
Fordelt på 5x1km med gåpausar imellom, for ikkje å overbelaste kneet.
Eg skal jo skynde meg langsomt. 
Målet er å trene muskulaturen og strukturane i kneet til å tåle lengre løpeturar igjen.
Det er vår - og eg er i gang med løping igjen!
Sist onsdag så løp eg også 5x1km (ved moderat intensitet og hardare) med gåpausar på ca 400m.
Det blei ei ganske tung økt.
Kneet var ok, det er fortsatt litt "lugging" av sener eller noko på innsida av kneet.

I går ville eg heller ruslespringe/jogge, i alle fall løpe langturtempo og halde låg intensitet.
Eg hadde berre lyst til å koma meg ut, vera for meg sjølv, måtte få ut litt spenning, litt irritasjon, ta ein såkalle "mentaltur".
Så pulsklokka blei ikkje med, for den har tulla med meg såpass i det siste, at den berre er irritasjonsmoment.
Men god musikk blei det på øyra.
Lukas blei heime.

Eg fann ut at eg kunne gå ned til sentrum for å varme opp (det er 100m høgdeforskjell og forholdsvis bratt).
Så etter denne første kilometeren så jogga eg 1km. Så gjekk eg sånn ca 100m/eitt minutt.
Og gjentok dette.
Hadde på GPS og tok lap-tider, så alt var under kontroll.
For eit vêr det var!
Eg ville ikkje ha noko stigning, så då løp eg nede i sentrum, langs elva, eit lite stykke langs vegen, men prøva å halde meg mest på grus og grasdekka vegkant.
Med litt fantasi og gode sko med ullsokkar gjekk det fint utan å bli kald på føtane.

Så hadde eg fått unnagjort 5,5km ca, men det var så herleg å løpe at eg ikkje kunne gje meg enno.
Og eg måtte berre ta ein avstikkar til Seljordsvatnet, og kjenne vinden og regnet (og bli klissblaut på føtane ettersom eg blei ståande i våt sand som eg sank nedi etterkvart :D).
Våt sand - små bølger - men mykje vind og regn - men herleg var det! Virkeleg!
Humøret blei faktisk bedre og bedre.
Rart det der!?
Eg lurar på kva bilistane tenkte der dei susa forbi på E134, og eg kan neppe tenke meg at nokon misunna meg der eg sprang gjennom pøsregnet.
Men eg var godt nok kledd (nesten for varmt faktisk), så det gjorde ingenting.
Eg kosa meg.
Og sidan det er 1,5km med motbakke å gå heim, så blei heile turen på heile 8,5km!!
Screenshot frå Sportstracker-App'en.
Visar 1km-løpeintervall (store søyler) og dei korte gåpausane (smale søyler).
Det var kanskje ikkje heilt planlagt, men eg løp i alle fall mine 5-6km og litt til.
Og det kjendest riktig.
Eg lytta etter kroppen, og hovudet, og det var ikkje tvil at begge to ville meir enn 5km.
Eit stemningsbilde. Søte små bølger :)
I dag så er eg ganske støl i framsida av låra, men det er slik det skal vera, muskulaturen er nødd til å bygge seg opp, og det er den vanlege stølheten eg har hatt på tidlegare overdistanse-løpeturar.
Og kneet blir betre og betre dess meir eg brukar det.
Meniskane er heller ikkje irriterte.

Til veka er planen å ha ei kort økt med motbakke igjen, og ein roleg tur som er litt kortare igjen enn denne frå igår.
Eg trur eg er godt i gang, og det beste er at eg syntest at det var så kjempemoro å berre løpe og løpe, velge retning mens eg sprang. Dei korte gåpausane gjorde at pulsen kom ned igjen, og eg kom inn i ein slags "uendeleg-modus". 
Kunne berre løpt og løpt.
I hodet mitt i alle fall.
"Men neste gong blir eg med, ikkje sant?" tenker vel Lukas her...

2 kommentarer:

  1. Jøss! Skal si du er på bedringens vei! Føler meg helt misunnelig på deg kjenner jeg, når jeg leser om hvor bra det går med fremgangen din, og så så fort! (Men det er bare positiv misunnelse altså ;) )
    Jeg merker at jeg blir så glad av å lese dette, Imke. Så gøy at du får løpt så mye, og uten smerter! :D
    Gleder meg til fortsettelsen, for dette MÅ jo bare bli bra ;D

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det.
      Eg trur nok det er ankelen din som gjer at du blir "positiv misunneleg". Det er pussig det der, for nåpr ein ser rundt på bloggane, så er det alltid ein eller annan som slit med noko skade eller sjukdom, og så kan ein muntre opp, men så er det ein sjølv som blir ramma, og får oppmuntringar, og så blir ein bra og motiverar andre...
      Men eg blir glad at du blir glad av det her, for det er jo litt av poenget med å blogge så mykje om det med skade også, for neste gong det rammar så veit både eg, og dei som har lest dette her, at det går an å koma seg igjennom det.

      Eg synst i alle fall at det er herleg nå når kneet ikkje lenger er vondt.
      Eg trur også at eg skynder meg langsomt nok.
      Håpar det ;)

      Slett