4. november 2013

Sightseeing (-running).

Det er jo ganske praktisk å ha med løpesko og treningstøy når ein er ute og reisar, for då kan ein jo ta ein liten hurtig-sightseeing og sjå dobbelt så mykje som om ein hadde gått.

Sjølv om ein kanskje er godt kjent med severdighetane der ein bur, så kan ein jo likevel ta seg ein løpetur dit (dei er jo verdige å bli sett, ikkje sant, severdige).
Og kanskje ein oppdagar noko nytt på løpeturen?

Dei siste dagane har eg mest løpt på kvelden når det var mørkt, og då var det eigentleg godt å løpe og sjå på kjente severdighetar.
Sjøormtårnet for eksempel.


Tårnet er godt belyst.
Vegen dit går gjennom våtmarksområde, og ein går/løper tørrskodd på såkalla "kloppar".
Kjekt underlag å løpe på forresten. Faktisk ikkje glatt.

Eg tok ikkje bilder av tårnet frå utsida, men her står det meir informasjon om tårnet. Nettsida er forresten laga av elevar på ungdomskulen, og dei har laga ein tøff logo av sjøormen:

Trappane i tårnet er jo ei ekstra utfordring:
Løpe rundt fortast mogleg utan å bli svimmel. For tårnet er ikkje så stort i grunnflata. Det går tre eller fire trappetrinn og så skiftar ein retning.
Dette er sett ovanfrå ned. Mange etasjar!
Eg håpa på at GPSen skulle registrere min plutselege vertikale stigning, men det var ikkje så veldig merkbart på høgdeprofilen etterpå...
Lukas på tårnet - like blid som alltid 

Etter løpeturen var det tid for planke-challengen, som virkeleg visar seg å vera ei utfordring.
Sjølvdisiplinen min ikkje er så god for tida.
Men om eg ikkje er så disiplinert for tida, så er eg i alle STA nok til å halde på med denne.
For å motivere meg sjølv tek eg bilder av denne akk så slappe planken min av og til.
Her for eksempel, får eg god assistanse av Lukas:
Dog-assisted plank exercise, home edition.
Eg hoppa over planken i går, men tok den att i dag.
Så challeng'en blir nok lengre enn 30dagar.

Forresten så ser det ut på bildet som eg har digre skuldermusklar på bildet, men det er dessverre ikkje tilfellet, det er nok lyset som fallar inn litt på skrå. Men det hadde vore kjekt med slik veldefinerte skuldermusklar!
Kanskje får eg dei etter 30 dagar ???

4 kommentarer:

  1. Jeg tenkte først - herregud løp hun opp de trappene, for deretter å ::: løp hunden opp de trappene. Ble svimmel og småkvalm bare ved tanken.
    - og du, jeg tror det er ekte muskler!

    SvarSlett
    Svar
    1. Å dette hadde jo vore herleg om det hadde vore "ekte" musklar. Hmmm dette kunne faktisk vore fin motivasjon til styrketrening.. velfedefinerte skuldermusklar og armer er jo såå fine!

      Ingen kvalme på sjøormtårnet - Lukas blei litt ør trur eg, men han er ikkje så nøye på det :D

      Slett
  2. Dog-asssisted..herlig :-)

    Fin hund du har.

    Jannicke

    SvarSlett
  3. Takk! Ja Lukas er såå nydeleg. Go'gutten min.
    Ikkje akkurat hjelpsam å ha han med på plankeøvingane, men men, han meiner det godt :)

    Imke

    SvarSlett