25. juni 2013

Restitusjon er godt. Jepp.

Det er tid for tapering, altså systematisk redusering av treningsvolumen før konkurransen i Haugesund.
Eg brukar nok min eigen vri i tillegg til treningsplanen til Dave Scott, eg kjenner nemleg at eg godt kan redusere treningsmengda meir.

Eg har lest ein god del om restitusjon og trening i det siste, for her trur eg at eg har enda mykje å lære.

Trening har dårlegare effekt viss ein stadig under restituert.
Men eg skal ikkje skrive om det nå, for det har vore ein lang dag i dag.
(Men for den blant dikkøn som har lyst til å vite meir om under-restitusjon, så har den kjekke smarte Ben Greenfield delt massevis av kunnskapen sin her.

Eg har vore hos fysioterapeuten min igjen, og det har gjort godt.
Resten av dagen blei restitusjon med litt shopping og rusletur med Lukas. Og sommaren er jo virkeleg her, også om det blir nokre regndagar i mellom.

Det er herleg, sommar er herleg.
Eg får lyst til å ta bilde av alle dei fine blomane rundt omkring.
Og sidan eg har så lyst til det, så gjer eg det :D
(Dessutan har eg fått meg eit fancy nettbrett og då er det jo veldig moro å leike seg med forskjellig bildehandlings-apper. Jaja, nokon kjeder seg kanskje når dei skal redusere treningsmengda før ein konkurranse, men eg får jo berre bedre tid til alle dei andre hobbyane mine. Kjekt, det!)


Nyperoser er jo såå fine!
Årets første markjordbær!  Nam nam! 
Kunst for forbipasserande.
Det finst blomar som er reine kunstverket i seg sjølv!
Valmuer er utruleg fine!

Deileg med avkjøling på varme solskinsdagar! 


4 kommentarer:

  1. Jeg syns du har tatt fine bilder, jeg :)
    Greit det da, å bruke restitusjonstida til noe "fornuftig" ;)

    Jeg har jo også tatt opp igjen litt "gamle" hobbier, som jeg hadde lagt litt i glemmeboken, i tillegg til litt mer alternative treningsformer også som sikkert kommer på blogge-agendan min etter hvert. Men, hvis det er noen som ikke er interesserte i å lese om de andre tingene utenom trening, ja da tenker jeg at de kan lese andre sine blogger.
    Men så er jo ikke min en ren treneblogg heller da, selv om det muligens kan virke slik til tider ;p (Og dét var ikke ment som at du heller ikke kunne skrive om andre ting altså :) )

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg synst jo at det er artig å lese om kva folk driv utanom trening da, også om det er ein rein treningsblogg eigentleg.
      Men det finst nok delte meiningar om det.

      Eg har lenge lurt på om eg skal gje bloggen min nytt navn (døpte den om til "treningsterapi" men det blei heller ikkje riktig :P), altså eit navn som gjenspeiler fleire av interessene mine.

      Men så er det enkle ofte det beste, og hadde det ikkje vore for triatlontreninga, hadde eg kanskje ikkje begynt å blogge.

      Ja eg tenker slik som deg, viss ikkje lesarane mine liker å sjå på blomar, så kan dei jo la vera :D

      Så det er ikkje heilt umogeleg at det etterkvart også dukkar opp noko heklearbeid, kven veit.
      Eg synst i alle fall at det er artig å lese om alt det forskjellige du bloggar om.
      Spennande!

      Slett
    2. Ja, gjør det! Legg ut heklearbeid, det hadde vært så gøy (for meg ihvertfall) :)

      Ha en fortsatt fin helg :)

      Slett
    3. Takk ha ei fortsatt fin helg du også! :)

      Slett