11. juli 2012

Ironman 70.3 Haugesund - i mål!

Nå er det tre dagar sidan den første IRONMAN-triatlon blei arrangert i Skandinavia, og eg var der og stilte til start, og kom meg til mål, så då er det på tide å blogge om det!!


Veit ikkje heilt kva eg skal skrive eigentleg.
Nå i etterkant har det vore ein nesten litt uvirkeleg oppleving.
Eg var ganske sliten og stressa og deppa dei dagana fram til me reiste, og det tok laaaang tid før bekymringar og negative tankar slapp taket.
Me kom fram til Haugesund på fredagskveld, drog rett til ekspo'n og henta startnummerene.
På ekspo'n var det mykje som frista, men først skulle jo rommet betalast, og shopping ville me få tid til heile laurdagen.

Gjennom laurdagen hadde me god tid til frukost og rusling gjennom Haugesund, og det var fint med måkeskrik og båter og kanal og triatletar og nærheten til havet og enda fleire båtar, og enda fleire triatletar.
På ekspoen var det heldigvis ikkje så mange fristelsar likevel, uansett var prisane tilpassa norske forhold og vel så det, men eg unte meg nå ein Ironman 70.3 Norway-caps, sidan caps er kjekke å ha, både når det er sol og når det regnar, både under konkurranse, på trening og på fritida.
Etterkvart kom også Marie og Sakarias og Hårek, og då blei det i alle fall veldig koseleg, omgitt av så mange gode venner kjendte eg at slappa av meir og meir.

Å pakke dei ulike bagar til konkurransedagen er alltid ei morosam utfordring.
Det blir pakka ein blå pose med sykkeltøy, ein raud pose med løpetøy, og til slutt blir alt tøyet ein skal bruke etter konkurransen lagt i den kvite posen som blir frakta til målområdet, slik at ein slepp å gå rundt i svett og blaut konkurransetøy etter målgangen.
Innsjekking av syklar og bagar, på laurdagen.
I bakgrunnen Skeisvatnet der me skulle svømme. På bildet: Helene og Marie.
Me var ganske spente på vêret. Det var meldt nedbør, og laurdagen hadde det regna litt tidleg på dagen og litt på kvelden, så det var ganske usikkert.
Men konkurransedagen begynte med opphaldsvêr og god temperatur, og temperaturen i Skeisvatnet der med skulle svømme heldt heile 19gradar.
Det syntest eg var heile luksus i forhold til dei kjølege 13 gradane her i Seljordsvatnet!

Det var masse tilskuarar ved starten, og stemninga var magisk og til å kjenne på. Musikk frå Vamp gjorde sitt at eg stadig fekk gåsehud. Og ikkje minst, eg hadde faktisk oppnådd mitt første mål: Å koma til start på Ironman 70.3 Norway!

Etter at det blei spela "Ja vi elskar" mens me alt var eit stykke ut i vatnet (og eg skal ikkje legge offentleg ut her at det var nok fleire enn meg som måtte lette trykket når dei hørde på, ehem :D), så gjekk startsignalet, og det blei endeleg start.
Eg er ikkje heilt venner med Orca-våtdrakta mi, den strammar altfor mykje rundt armar, skuldre og i nakken, så brystsvømming for å halde oversikt var utelukka, også i berre korte periodar. Morsamt var at eg møtte Marie eit lite stykke uti etter start, men ho drog nok ganske fort frå meg igjen.
Eg fann meg etterkvart eit par fine føtter å drafte på, og slappa godt av.
Kanskje litt for godt? Eg hadde mange gode tankar undervegs og kosa meg.
Svømmetida var som vanleg, i underkant av 40min.
Av med overdelen av våtdrakta. Her gjeld det å spare inn tid i T1.
Skiftinga frå våtdrakt til sykkeltøy skulle eigentleg gå fort, sidan eg hadde både triatlonbukse og -topp på meg under svømminga. Dessuten fekk eg hjelp til å få av våtdrakta av ein "wetsuit stripper".

Sykkelløypa på ni mil førte oss ut av Haugesund og nordover. Som eg pleier, så var eg alt sulten på sykkelen, og begynte med ein gong å drikke og ete energibar. Det var rikeleg med mat- og drikkestasjonar med både vatn, sportsdrikke, energibar og bananar og gel, så det var den vande bra ironman-servisen.
Nydeleg utsikt frå sykkelløypa. Her kosa eg meg skikkeleg!
Eg kosa meg virkeleg på syklinga. Sykkelen min trilla fort, sola hadde koma ut og etterkvart tok den blåe himmelen heilt over og landskapet var heilt nydeleg å sjå på. Det var utruleg mange tilskuarar langs vegen som heia, det hadde eg faktisk ikkje venta meg. Sykkelløypa var komplett stengt for biltrafikk bortsett frå ei lita strekning på 1,5km der den eine vegbana var reservert for oss triatletar.
Såpass godt var det å sykle at eg tillot meg å ta nokre bilder undervegs.
Eg tok meg tid til å ta eit par-tre bilder på syklinga.
Sidan eg var usikker på korleis kneet mitt og muskulaturen i beina ville funka etter 90km sykling, så gav eg eigentleg alt eg hadde, og kosa meg. Eg tenkte som så at det godt kunne vera at eg måtte gå heile løpedelen, så då skulle eg i alle fall ha det moro på syklinga!
Og moro var det. I alle fall heilt til eg hadde omtrent passert 70km, for då sa det plutseleg PANG og framhjulet punkterte!
Dette hadde eg ikkje akkurat sett fram til, dekket på framhjulet er nemleg heilt nytt og utruleg stivt og vanskeleg å få av (slik at eg ikkje klarte det siste gong eg prøva det heime på stuegolvet).

Heldigvis var det god plass ved sida av vegen, og eg fekk bytta slangen på sju minutt. Eg har alltid med ei lita vanleg pumpe på sykkelturane mine, dei er vedlikehaldsfrie og til å stole på, synst eg. Men då eg hadde pumpa opp dekket og satt hjulet på plass, og dreidde det rundt, så var det faktisk slag i dekket.
Då var det berre å ta framhjulet av igjen, sleppe ut lufta igjen, banke og trykke og pirke litt rundt, for så å pumpe det opp og sette det på att, i håp om at det denne gongen ville passe.
Mens eg heldt på med dette, var det jo mange som sykla forbi meg, og mange spurte om det var noko eg trengte.
Heile slangebyttinga tok ikkje meir enn 10 minuttar. Og eg far pussig nok heilt roleg og konsentrert mens eg heldt på. Eg syntest nok at det var litt synd med tanke på tida, eg hadde håpa på å koma inn til Haugesund før kl.12.00, og halde gjennomsnittsfarten.

Dei siste 15km på syklinga var ganske nervepirrande. Eg vurderte heile tida undervegs om kva eg skulle gjera viss eg skulle punktere ein gong til. Lappe slangen? Ta sykkelen fatt og GÅ?
Men eg kom meg godt inn til Haugesund og skiftesona igjen, heldigvis. Jammen blei eg letta då eg kunne sette sykkelen frå meg!!

Å løpe når ein nettopp har sykla ni mil er sjeldan lett, og eg kjendte at det var ganske vondt og ubehageleg i knea. Men ubehaget forsvann fort og då eg nådde sentrumet, kunne eg konsentrere meg på å springe og innta mat og drikke.
Eg hadde nemleg blitt heilt utruleg sulten! Eg hadde nok ete alt for lite på sykkelen.
Så eg løp frå matstasjon til matstasjon og helte i meg to koppar med vatn og pressa i meg banan slik at det omtrent skvulpa i magen. Men magen hadde det fint, den. Den blei berre glad over all bananen den fekk.

Løpeløypa gjekk gjennom Haugesund sentrum og litt ut att, og kryssa målområdet heile fire gonger før me endeleg kunne springe i mål. Og det var mange mange tilskuarar undervegs, spesielt langs målområdet og kanalen. Men også rundt omkring i hagane satt det folk og heia lystig på oss løparar.
Eg kjendte nok at store farten ville det ikkje bli den dagen, og muskulaturen rundt det venstre kneet mitt begynte etterkvart å nesten krampe, så eg tok ein god del gåpausar undervegs.
Godt humør undervegs. Bildet er tatt av Hårek.
Legg merke til banan i venstre hand.
Eg sprang alltid med mat i hendene!
Då det var 5km igjen, blei eg nesten overvelda at eg snart skulle koma i mål, og begynte nesten å grine. Men så er det ikkje så enkelt å gråte og løpe og puste samtidig, så følelsane blei svelgt ned igjen og utsatt til steinare, og fokus gjenoppretta på løp.

Finisherpix tok veldig mange bra bilde.

Eg slutta meg til ei jente som akkurat som meg nærma seg slutten og også veksla mellom å løpe og gå. Ho såg fantastisk sterk ut bakfrå, og eg tenkte at denne ryggen kunne eg godt henge meg på. Eg tok til og med og jogga forbi eit lite stykke. Men så måtte eg ta ein gåpause igjen.

Bakfrå hørte eg stemma til den sterke ryggen, og jenta klappa meg på skuldra og heia på meg og sa "Kom igjen, me er det snart" og eg blei med henne, og me hadde både samstemnde stegfrekvens og jamnt og roleg tempo.
Så blei eg nysgjerrig, denne jenta så eigentleg ganske ung ut.
Det viste seg at ho var berre 18 år!!
Så utruleg kult å delta i ein halvironman når ein er 18år!

Superstemning også blant publikum.
Då me nærma oss målet lot eg ho springe ifrå meg (noko som ho først ikkje ville), men når ein er 18år og tek sin første ironman, ja då synst eg at ho fortente ein skikkeleg målgang for seg sjølv.

Så etter 6t26min44sek kom eg meg i mål på Ironman 70.3 Norway.
Og er eigentleg ganske stolt av den tida.
Ikkje fordi den er spesielt bra.
Men fordi den visar at eg kom meg godt i mål, til tross for at helsa skranta veldig i vår, kneet fekk seg ein skade, og eg eigentleg følte at eg hadde oddsen litt mot meg og stilte til start med eit veldig tynt treningsgrunnlag.
Men så er denne tida faktisk også bedre enn den frå Mallorca 70.3 ifjor.
Og løpetida er faktisk nøyaktig den same!

Etter målgang fekk eg den etterlengta medaljen min, og det blei servert mat og drikke, og sola skein og det blei spela musikk, og speakern sørga for kjempestemning for både triatletar og publikum, og sola skein ned på Haugesund. Det var herleg.
Speakern frå Sørafrika (til høgre med kvite shorts) skapa fantastisk stemning.
Korleis er det mogleg, over så mange timar??
Då eg skulle ta av meg sokkar og sko og skifta til tørt tøy oppdaga eg at det faktisk var ein del blod i høgre sokken...
Då me skulle gå uti vatnet ved svømmestart blei me oppfordra til å vera forsiktig, sidan vannstanden hadde synke såpass at det hadde koma fram mange kvasse og skarpe steinar. Det var bygd opp ein ekstra rampe når meg kom opp av vatnet for å unngå desse steinane, men så hadde eg vel skjært meg på eit eller anna då eg gjekk uti.

I teltet til Røde Kors skulle eg berre hente meg eit plaster, men der skulle eg berre legge meg ned og slappe av, så skulle dei ta og rense såret. Kuttet var litt djupt, og eg sperra opp augo då dei diskuterte om såret måtte sys. What??? Ehem, nei takk!
(Pussig nok var ein av hjelparane der anestesilege - så då var jo alt på plass, sånn medisinsk sett:D).
Dette er ikkje på eit sjukehus sjølv om det ser slik ut. Røde Kors gjorde ein  god jobb med å  stelle kuttet i tåa. Skeisvatnet har nemleg ikkje den beste hygieniske standarden, så det var best å få rensa såret godt.
"Ja nå fekk eg også denne steinen her ut av såret" sa ho Røde Kors - jenta som rensa og pirka med pinsett rundt i tåa mi.
Pussig, det er så mykje adrenalin på ein konkurranse, at eg ikkje hadde merka nokonting til dette heilt fram til eg tok av meg skoen!
Fantastisk vêr og superstemning mot slutten av konkurransen.
Nederst i bildet: blid og hyggeleg anestesilege -
då hadde det ikkje gjort noko å blitt sydd eit par sting kanskje?
Til oppsummering så var det ei kjempeoppleving for meg å vera med på Iroman 70.3 Haugesund.
Både på grunn av den situasjonen eg er i, der eg kjenner at helsa knapt strekker til i det daglege, fordi treningsgrunnlaget mitt var utruleg tynt, og fordi det var den første Ironman på skandinavisk jord.

Sjølv om kvardagen alt har henta meg inn att, så har motivasjonen min for trening, og ikkje minst inspirasjonen min for fleire konkurransar fått eit skikkeleg løft.
Så sjølv om det kanskje ikkje bli fleire konkurransar dette året, så er det jo lov å drømme..

8 kommentarer:

  1. Knallbra ;-) Flott lesestoff dette!!

    Nå som vi har sagt at vi stiller til neste år så må også du bli med neste år! ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk takk!

      Åååå det hadde vore moro om du blei med!
      Tenk, ingen brennmanetar i alle fall!

      Arrangementet får berre skryt, så det er moro. Eg trur at for deg er halvironman ein bedre distanse enn olympisk eller sprint.

      Du har tross alt god tid til å gjennomføre alt saman, ingen hektikk, men viss du vil gå litt hardt, så kan du det også.
      Overgangane er også mykje snillare, og stemninga er super, også mellom triatletane (på ein olympisk har ein verken tid eller pust til å heie på einannan, men her har ein det)!

      Det blir spennande neste år da :)

      Slett
  2. Fantastisk gratulerer har så lyst å prøve turistvolum selv. Men det virker som mye bry med de vekslingene og alt utstyr og sykling!!!! Du får det i hvert fall til å virke veldig gøy

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Ania!

      Det er berre å prøve seg ein gong. Dei første gangene kan det virke som mykje styr med vekslingane, men dette kan ein trene på litt på førehand. Så blir det berre ein rutine etterkvart.
      Dessutan er det frivillige som hjelpar (sjølv om dette gjerne forvirrar meg litt meir enn at det hjelpar, men koseleg er det jo).
      Halvironman er ein "snill" distanse, synst eg, der du har god tid undervegs, og kan tross alt kalle deg "ironman" etterpå (sjølv omd et strengt tatt berre er ein halv ironman).

      Du som er så god til å løpe hadde sikkert kosa deg, for då kjem den sterkaste disiplinen din til slutt :)

      Slett
  3. Så flott, Imke. Skikkeleg bra jobba! Du kan vera stolt av løpet ditt, kvifor ikkje lata det vera som ein lysande boge over kvardagen din. Når du gjennomfører dette på under 6,5 timar, då er du sprekare enn 99% av det norske folk - og det tyske med! Når du greier dette, kan du greie nesten kva som helst elles òg. Det trur iallfall eg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Torodd for ein flott og oppløftande kommentar!
      Den skal eg godt ta til meg og hugse på.

      Det er faktisk første gong eg har brukt finishertrøya i fritida etterpå, når eg har gått tur, og det kjendest ganske godt :)

      Og takk i lige måde, din lettbeina spreking!
      Eg kjem aldri til å gløyme kor lett du spurta forbi meg på løpinga, utruleg.

      Bra jobba du også!
      Veldig bra!

      Slett
  4. Gratulerer! Skulle gjerne ha vært like tøff :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Birger!

      Nå lurar eg på om eg skal printe ut alle desse flotte kommentarane eg får her og henge dei GODT SYNLEG på kjøkkenskapet slik at ser dei minst ein gong om dagen.

      For slikt treng eg å høyre :)

      Det er berre å melde seg på til neste år, for du driv også med sykling i tillegg til løping?
      Då er det jo berre å få den vesle svømmedelen på plass - og vips er du blitt triatlet ;)

      Slett