26. juli 2012

Løpe eller flytte?

Det nærmar seg 1.august og eg har begynt å pakke.
Eg skal jo flytte.
Til tross for at det er mykje å gjera , hadde eg fram til denne veka likevel satt av tid til trening.

Nå på mandag var eg innom treningsrommet og trente litt styrke.
Fysio'n hadde akkurat kome tilbake på jobb frå ferien.
Og dermed, ærleg talt, så blei det ganske lite trening og mykje prat. Om Haugesund, triatlontrening, svømmeteknikk (fysio'n påstår at han har null oppdrift i vatn - synker til botns med ein gong - og då er det jo kjekt med triatlon synst eg, sidan det stort sett er svømming med våtdrakt og den gir god oppdrift) og styrketrening.
Kjekt å kunne skryte litt av av gjennomført halvironman, det trengte eg!

Sidan det blei så lite trening denne dagen og eg lengta etter å få ut litt spenning, køyrde eg opp til Raudkleiv etterpå, lysløypa i Seljord, og løp eit par runder der. Lukas var med han også.

Løypa er ganske kupert, det er knapt flate partier, så det inviterar til intervall, bakketrening, fartstrening, fartsleik og den slags, i alle fall alt anna enn roleg jogging.
Det er alt anna enn flatt på Raudkleiv!
Eg kosa meg.
Sprang nokre bakker opp, andre gjekk eg opp, i nedoverbakke både dundra eg ned i full fart eller gjekk eller jogga, alt ettersom.
Trenar på høg hælløft (high kick).
Det var ganske varmt den dagen sjølv om det var overskya, så Lukas blei fort sliten og eg kjendte også at eg hadde trent styrke før denne dagen. Alt i alt så det ei fin lita økt på 40min.
Lukas blei fort sliten i varmen.
Men han kosa seg han også.
Sidan måndagen har eg ikkje trent. 
Eg har vore sååå motivert. 
Har hatt veldig lyst til å springe.
Og ser fram til å prøve nye løpesko.
Det er raudt på Raudkleiv.
Sidan løpeturen ikkje var planlagt, fekk  "maraton-skoene mine " frå 2007 bli med på tur (ASICS 1110).

Men så ser eg meg nødd til å legge desse planane litt på hylla (her i stoga er det jo plutseleg mange hyller som står tomme sidan eg har begynt å pakke ned).
Eg blir så stressa av å pakke nemleg.
Eg greier knapt å tenke på noko  anna enn pakking.
Og alt som står igjen.

Kroppen min er i alarmberedskap og hovudet mitt kjennest som om det skal sprenge snart.
Og så har eg fått kink i nakken.
I går kveld fekk eg sterke magesmertar etter middagen (funksjonell dyspepsi hilsar), då var det berre å ligge heilt stille på sofaen i fosterstilling med varmeflaske og paracet.



Eg har også fått synsforstyrrelsar, både i går og i dag, som var svært ubehagelege.
Det var ein "blind flekk" i midten av synsfeltet. Og fleire vandrande flekkar der det såg ut som det rann vatnet over bildet eg såg.
Æsj.
Det blei borte igjen i går.
Men det dukka opp igjen i dag også.


Eg drøfta dette med fysio'n ("Kan det vera kink i nakken som pressa på synsnervene, tru?"), men han meinte eg skulle heller snakke med ein lege.
Her i Seljord fekk eg ikkje hjelp på legekontoret sidan det var "så travelt med Countryfestivalen" og eg "heller skulle kontakte fastlegen min i Bø" (ja da, eg køyrer tre mil med synsforstyrrelser!), det var ganske ekkelt og nedslåande å bli avvist på denne måten.
Det var faktisk slik det såg ut til slutt...
Heldigvis vandra flekkane i synsfeltet bort (det såg til slutt ut som ein halvmåne av glitrande diamantar, pent var det i alle fall), så mest sannsynlegvis og forhåpentlegvis er dette berre stressrelatert.
Men eg skjønner nå at eg burde ta ein pause frå treninga og fokusere på flyttinga, og kanskje berre rusle turar med Lukas og ellers sitte i ein god stol ute og nyte sola.

Best å ta vare på kroppen, også om hovudet er stappfult av idear om løpetrening.
Eg kjem til å få tid til dette etterpå.
Eg skal prøve å vera så tolmodig som eg kan :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar