22. juli 2012

Heilt topp

Nokon driv med motbakkeintervalltrening.
Eg er ein av dei.
Men viss eg kunne velgje, ville eg heller løpe opp heile den bakken med gåpausar i mellom, enn at eg spring to minutt i motbakke for å jogge nedatt og gjenta dette eit x antall gonger.

Dermed var det akkurat det eg gjorde i går.
Eigentleg så hadde både sofaen og PCen og TVen eit godt grep rundt meg.
Hadde det ikkje vore for Lukas, hadde eg antagelegvis utsatt løpeturen til dagen derpå.
Men Lukas er sta, og han skal ha turen!
Lukas fekk viljen sin og eg fekk meg ein motbakkøkt.
Me er fornøydde begge to!
Eg har brukt vegen opp til Hattefjell som opptreningsbakke for kneet mitt tidlegare i år.
Små, korte, lett fjærande steg på mjukt underlag i motbakke er jo sååå bra påstod Fysio'n, nemleg.
Det er ca.585m høgdeforskjell mellom meg og toppen av Hattefjell.
Det høyrest mykje ut, synst eg.

Men det er jo berre som å småspringe opp trappar, eigentleg.
Sjølv om eg ikkje spring heile tida.
Som tidlegare, så delar eg opp: eitt minutt løp, eitt minutt gange.
Gjentek eg dette 15x kjem eg til Skuggelimyr, der det er - riktig gjetta - ei myr (og ganske våt er den også), og derifrå startar ein ganske smal bratt sti opp mot toppen. Den tek det 8-10min og gå opp.

I går var eg ganske seint ute, sola hadde gått ned mange plassar nede i Seljord, men ho skein fortsatt på dei kringliggande toppane. Såå fint!
Kroppen kjendest litt tung på veg opp, og kondisen var ikkje heilt der, kjente eg, men alt dette er jo gløymt når eg står der oppe ved postkassa.
Nydeleg å koma på toppen! Utsikten er alltid like fin.
Eg rakk dei siste solstrålane også.
Eg synst ofte at det er vanskeleg å kle seg riktig i motbakkeløp. Det går seint og blir utruleg varmt på veg opp, og så blæs det jo gjerne på toppen, og på veg ned att kunne ein like godt ha hatt langbukse også om sommaren.
Det som er kjekt å bruke da, er slike "lause armar" og "lause kne" eller knevarmarar.
Utsikt over skyggelagte Seljord frå Hattefjell.
Her brukar eg ASICS armvarmarar sidan eg likar å springe i singlet,
men frys fort på armane... Praktisk!
Det er så praktisk når temperaturen ligg mellom langbukse og shorts. Eller mellom singlet og langerma trøye.
Og eg som har vanskeleg å bestemme meg i utgangspunktet har funne slike lause armar og bein så praktisk.
Du får både og. Ja takk, begge delar, liksom.
ASICS armvarmarar - dei kjøpte eg i Oslo ifjor, rett før halvmaraton på Oslo maraton.
Dei finst også i maaaange fine fargar, men dei hadde svart, og det er bedre enn ingenting.
Før Haugesund investerte eg i eit nytt par knevarmarar. Dei som eg har frå før var anten 1) for kalde (Lycrastoff, det blir nesten kaldare enn utan) 2) for trange (lause bein som avsnørar blodsirkulasjonen på syklinga) eller 3) for korte (knevarmarar som berre varmar kneet).


Etter litt leiting på nettet fann eg eit par fine knevarmarar av ei blanding av ull og syntetisk materiale, frå ORCA. Dei er litt lengre enn at dei berre dekkar knea, mjuke og behagelege, tøyelege, lette, varme men pustande, og held godt fast rundt låret utan å snøre inn blodsirkulasjonen.
"ORCA Unisex Velo Torque Merino Knee Warmers"
Eg braut med prinsippet mitt om "Ikkje fleire svarte plagg"denne gongne. Desse var for gode til å la vera å kjøpe dei. Dessutan har dei i alle fall nokre lyse kontrastsaumar og refleks på framsida.
Dei er heilt nydelege å ha på (det er merinoull i dei), og kosta ikkje all verden heller.

I motbakken i går hadde eg dratt dei ned til føtane, mens eg drog dei opp over knea då eg kom på toppen der det blåste. Fantastisk oppfinning!
Hadde kanskje vore enda betre i finare farge, men så kan eg jo alltids shine opp litt med ei trøye i "Hi-Viz"- farge.
Og vips så hadde eg langbukse!

Fortsatt god søndag!

4 kommentarer:

  1. Sprekt! Og de knevarmerene så digg ut; må vurdere å anskaffe et par slike! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Silja!
      Knevarmarar er praktiske og tek vare på kne som frys fort.
      Desse frå ORCA bestilte eg på www.startfitness.co.uk der dei er satt ned til halv pris.
      Eit lite tips ;)

      Slett
  2. For et inspirerende innlegg Imke! Jeg vil ut å løpe opp til fjellet NÅ! Dessverre er det nesten bare hauger her i Trondheim, lite fjellfølelse å få. Men det finnes nå noen steder her også :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Cathrine!

      Ja her hadde du kosa deg på fjell-løpetur, med så mange fine fjelltoppar på alle kantar, og du som er så sprek og lettbeint i fjellet!

      Hattefjell er min "yndlingstopp", sidan den har passe høyde og ligg rett bak huset mitt.
      Du finn nok ein liten haug i Trondheim som kan gje deg litt fjellmotbakkefølelse, det er eg sikker på :)

      Slett