Ikkje så mykje, reint treningsmessig.
Eg har drive med krykketrening.
Gått meir på krykker.
Gått riktig (bøydd kneet i den grad det er mogleg).
Laurdagen hadde eg eit lite gjennombrot ved å gå heile vegen heimanfrå og ned til sentrum. Vanlegvis tek det 8-10 minuttar. Den dagen tok det ein halv time.
Men været var fint, det var vår i lufta, og det var herleg å kunne gå.
| Krykketrening i fint vêr. Bra teknikk, med strekt bein. Litt for store steg kanskje. |
Forsiktig. Med middels belastning.
Og passa på at kneet hadde det bra.
Det hadde det.
Spesielt etterpå.
Så mjukt kneet blei!
Kneet mitt blir bedre for kvar dag: større bevegelighet, mindre vondt, bedre stabilitet.
I morgo er det torsdagstur, og eg har sååå lyst til å vera med!
Så i dag skal eg til fysioterapeuten igjen og få kneet mitt deklarert "klart til lett tur".
| Ikkje meir snø!! Sjølv med brodder på både sko og krykker så er det skummelt med snøen som skjuler isen på vegane. |
Men ute snør det tett nå, vinteren er tilbake!
Det er meldt mildare utover, men eg trur neppe eg kan vasse i snø i morgo.
Og eg har så lyst på tur!!
Hm...
Eg får berre håpe på det beste.
Er spent.
bra at det går bedre med knee. Snøen kom tilbake , men den smelter nok fort igjen. God tur med krykker
SvarSlett