9. februar 2012

Er aking bra for pusten?

Nå har halvparten av veka gått og eg har alt fullført tre av dei fire "minimums"- øktene som eg hadde planlagt: ein time sykling på rulle (på måndag), ei økt svømming (på tysdag), og ei økt styrketrening (i går).
I dag var det som vanleg torsdagsgruppetur igjen, og der blei det tur til fots og aking på rumpeakebrett (som nok kvalifiserar til ei lett styrkeøkt med fokus på å halde kroppspenning, og statisk trening av  magemusklane).

Om eg derimot gjennomfører den planlagte løpeturen denne veka, er eg ikkje så sikker på.
Eg trur kanskje at når det gjeld pust, så er det best å heller trene styrke ein gong til, eller svømme.

På tysdag svømte eg for første etter eit halv års opphald. Minst!
Eg kan eigentleg ikkje hugse siste gong eg svømte.
Det må ha vore ute, i august kanskje.

Forholda i bassenget på tysdag var perfekte: eg hadde heile bassenget for meg sjølv.
Herleg!
Eg svømte litt krål og litt rygg, mellom to kortare opphald i badstoga.
Slik føltest det å svømme igjen: Deileg!
Dagen etterpå var eg støl i musklane som ligg mellom ribbeina (external intercostal muscles): klassisk for meg når eg svømmer og ikkje har god og djup nok pust: dei intercostale musklane jobbar på spreng for å utvide brystkassa og dermed auke lungevolumen, noko som mellomgulvet er blitt dårleg til...
Eg måtte snike inn eit anatomi-bilde. Er ikkje anatomi fascinerande?
Eg synst det.
Styrke hadde eg ikkje trent på heile fire veker, så det blei ei forholdsvis lett og allsidig økt, med størst fokus på kjernemuskulatur og øvre rygg og nakke.
Dessutan fekk eg tid til nokre push-ups!
Sidan eg startar her heilt på scratch (skrætsj?) så blei det 3-2-2-3-4 push-ups, med eit minutt pause imellom. Så får eg sjå om eg har nok sjølvdisiplin til å bygge vidare på dette.
Jammen fekk eg også skvisa inn nokre chin-ups. Like mange omtrent, innleda av eit lite hopp opp mot stanga. Ellers greier nok dei puslete armmusklane mine ikkje heilt utfordringa ;)
Chin-ups. Ein plass må ein jo starte.
Dette var i alle fall ein god start på triatlontreninga.
Og det kjendest godt.
Nå skal eg berre ikkje forhaste meg.
Pusten er viktigast, og den lar seg ikkje tvinge fram, så gjerne eg enn skulle ønskje det.
Men eg kjenner at både svømminga og styrketreninga har gjort godt for pusten så langt.
Og sidan eg bytta til rulle-dekk på ChiCqiloen, pussa eg like godt heile sykkelen.
Hmmm ja blank og fin :)
Og akinga i dag gjorde godt.
Eg skulle hatt med kamera.
For ein fart me fekk på den nypreppa bakken i anlegget i Morgedal...
Kanskje er det lettelsen over at alle bein fortsatt var i god behold etter dei fartsfylte turane som fekk lokka fram eit par gode djupe innpust?
I så fall skal eg også begynne med regelmessig aking i bratte bakkar.
Ikkje den verste øvinga i så fall ;)
Og så turar med Binna er fint.
Spesielt i så nydeleg  vintervêr!

4 kommentarer:

  1. Chin-ups... jeg er målløs!!!! :-) Jeg får alltid krampe i mellomgulvsregionene etter svømming, og av og til også etter jeg har løpt med høy puls og anstrengt meg litt ekstra.... jeg puster sikkert som en hamster ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hihi som ein hamster, tja kven veit?
      Eg trur kanskje små gnagarar er flinke til å puste, dei har jo ganske høg puls også ;) ?
      --> ja svømming stiller nok krav til pustemuskulaturen, ved at ein berre kan puste med hovudet over vatn.
      Kramper i mellomgulvsregionen får du?
      Det høyrest vondt ut.
      Eg har tidlegare hatt mykje hold på løping, men det har gitt seg etter at eg lærte meg å puste meir rytmisk.
      Kanskje er det rundt pusten me kan forbedra oss også, i tillegg til rein "muskulær" trening?
      Spennande å høyre om ulike erfaringar!

      Slett
  2. Klarer ikke chinnups heller. Har aldri klart det. Når jeg var aktiv svømmer fikk jeg alltid pess fra treneren for det. Klarte meg bra med strake bein istedenfor. Fint start på triathlontreninga.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hm det høyrest ikkje godt ut å bli pressa av trenaren sin altså.
      Han/ho skulle vel heller ha motivert/inspirert deg til å prøve dei?
      Eg har greidd chinups tidlegare, både då eg var aktiv med klatring (det er 15år sida) og då eg jobba som avløysar (ein blir ganske sterk i overkroppen som avløysar).
      Jepp, ein fin start på triatlontreninga :)

      Slett