21. desember 2011

"Koffor stoppar du?"

Sjølv om eg har hovudmålet klart for 2012 og eg sikkert alt kunne gå i gang med å planlegge treninga fram til IM 70.3 Norway, så har eg eigentleg ikkje gjort det.
Eg synst at det er litt deileg å ikkje trene så veldig strukturert for tida, men heller ta det etter innfallsmetoden.
På denne måten trur eg at eg på lang sikt faktisk får trent meir og bedre enn om eg hadde prøva å følgje ein plan.

Men det betyr jo ikkje at treninga mi er utan mål og meining...
Fokuset mitt nå i desember og januar er og vil være løping og styrketrening.
Målet med dette er å legge ein god basis til våren når eg skal begynne å auke løpedistansen igjen og starte med utesykling.
Konkret har eg prøvd å springe to gonger i veka, og trene styrke to gonger i veka.
Det har vist seg å vera utfordring nok i desse førjolstider!

Styrketrening går fint, og eg greier å auke antall repetisjonar på dei fleste øvingane, men så synst eg dagane går så fort at plutseleg så er det ei heil veke sidan sist gong eg trente styrke...

Når det gjeld løping så har det vore lettare.
Binna skal jo ut på tur uansett, så då kan det vera like greitt å ta på løpesko og småjogge gjennom skogen.
Det har jo vore så fint vêr i det siste, og lite med snø, og på den måten har det gått ganske bra å springe på stiar i skogen, også der det er bratt.

Og sjølv om det er ein god del tyngre å springe i snø samanlikna med bar asfalt, så likar eg det eigentleg kjempegodt!
Det er noko med variasjonen i underlaget, at eg ser undervegs om det har vore folk på stien før meg, kor hen dei har plassert føtane sine hen, og så er det solstrålane av låg vintersol som får snøen til å glitre i varme fargar, lyden av knirkande snøen og vissheten om at om eg spring litt for fort og ramlar, så er det alltid eit lite snødekke som dempar fallet ;)

Binna er i superform om dagen og kan ikkje skjønne at eg må ta fleire og fleire pausar når me spring i motbakkar gjennom skogen. Spesielt i går måtte eg fundere litt på koffor ho i all verda er så lett til beins. Ho er over 11år gamal, det skal jo tilsvare 77 hundeår!!
Så kom eg på at ho veg halvparten av meg sjølv og forflyttar denne vekta ved hjelp av fire bein, mens eg har berre to. Dessutan har ho naturlege brodder på potene sine. Mens eg glippar vel litt meir innimellom.

Så mens eg tek pausar, pustar og pesar og støttar meg på låra mine stoppar Binna berre opp, med drikkeflaska mi, ser på meg undrande "Koffor stoppar du nå???"
Kult!
Eg håpar at eg er i like god form når eg blir 77år gamal.
Så når me snakkar om treningsmål så skal eg la dette vera langtidsmålet mitt ;)

"Koffor stoppar du nå?"
På dei siste løpeturane har eg ikkje behøvd broddar eller piggsko (sistnevnde har eg forøvrig ikkje heller), snøen har gitt godt feste å springe på.
Det er så deileg å springe i skogen!
Eg observerar Binna under løpeturen for å finne ut hemmeligheten hennes bak den gode kondisen.
Ok, Binna varmar opp til løpeturen ved å rulle seg i snøen.
 Ikkje sikkert  eg skal gjera det same...
Sjå på halen: Binna LOGRAR. Eg trur det er her nøkkelen er.
Ho gleder seg til tur - uansett - heilt frå starten av!
Det er jo kjent at dei fleste hundane gleder seg til tur - uansett. Dei blir glade berre dei får lov til å bli med ut. Ikkje veit dei kor langt dei skal, kor hen eller kor lenge. Men dei set pris på å koma ut, lea seg. Dei har heller ingen innflytelse på turvalget undervegs (bortsett frå Binna som av og til får bestemme kor me skal - då havnar me alltid nede i sentrum ved skulen: det er der skuleungane hiv ifrå seg nistepakkene sine).
Binna er nok GLAD i å løpe - og stiller ingen spørsmål. Ho likar å vera ute.
Så enkelt er det.
Glede over å løpe i skogen...

2 kommentarer:

  1. Jeg synes det du skrev helt først var veldig bra; at ikke-strukturert trening i denne perioden gjør at du får trent bedre på lang sikt, samt at det å trene styrke og løping en periode er bra for å "herde" seg frem mot våren. Veldig enig! :-)

    SvarSlett
  2. Så bra!
    Periodisering i treninga har eg veldig tru på. Eg brukar gjerne detaljerte treningsplanar ellers, og likar det godt, men synst det er forfriskande med mindre strukturert trening ei stund.
    Det er artig å kjenne at lysten på trening gjer at eg eigentleg er ganske aktiv likevel, nesten like mykje som ved "målretta" trening.

    Ja "herding" er eit godt ord. Det gjer eg absolutt i desse motbakkane her oppe ;)

    SvarSlett