10. desember 2011

Historisk: M-Dot kjem til Norge!

Akkurat eit par dagar etter at eg sat og dreiv med konkurranseplanlegging/planlegging av treninga i 2012, så blei - HURRA!  - den første norske og skandinaviske halvironman frå WTC (World Triathlon Corporation) lansert. Nettsida er oppe og går.
Det blir halvironman i Haugesund 8.juli 2012:

Påmeldinga opnar 14.desember 2011.
Og eg har så lyst til å vera med!
Her er det eit lite utdrag frå heimesida til IM 70.3 Norway/Haugesund:

"The first ever IRONMAN 70.3 Norway/Haugesund will be held on July 8th 2012. Athletes will swim in Skeisvatnet, a small lake in the rural part of Haugesund, compete on the bike along the coastline of the North Sea and run through the town center before they finish at the inner harbor of Haugesund."


Eg hadde eigentleg ikkje planar om noko lengre triatlon enn ein olympisk distanse, men den første "M-Dot" halvironman i Norge må eg rett og slett få med meg.
M-Dot - kortversjonen for Ironman.

Så då må eg vel ta eit lengre besøk i nettbanken og skrape saman småbeløpa frå ulike kontoar til det blir nok til startkontingent (uoffisielle kjeldar avslører til å vera på 2000NOK)?

Eg har faktisk aldri vore i Haugesund, så det blir spennande å dra dit, og både ved å svømme, sykle og løpe der!
Bra!
Tidpsunktet tidleg i juli passar meg bra. Då blir det god tid til å bygge løpeformen, og få nokre mil på landeveissykkelen. Kanskje skal til og ned Chiquilo'n få sleppe til i Haugesund, kven veit.
ChiCqilo.
Eg er veldig spent.
Ikkje har eg eigentleg råd til å vera med på ein så stor og dyr konkurranse med overnatting og transport, og ikkje veit eg korleis helsa mi bli framover, for det må eg berre innrømme: det går i ekstreme mentale berg- og dalbaner her, og restitusjonen etter nedturane tek litt tid.

Med eit større mål er det til tider lettare å trene, men samtidig så står det meir på spill også.
Men ein halv Ironman er ikkje ein full Ironmandistanse, så eg håpar og reknar med at det går greitt.
Uansett er det viktigaste for meg ikkje tid, men å få koma til start og til mål.
Så det blir målet for 2012. Og ha det moro samtidig, sjølvsagt...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar