28. juni 2010

Ein mikrotriatlon i kveldssola

Sommarvarmen heldt seg lenge utover dagen i går.
Etter å ha nyte varmen i fleire timar ute på plenen, så begynte det sakte men sikkert å krible i triatlonbeina.
Sol og varme og blå himmel inspirerar meg, rett og slett.
Dessutan trengte eg ein test av utstyret mitt (igjen).

Noko som nemleg har vakt litt bekymring hos meg er korleis eg skal få på triatlontoppen min etter å ha svømt 3,8km.
Eg har ikkje så mange bekymringar. Ikkje bekymrar eg meg for cut-offtida på verken svømming eller sykling, eller den totale maks-tida på 15t på IM i Frankfurt, eller om Islands vulkan plutseleg skal spy ut aske igjen som gjer at ingen fly kan starte på onsdag, det er rett og slett alt for mange ting ein kan bekymre seg for, og så mykje energi har eg rett og slett ikkje til overs akkurat til dette.

Altså satsar eg på at alt ordnar seg.
Men triatlontoppen er ørlitegrann trang. Den passar bra når den fyrst er på, og eg har brukt den mange gonger og synst eigentleg at den er kjempegod å ha på.
Men trang er den.
Og korleis blir det då å dra den over våt hud? Med slappe og trøtte armar og slitne skuldrer?

Dette måtte testast.
Ikkje at eg tok og svømte 3,8km for å trøtte ut skuldrene mine for så å vrenge på meg triatlontoppen i full fart.
Men det fine været frista rett og slett til å ta ei lita gjennomkøyring med mesteparten av utstyret eg hadde tenkt å bruke.
Spesielt svømmebrillene var eg usikker på. Eg har ca 6par svømmebrillar, til forskjellig bruk.
Eit par med mørke glas, enno ubrukt, for veldig lyse forhold ute, to par med blå glas, som er også litt mørke, men best i basseng, og så tre par rosa (!) svømmebriller, som eg har funne ut gjev best syn ute i alle slags lysforhold. Dei kan vera i lysaste laget direkte mot sola.
Men eg vil gjerne ha mest mogleg sikt. Det er det uansett alltid for lite av med så mange kroppar rundt meg, og eg tør eigentleg ikkje heilt førestille meg korleis det blir saman med ca 2000 andre rundt meg, på søndag.

Bilen blei fullt opp med sykkel (og denne gongen var det ChiCqiloen som fekk æra av å vera med på luftetur, berre for moro skyld), sykkelsko, hjelm, løpesko, våtdrakt, svømmehette, svømmebriller, øyrepluggar, bukse og topp, sokkar og mykje meir.

Denne gongen var det vatnet ved Bjørgesanden eg ville teste. Stranda høyrer til Seljord Camping, som synst at det er heilt greitt at eg let bilen min står der utan at eg betalar for det, noko som eg synst er veldig hyggeleg og som gjer at eg nok kjem til å svømme der oftare denne sommaren. Dessutan er strandkanten litt over 400m lang, og her kan eg fint svømme utan å koma så altfor langt ut, noko som gjer det ganske trygt også når eg er ute aleine.

Vinden hadde i løpet av dag auka ein del, men eg skulle uansett berre svømme 10-15minutt, så nokre bølgjer og litt kald vatn tenkte eg at eg vile tole.

Litt bølgjer må ein tole.Vinden auka etterkvart til frisk bris.

Og Seljordsvatnet viste seg, som ikke uventa, frå sin livlege side. Frisk pust frå sør og bølgjer med skumtoppar lenger ute. Eg var glad for at eg berre skulle svømme langs stranda. Merkeleg nok så var vanntemperaturen god. Ikkje at den kjentest god. Eg er nesten alltid like forferda over kor kaldt vatnet er med det same eg vassar uti. Og igår var det ingen unntak.
Skeptisk kasta eg gradestokken eit stykke ut i vatnet og lot det synke ned frå skumgummikorken til djupare vatn.
Eit blikk til side avslørte at det var ein heil gjeng med tøffe ungar som leika seg på ei flytande trampoline og i vatnet.

Lengre unna såg eg ungar som leika seg i vatnet. UTAN våtdrakt!

Dermed var det ingen unnskyldning lenger. Eg bestemte eg for to runder langs stranda, som kanskje blir 450 til saman. Og svømme rett ut på vatnet hadde blitt ei morsam oppleving, sidan bølgene var ganske høge, men veldig korte. Mens eg svømte langs med vannkanten, fann eg etterkvart ein god pusterytme i stort sett same takt som bølgjene lyfta meg opp og ned.
Det var ein fin følelse. Sjølv om bølgjene hadde virvla opp mykje sand, var det såpass klart at eg kunne sjå botnen under meg, og kunne stadfeste at eg faktisk bevega meg også framover, og ikkje berre opp og ned.
Stranda på Bjørgen Camping. Eit lite nærbilde. Mellom to bølgjer.

Tida i "T1" skulle eg bruke for å finne ut om det i det heile tatt var lurt å svømme i badedrakt og vådrakt og skifte til tørr triatlontopp etterpå. Eg har alltid syntest at det praktisk å ha på tøy under våtdrakta på kortare distansar, og meir forfriskande også spesielt når det er varmt.
Men på søndagen har eg tenkt å unne meg ein god skiftepause. For å "nullstille" meg liksom.
Våtdrakta blei vrengt av, kroppen tørka fort, og den trange triatlontoppen vrengt på.
Det gjekk då greitt?
Tida i "T1" blei ytterlegare forlenga då eg traff ein hyggeleg kollega like før eg skulle koma meg på sykkelen. Og etter at eg blei triatlonmidtsidepike i Vest-Telemark Blad er dei fleste godt informert over kva slags galskap eg brukar fritida mi på.
Oppstemt etter årets første ordentleg utesvømmetur forklarte eg ivrig om opplegget mitt denne dagen, om fordelar og ulempar med korte og lange triatlondistansar, om svømming i bølger med og utan øyreproppar, og det ville nesten ingen ende ta.

Litt sommarstemning ved Bjørgesanden. Eg er glad i strand.

Så bar det ut på sykkelen. Litt usikker var eg om skoene skulle vera PÅ pedalane. Eller om eg skal gå med skoene på. Noko som er ubehageleg med klossane som stikk ut. Dessutan kan føtane mine alltid trenge litt massasje ved å gå lite ekstra stykke barbeint, sidan dei har ei fæl tendens til å dovne bort.
Frå Bjørgesanden og opp mot hovedvegen er det ein enormt bratt motbakke. Den hadde eg ikkje tenkt så mykje på på førehand. Etter 3min motbakke ca var beina nesten alt tome for energi og stinn av mjølkesyre.
Trudde eg.
Så var det 30min langs Seljordsvatnet i motvind, og litt kortare tid tilbake i medvind. Beina hadde kome seg fort etter det motbakkesjokket, og tråkka fint og kjendest gode, i både mot- og medvind.
Slett og tørr asfalt og spennande geologi langs Seljordsvatnet. Her ei av yndlingsstrekningane mine.

Eg blei nesten litt vemodig over at ChiCqiloen kjendest noko aldeles bra å sykle på, og eit snev av tvil overkom meg over sykkelvalget mitt. Skulle eg kanskje bruke tempoesykkelen likevel? Men Marvilen min er nok heilt klar det betre valget for ein Ironmandistanse i år.

Slike forhold kunne eg gjerne hatt heile året...

Heile sykkelturen blei kort. Kanskje 40 minutt? Eg såg faktisk ikkje ordentleg på klokka.
Tilbake på Bjørgen Camping og ved bilen, der Binna sat og venta tolmodig, fekk eg på meg sokkar og sko, tømte lommene for sykkelverktøy, lessa sykkelen inni bilen og slepte Binna ut av den.
Frå stranda fører ein liten turveg langs eit lite våtmarksområde tilbake mot Seljord. Vegen er kanskje berre ein liten km lang. Eg og Binna tok og jogga den opp og ned eit par gonger.
Og mens Binna sjekka dei lokale luktforholda, kjende eg på pusten min, på føtane mine og på den fine kveldsstemninga.
Det er fint når buskasen opnar seg innimellom langs stien.

Det var fint å springe på grus og gras og sand. Vegetasjonen kom tett inntil stien. Og sidan eg skulle halde pulsen på eit behageleg nivå, var det berre å stoppe og ta fram mobilkamera:

Nype er eigentleg ein rosebusk. Ikkje vanskeleg å skjønne slektskapen.

Alt ein kan oppdaga på ein so kort løpetur. Nye utsikter, små, nesten gjengrodde vatn, blomar og stein. Bjørnebærbusken blei lagt merke til, og skal oppsøkast igjen seinare denne sommaren.

Bjørnebær. Også ei rose eigentleg. Her skal det bli bær litt seinare!

Eg kunne tenkt meg å padle her. Det må då vera ypperleg restitusjon for kropp og sjel.

Eg anar ikkje eigentleg kor lang tid eg brukte på verken svømming, sykling, eller løp. Ikkje bruka eg pulsklokke heller. Det var fint, og befriande, og moro.
Tida gjekk, og det kan hende eg bruka ganske lang på denne vesle treningstriatlon min.
Så fint var det, at eg avslutta med litt rusling langs den nyoppdaga stien.
Og endå litt meir utsikt.

Også på ein slik fin sommardag med mykje sol blir det kveld til slutt.

Eg var så fornøydd med økta mi.
Sjølv om eg, då eg kom heim og pakka ut utstyret, ikkje lenger kunne hugse kva slags par av dei identiske rosa svømmebrillene eg nå hadde testa, og som hadde vist seg å vera bra.
To par hadde lege inntil den våte våtdrakta og såg heilt like ut, og til og med likt brukt ut.
Nåja, ein kan jo heller ikkje teste og finne ut alt heller...

1 kommentar:

  1. Anonym29/6/10

    No nærmar det seg veldig Imke! Å sø he du vøre sø flink mæ treningi! Eg gledar meg veldig, te å fyge mæ!! Sø SPÆNNANS!!! :-) Klem Marie

    SvarSlett