22. juni 2010

Årets første utesvømming

I dag skulle eg endeleg ta meg tid for årets første utesvømming.
Tidlegare har det riktignok frista pga ein del varme dagar, men vatnet i Seljordsvatnet var rett og slett for kaldt for meg.
Men endeleg, i dag, så stoppa eg ved Telnes Camping (som eigentleg heiter Telnessanden camping og friluftssenter, men sjå sjølv, her) for å teste vanntemperaturen.
Det som er fint med Telnes er, at dei har ei strand som er vestvendt, og der vatnet er langgrunt, og dermed varmast opp fort. Dessutan er det sol til ganske seint på kvelden, noko som innbyr til ei sein svømmeøkt i romantisk kveldssol.
Svømmehette, svømmebriller og øyrepluggar i tillegg til våtdrakt klart til bruk.

Eg har fått gratis parkering til treningssforemål ved Telnes Camping, noko som eg set veldig pris på. Dermed er endå ein plass klar til utesvømming denne sommaren.

Sjølv om temperaturen i dag var veldig sommarleg og god, så blåste det ein god del.
Stranda der eg har svømt ein gong tidlegare, låg i ly for vinden, og eg tenkte meg at det var denne eg ville prøve.
Oversiktsbilde frå Telnessanden sine heimesider. Ein ser godt kor langgrunt det er langs stranda.

Etter å ha høyrt meg om fekk eg derimot eit uventa "innsider"tips, om at den vesle stranda på motsatt sida var nok bedre eigna, og varmare, sidan vinden mest sannsynlegvis hadde ført alt det varme overflatevatnet inn i denne bukta.
Her er den vesla bukta med stranden som eg valgte meg ut i dag.

Eg bestemte meg altså for å prøve noko nytt, og tusla bort til denne vesle bukta.
Og for ein vind som blåste meg imot!
Bølgjene ser då ikkje så altfor store ut. Eller?

Eg tenkte at det er alltid eit eller anna ein kan trene på når forholda ikkje er optimale. Eg skulle altså trene på å svømme i bølgjer i dag.

Kvifor ser bølgjer alltid så små ut på bilder?? Det var skumtoppar lenger uti også...

Med godt mot tok eg på meg våtdrakta, fann ut at den heldigvis framleis passar, at dei små hakk på høgre lår framleis ikkje har vidareutvikla seg til hol som slepp inn vatn, og at kvelningsfølelsen rundt halsen er like sterk som alltid.
Men å ta opp ei svømmehette over ein uregjerleg hårete krølltopp var ikkje det lettaste. Så mykje enklare er det i svømmebasseng, når eg kan dusje først,og håret har blitt vått og glatt. Eg drog ekstra til, og dermed var det gjort - svømmehetta blei riven i to!
Det var noko eg aldri kunne ha førestilt meg at kunne skje.
Desse gode silikon Sailfish-svømmehettene har altså begrensa holdbarhet!?

Takk for eit langt og godt samarbeid, Sailfishsvømmehette nr.73! (som altså er eit resirkulert produkt etter Seigmann 2008, der eg og Helene redda haugevis med svømmehettar frå å bli eingongsprodukt ved å gje dei ein sjanse til.

For eg kan ikkje skylde på lange fingernegl.
Med tre syklar som skal vaskast og pussast og smørast og finpolerast så foretrekker eg å ha neglane kort. Og etter å ha vaska og pussa og smørt og finpolert både racer- og terrengsykkel i går, så er det ingen skarpe kantar igjen heller på fingrane mine.

Men kva skulle eg gjera nå?
Vatnet var eigentleg for kaldt til å svømme utan svømmehette. Dessutan er det slik med langt hår, at det blir hengande over ansiktet når ein skal puste mellom kråltaka, og dannar ein våt tilnærma lufttett gardin foran nesa.
Men så har vatn ei utruleg tiltrekningskraft på meg, og eg stod nå der ferdig påkledd, med bølgjene som lystig utfordra meg til eit lite bad.

Eg fann ut at eg rett og slett også ville trene på improvisert svømming utan svømmehette.
Økta i dag skulle uansett mest tene til å sjekke ut om våtdrakta mi var i god stand etter vinterpausen, og korleis vanntemperaturen nå er.

Det blei ein ganske kort tur i vatnet. Heldigvis hadde eg øyreproppar i veska mi (som eg pussig nok aldri hadde teke ut av veska etter sommaren i fjor. Og som pussig nok er "ordentlege" Speedo-øyreproppar av silikon. Som eg ikkje kan minnast at eg nokon gong har testa ut eigentleg).
Og vatnet var ikkje så kaldt eigentleg! Øyreproppane gjorde absolutt at det ikkje kjendest så kaldt. Eg dykka dessutan aldri heilt under heller.
Eg har ingen aning kva temperaturen i vatnet eigentleg var. Sånn ca 15 gradar kanskje?
Eg kråla litt att og fram, og ikkje minst opp og ned mellom bølgjene, trente litt på å sikte mot bøyer, noko som var skikkeleg vanskeleg, sidan bølgjene var riktig høge og korte.
I tillegg kunne eg simulere svømming i eutroft (næringsrikt) makroalgerikt og gjengrodd vatn, sidan håret mitt for kvar pust la seg som lange våte tjafsar (algar) foran ansiktet mitt og hindra både sikt og pust...

Etter endt svømmetur tok eg med meg sakene mine bort til den store stranda for å svømme litt i rolegare vatn. Men for ei overrasking. Vatnet var verkeleg merkbart kaldare der! Sjølv om eg hadde det godt og varmt i våtdrakta mi, så frista det ikkje med meir svømming.
Eg er glad for at eg høyrde på eit godt råd og valgte meg den vesle stranda.

Det er lurt å bruke øyreproppar når ein svømmer i kaldt vatn. Desse er av silikon. Dei funkar bra. Eg brukar vanlegvis skumgummiøyreproppar av typen handverkar...

Det var tross alt ei fin første utesvømmeøkt. Eg gleder meg til fleire. For når det er utesvømmesesong, då er det sommer. Fint!

Vatn med farge som honning.

1 kommentar: