23. februar 2010

Treningsfilosofering (treningsplanlegging del 2)

Eg har ikkje blogga på over ei veke.
Nå lurar eg verkeleg på om bloggen min skal skifte tittel, frå triatlon'dagbok' til triatlon'vekejournal' eller noko tilsvarande.

Men så går det jo eigentleg ikkje ein einaste dag der eg ikkje på ein eller annan måte er involvert i triatlon.
Så bloggen fortener navnet sitt. I alle fall ei stund til.

Eg er framleis godt i gang med treningsplanlegging.
Det vil sei, eg vil vel heller kalle det treningstilpasning, eller -justering.

Eg har bestemt meg for at det ikkje finst noko spesielt opplegg som passar meg såpass bra at eg vil kunne følge det til punkt og prikke.
Dessutan er eg nødd til å trene mens eg planlegg. Og då blir jo opplegget til undervegs!?

Og DET har eg tru på.

For eit par-tre veker sida oppsøkte eg ein dyktig fysioterapeut i Bø for å innhente råd om kva eg skulle gjera med den høgre hoftemuskelen min, som har vore nesten konstant støl det siste halvåret.

Ein viktig del av at "opplegget blir til undervegs" er jo at ein burde lytte til kroppen, og korleis den taklar og absorberar treninga.
Og ein konstant murring i ein muskel vil eg absolutt lytte til. Men sidan Laila har bedre gehør for idrettsrelaterte muskelklagar og -plagar, så let eg henne lytte.

Det var visstnok min tensor fascia latae, og dens feste, på høgre sida, som måtte ta støyten for at lårmuskulaturen min var ein smule sliten og stiv.

(Bildet er hemningslaust kopiert frå Sportsinjuryclinic.net og finst her)

Etter nærmare gransking av treninga mi det siste halvåret måtte eg innrømme at eg likar å springe i nedoverbakke. Ikkje fort og hardt, men likevel, det er jo moro og gratis fartstrening. Men det skulle vise seg å vera det eg helst burde gjera minst av i tida framover, viss eg ville ta meir vare på lårmuskulaturen, og ikkje minst, den stakkars vesle hoftemuskelen min.

Eg forklarte busituasjonen min. Eg er omgitt av bratte bakkar. Uansett kva slags retning, det er anten rett opp eller rett ned.

Jo da, eg kunne godt springe bakkane opp. Det var berre fint, det. Men eg burde helst ikkje springe NED.
Nei vel.

Hm.
Sidan det for meg er heilt uaktuelt å ta bilen (som nok ville hatt meir å klage over hos ein bilmekaniker enn det eg har hos ein fysioterapeut) for å køyre 1,5km ned til Seljord sentrum der det er nokonlunde flatt, så bestemte eg meg altså for å GÅ ned bakkane, i staden for å springe eller jogge.

Og det har eg gjort sidan.
Det betyr at eg brukar 15min med gange før eg eg begynner på sjølve løpeturen.
Binna set nok pris på det, sidan ho då får massevis av tid til å springe rundt og snuse og sjekke dei siste aktivitetane til dei firbeinte i nabolaget.
Og eg får faktisk varma opp littegrann. I den grad det er snakk om oppvarming og ikkje nedkjøling når eg, gong på gong, bommer på antall klesplagg i forhold til temperatur og vind.

Så har eg kartlagt stigningane her rundt omkring og plukkar meg ut løyper med minst mogleg stigning, og har begynt å GÅ ned bakkane. Huff ja. Og eg som har verkeleg kosa meg med å "fly" ned bakken når eg først hadde kjempa meg opp til toppen...
Men det får eg har til gode seinare.

Utfordringa er no berre, korleis eg skal gjennomføre rolege langturar.
Eg går ned bakken heimanfrå. Spring ein time. Så er bakken der igjen når eg skal heim. Til ein viss grad kan eg jogge opp den 1,5km lange bakken opp til huset mitt utan å koma altfor langt opp i pulsen.
Det har også fungert å veksle mellom jogging og gange.
Men uansett, så tek det ytterlegare 20min for at eg kjem meg heim.

Og når eg skal skrive treningsdagbok, korleis skal eg da føre opp løpeturen?

- "Brutto"-tid på beina?
(som betyr at ein kort 5km på 30min blir til ein tur på over ei time)

- "Tid i målsonen"
(som betyr at eg kan føre opp bakken heim att i slutten av treningsturen, sidan den er uansett om eg spring eller går, meir intenst enn rusletempo, og å betrakte som trening)

- "Netto-løpetur"
(som tilbakelagte km etter planen. Ein kort 5km løpetur blir ein 5km løpetur, uansett om eg har gått 1,5km ned først, og så 1,5km ein bratt bakke heim att).

--> dette er nok å fundere over ei stund.
Bra at eg er glad i trening. Uansett om det er utført trening, planlegging, eller kva skal eg kalle dette:

treningsfilosofering?

1 kommentar:

  1. Så fint å se at du er i god treningsmodus :) og har fått gode råd fra fysio´n.
    All trening er god trening... syntes nå jeg, så den oppvarmingen din kommer godt med.
    Jeg sykler til jobb, bare 6,5 km hver vei... men det føres inn i loggen ;-P

    SvarSlett