7. februar 2010

Innstilling

Eg synst jo at det er artig og inspirerande å lese andre bloggar.
Spesielt dei som handlar om trening, endå meir spesielt dei som handlar om triatlon.

Men eigentleg så er det kanskje ikkje så nøye kva slags trenning folk driv med.
Eller spelar det noko rolle om det dreier seg om rein sykling, eller maraton, trening med vektreduksjon som mål (eller bi-effekt) eller vegen fram mot ein ironman?

Det som fascinerar meg kanskje mest, er kanskje korleis folk taklar dei hindringane (=utfordringane) som dukkar opp undervegs, igjen og igjen, og som prøver å sabotere vegen fram mot målet.

Det handlar mykje om innstilling.
Pussig kor mykje (tid og pengar) folk kan investere i å få stilt inn sykkelen sin riktig. Men kva med den mentale innstillinga?
Den treng vel kontinuerleg finjustering heile tida?

Sist eg bladde meg gjennom forskjellige triatlonbloggar, snubla eg over ei formulering, som omhandla triatlontreningsmoglegheitane om vinteren.

Nå har eg ikkje tatt og sjekka korhen i Tyskland bloggforfattaren held til.
For det kan hende at værforholdet der borte ER virkeleg alt anna enn ideelt.
Kva veit eg?
For all del, eg vil jo ikkje dømme måten andre mennesker handterer sine utfordringar på.
Men likevel,
så stussa eg over den bastante måten vinterværet blei bedømt/fordømt på.

Formuleringa lyder noko sånt som at "svømming er det einaste som går an å utøve utan problem i dette været".
Det høyrest ut som den delen av Tyskland nettopp har blitt ramma av ein moderat naturkatastrofe.
Eventuelt er dei utsett for uforutsigbare lynnedslag, tornadoar, hagl i størrelsen av tennisballar, oversvømmelse (derav svømming som einaste alternativ?) underkølt regn som frys alt som er ute i det fri til is eller uhandterlege vindkast med ein styrke som får bilane til å miste bakkekontakten og virvle ukontrollert omkring?

Eg er kanskje ikkje lenger så oppdatert på det som skjer der borte.
Kan hende eg har gått glipp av ein del nyheitssaker.

Ja da. Eg må innrømme at eg au synst at det er lettast og mest moro å trene på sommaren. Då er det "bart" på vegane (med mindre me tenkjer tilbake på sommar 2009, der vegane store delar av tida var dekka av vatn i strie straumar, alt anna enn bart var det), mild temperatur og lyst ute.

Men vinteren byr då på så mykje meir enn "problematisk" vær?
Ja, det ER jo litt tyngre å springe på snø. Men så er jo også treningseffekten så mykje større, slik at ein faktisk kan greie seg med kortare økter enn på sommaren.
Ja, det ER littegrann skummelt å sykle på snø og is når sykkelen er dårleg skodd, og glatt underlag er gøymt under lag av is og snø, og brøytekantar gjer vegen smalare og avstanden til forbipasserande bilar mindre.
Ja, det ER slik at ein burde kanskje ha med seg hodelykt på kvelden når det er mørkt og det er lite belysning der ein skal løpe.
Ja, ein burde vel kle seg litt bedre enn på sommaren, altså sjekke temperaturen og vindforholda FØR ein kjem seg ut på tur.

Men er alt dette så problematisk?
Kven har nokon gong lova at trening føregår utelukka problemfritt og at livet er utan utfordringar?

I går kveld så blei eg med på ein tur i den lokale lysløypa i Seljord.Raudkleiv. Den er veldig kupert. Bratte bakkar.
Treningskameraten min påstod at eg ville ligge langt foran henne, sidan det "går raskare å skøyteski enn på klassiske".
Ja ha.
Me skulle gå to rundar.
Eg kava meg opp motbakkane i fiskebein og ploga meg ned att i nedoverbakkane, mens eg prøva å halde øyet med ryggen langt der framme som bevega seg tilsynelatande uanstrengt med perfekt feste og framragande gli i den flott preparerte løypa.
Etter den første runden hadde ryggen forsvunne rund den tredje svingen og eg var så utslitt etter ein knapp halvtime med pulsen i "tungt- ganske tungt - eg burde stoppe"-sonen at eg valgte å ikkje prøve meg på enda ein runde. Anstrengelsen hadde alt sendt blodsukkeret mitt i kjellaren, frårøva meg orienteringssansen, og gjort at alle svingane begynte å sjå like ut. Eg lengta etter ein koseleg kveld på sofaen sovande foran TVen, og valgte å vente på treningskameraten min, som etter ikkje så veldig lang tid dukka opp igjen etter runde nummer to, i full fart med snøen sprutande etter seg, uanstrengt og i knallform.
Ho ville ta berre ein liten runde til. Berre den "korte". Eheg valgte heller å jobbe litt med skøyteteknikken min i den vesle delen av løypa som ikkje har stigningsprosent over 6% eller meir, og som var dessutan i trygg avstand til parkeringsplassen slik at eg ikkje risikerte å gå meg bort i alle desse identiske svingane (eg tør å påstå at eg kunne greie å gå meg bort i ei lysløype, også sjølv om den i grunnen berre består av rundar. Utan blodsukker vil hjernen min rett og slett ikkje jobbe).

Men eg hadde då ei fin økt likevel, kort og effektiv.
Og kvelden blei ytterst behageleg etter dusj og middag.
Den blei også ytterst kort.


Men i dag er det søndag og det er sol, og det er fantastisk vintervær ute, og det einaste eg synst som er problematisk med å trene i dette været, er at eg ikkje kan bestemme meg kva eg skal gjera:
om eg skal dra på ein skitur i fjellet,
drå enda ein tur i lysløypa,
om eg skal gå på klassiske eller skøyteski,
eller løpe ein tur,
eller trene litt styrke i den solfylte stoga mi,
gå ein lang tur med Binna i sola...

Men når eg ser på langtidsværvarselet får eg roen igjen.

Eg har god tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar