25. januar 2015

Back to basics!

Endeleg er forkjølelsen blitt betre.
Så nå er det faktisk moro å trimme!

Eg har tenkt tilbake på året 2014.
Det var treningsmessig og prestasjonsmessig ikkje så altfor mykje å skryte av.
Bøsprinten gjekk veldig bra.
Overgang frå sykling til løping på Bøsprinten 2014.

Grunnlaget mitt var ganske dårleg med sidebandsskade i kneet frå januar til mars, slik at løpetreninga mot Bøsprinten var reine skippertaket.
Så tok formen seg opp, og både tung styrketrening og tempotrening gjennom april-juni var kjempemoro. Men formen totalt sett var ikkje god, og etter at eg måtte avlyse Haugesund i juli så skjønte eg høss sliten kroppen eigentleg var.
Så dukkar smertane i hælen og under foten opp etter ei vekes fjelltur på 6mil og ein del toppturar i august-september, og plantar fascitten var eit faktum.
Resten av året var rehabilitering.
Provisorisk laga balansepute: to sitteunderlag oppå einanna på ein planke, då blir det tåhev mens eg lagar mat.
Statusen nå er at føtane mine har blitt bedre, i alle fall den såkalla "plantarfascittfoten" min, som eg kalla den høgre, sidan den er verst. Men den venstre har faktisk også begynt å sei ifrå.

Men alt i alt så går det bedre.
Med nesten fire veker tvangspause sidan romjola pga forkjølelse og bihulebetennelse så fekk vel føtane nok kvile, og rikeleg med næring gjennom all jolematen. Med den støytdempande snøen så blei lufteturane med Lukas også snillare, og dermed littegrann lengre enn før.
Dårleg tid? Med hodelykt blir dagane lengre.
Men - kva skal eg finne på i år?
Eg kjenner at eg treng eit mål å trene mot. Om eg når dette målet, er faktisk ikkje så altfor viktig. Klart det er moro. Men om IM 70.3 Haugesund blei DNS i fjor, så den står berre på lista over ting eg skal prøve igjen.
Er jo ikkje verre?
Eg kjem meg ikkje ut av bygda utan å få skilt som visar vegen til Haugesund. Heilt sant! 
Så har eg tenkt å droppe konkurransar som involverar løping i år.
Ingen løp, og heller ingen triatlon.
I heile 2015.
Med mindre det dukkar opp ein veeeeldig sein triatlon og føtane har plutseleg som ved eit under blitt symptomfrie over fleire månader. Men det trur eg neppe skjer.
Dessutan er det slik ved ein ligamentskade (dvs skade på leddband, noko som den plantar fascien anatomisk sett er, og ingen "fascie") så er viktig å la skaden gro riktig, og dette skjer over lang tid, også når det ikkje er lenger smertefult å belaste bandet/foten.
Det betyr i praksis at om ein ikkje har hatt vondt i ein plantarfascitt-fot, så går det riktignok an å trene, men såkalla "kollagenremodellering" pågår fortsatt. Alt i forhold til skaden så kan denne pågå i eitt år og meir. Kollagenfibrane brukar tid til å bygge seg opp, og ikkje minst, så er det bruken av leddet rundt bandet (=foten) som bestemmar korleis bandet bygger seg opp.
Slik skal det bli - fine, arrangerte kollagenfibre. Bildet er frå Gray's Atlas for students.
Den plantar fascian blir kalla for plantar aponeurosis sidan den anatomisk sett ikkje er ei fascie.
Bandet blir f.eks. sterkare under belastning som f.eks. styrketrening. Spesielt nyttig er tåhev der ein også brukar god tid i senkefasen. Då blir kollagenfibrane strekt i riktig retning, dei blir påvirka til å legge seg slik at dei er sterkast.

Men nok om det.
Poenget mitt er at om føtane ikkje lenger er vondt, så skal eg gjera det beste for at føtane mine blir så sterke etter plantar fascitten som dei kan bli. Vanlegvis så er leddband etter ein skade aldri like sterke som før, men ein kan påverke dette i positiv retning ved å trene riktig.
Så det er dette eg skal gjera.

Fokus i år er altså basistrening.
Høyrest det kjedeleg ut?
Ingen kule konkurransar, fart og spenning, kule fargerike konkurransesko og skinnande temposykkel?

Joo da.
Det spørst jo alltid kva ein gjer ut av situasjonen sin.
For meg så er nok triatlonkonkurransar den største kjelden for motivasjon.
Så eg planlegg min konkurransesesong for 2016.
Rett og slett.
IRONMAN-koppar i skapet - nyttig inspirasjon og bra for motivasjonen!
Eg har veldig lyst på ein fulldistanseironman igjen.
Fulldistanse, altså 3,8km svømming, 180km sykling og 42,2km løping.
Og eg trur også at det er for min del meir riktig enn å gå for halve distansen eller enda kortare.
Da kan eg bruke tid til å bygge meg opp. Ingen harde økter, det blir fokus på lange (rolege) distansar.

Eit såpass krevande mål treng eg for å hente motivasjon til å trene eit heilt år med såkalla basistrening.
Eit morsamt, krevande og gjerne litt hårete mål, som eg har lyst til å nå, og trene for.
Og då er ein fulldistanseironman midt i blinken for meg.
Ironman® men det finst sjølvsagt også mange fulldistanseironman utan varemerket IRONMAN®
Treninga fram til denne består av mykje basistrening, mange lange løpe- og sykkelturar, forbedring av svømmeteknikk, riktig bruk av næring og restitusjon.
Ein kan ikkje jukse seg til ein fulldistanseironman.
I alle fall ikkje viss det skal vera ein positiv opplevelse.

Og DET har eg alltid som mål.
Å koma til start.
Å koma til mål.
Og å ha det gøy undervegs.

Så frå nå av startar eg saaaakte, dvs, mesteparten av trening er fokusert på riktig bruk av beina - føtane skal ikkje overbelastas. Turane skal ligge under 5km i lengda. Helst på snø.
Anten på beina, på ski eller på truger.
Ja eg har nemleg fått meg truger!
Eg har fått meg truger - og dei funkar! Det er moro å gå på trugar - faktisk.
Endeleg er heile skogen tilgjengeleg - uanett snødybde!.
Sykling er eit fint alternativ for trening som ikkje belastar føtane, men som utfordrar kondisen.
Men akkurat nå når det ligg masse deileg snø ute, så ser eg lite poeng i å sitte inne på sykkelen min og tråkke.
Kondis er viktig, men den skal eg etterkvart bygge opp ved å trene oftare, og ikkje hardare.
Treninga skal vera lett til moderat i intensiteten.

Styrketrening kjem også etterkvart, men først skal eg etablere gode rutiner på uthaldenhetstrening. Slik at det blir ein god vane å trene ofte, og restituere godt.
Eg skal også ha det moro, for den snøen ute, den inviterar til så mykje moro, og den er her ikkje for alltid, så den skal nyttas og nytas!
Det er moro med snø! Ikkje den du skal måke vekk eller skrape av bilen, men den som er fluffy og ligg i skogen, klar til bruk!
Så får me sjå kva triatlon det blir i 2016. Eg har mine favorittar og drømmar. Nokre av desse er veldig BIG and HAIRY mål med tanke på kor hen arrangementet er hen og kva det vil koste, andre har høg sjarmfaktor og andre er meir lettvint.

Det blir spennande.
Eg har kosa meg så langt med opplegget mitt.
Når ein skal begynne på skrætsj og auke veldig sakte, så får ein jo framgang heile tida, og det er jo gøy.
Eg kjenner i alle fall at treningsåret 2015 skal bli bra - uansett form og aktuelle og framtidige skadar. Eg er klar.

4 kommentarer:

  1. Anonym26/1/15

    Å drømme er noke av det viktigaste som finnes. Uten drømmer kjem ein aldri til målet. Eg drømmer mykje sjølv, egentlig heile dagen. Dette har tatt meg verden rundt. Forstår det slik at du har fullført full distanse i Ironman tidligare? Eg drømmer sjølv kun om halv ironman innan eitpar år, sliter med ryggen når sykkeldistansen går over flere mil. Line

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja drømmer er viktig. Eg kjenner det i dårlege periodar, då er det ingen drømmer lenger, og det er eit dårleg teikn. Mykje i livet startar jo med ein drøm, så plutseleg blir til ein plan, og så virkeleg.
      Eg starta med triatlon i 2007 (faktisk med ovannevnde Bøsprinten) og drømte sidan om fulldistanseironman.
      Drømmen blei virkeleg etter at eg delte denne "sprø drømmen" i 2008 med ei som også hadde begynt med triatlon, og me lo litt av dette.
      Fulldistanseironman liksom!?
      Så meldte me oss på sommar 2009, reiste til Frankfurt sommar 2010, og kom i mål begge to.
      Det var ei fantastisk opplevelse!
      Og sidan den gongen var så spesiell, så blir det neppe Frankfurt eg skal reise til neste gong, den første ironman skal forbli spesiell.
      Eg har også ein drøm om å dra til USA, så kanhende eg kan kombinere det.
      Man føtane skal vera friske, så me får sjå.
      Derfor er det ein drøm akkurat nå.

      Når det gjeld sykling, så kan det fort bli hardt for ryggen.
      Eg slit også med det, da spesielt i øvre rygg og nakke.
      Pussig nok er terrengsykling verst, eg blir fortsatt støl.
      Racersykkelen min er litt lang for meg, men med tempobøyler så får eg faktisk avlaste ryggen litt og bruke veldig mange forskjellige stillingar, det hjelpar.
      Temposykkelen min greier eg å sykle på i opp til ni mil, skulle eg sykle lengre enn det måtte eg trene rygg og nakke bedre, og bevegelighet i tillegg.
      Det finst spesielle øvingar for å styrke nakken og ryggen for å sykle på racer/temposykkel, det har hjelpt meg.
      Og så er det viktig at sykkelen passar til akkurat deg.
      Me er alle så forskjellig bygd at me må tilpasse syklane etter kroppen, eg har i grunnen bytta både sette og styre og styrestem og forskjellig på alle syklane mine så langt, opptil fleire gonger, for å få dei til å passe.
      I tillegg endrar kroppen seg med åra, så det som passa for tre år sida passar kanskje ikkje lenger nå, så at du slit med ryggen kan også ha årsak i at sykkelen passar deg ikkje så godt.

      Å reise har også vore drømmen min, og den har eg fortsatt,samt å dra på ekspedisjon ein gong, eller klatre opp på eit veldig høgt fjell.
      Drømmer er gode å ha :)

      Slett
  2. Liker godt det du skriver. Det viktigste er å ha det gøy underveis - uansett om det er trening eller til konkurranser. Det er jo VEIEN som teller. Tenk alle øyeblikkene man kan samle på:) Blir spennende å følge deg mot 2016 - er rett og slett imponert over at du har klart å fullføre fulldistanse IM! Kos deg videre med snøen (kunne ønske jeg likte den så godt som deg..:) vær forsiktig under trening og gi Lucas en god klem fra meg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det Janne!
      Skal gje ein god klem te Lukas, det likar han nok :)

      Av og til lurar eg på om eg likar veldig godt lange distansar, eg er jo veldig god til å halde ut - det er berre alle dei laaaange treningsturane til ein fulldistanseironman som er krevande (spes på sykkel). Sjølve Ironman var berre heilt fantastisk!
      Eg har også ein "DNS" frå ein slik distanse frå året deretter, då orka eg ikkje alle dei lange treningsturane. Men eg trur kanskje at viss eg nå begynner heilt frå skrætsj så får kroppen kanskje den pausen den trengte, og føtane får anledning til å bli bra samtidig som eg kjem sakte men sikkert tilbake og ein fulldistanseironman hadde vore DET MÅLET å ha der framme i horisonten :)

      Ja snø og snø.
      Den smeltar her også, men heldigvis ligg det litt att i skogen.
      Ja eg likar den, både eg og Lukas ;)

      Slett