26. oktober 2014

Tida flyr! Og det skulle eg ønske at eg au gjorde, for da hadde plantar fascittfoten min fått seg ein enda bedre pause eller kva?
Tida flyr og Lukas flyr.
Nå er det nesten ein månad sida sist innlegg, så eg får oppdatere litt:

Krykkene er kasta stua bort ei lita stund - for det går sakte men sikkert bedre med foten, om enn sa-a-a-a-a-kte. Men likevel - eg har kome meg over akuttfasen i plantar fascitten og går derfor utan krykker.
Den største utfordringa er berre turane med Lukas, sidan han til tider drar plutseleg og utan forvarsel og eg må følge med på dette, ellers må eg ta imot rykket med beina, og det har føtane mine ikkje godt av.
Når eg ikkje eg kan springe i skogen, så får Lukas gjera det. 
Eg har også vore til spesialist ved sjukehus i Porsgrunn, dvs ein fysioterapeut ved fysikalsk medisinsk institutt ved sjukehuset i Telemark. Det blei tatt ultralyd av føtane mine, og dette bekrefta at ja, fasciene under føtane mine var tjukkare enn dei skulle vera.
Venstre foten var ikkje så ille (litt over 4mm, mens det normale er opp til 4mmm), mens bandet under høgre foten min var nesten dobbelt så tjukt (over 8mm).
Illustrasjon. 
Bortsett frå ultralyd hadde ikkje denne fysioterapeuten mykje nytt å koma med, anna enn at hælinnlegg av typen Tuli's kunne hjelpe ved å sørge for god demping under hælen og dermed avlaste festet til fascian.
Ja han fann også ut at det kanskje var ein liten knute på fascian, men altså dette har eg ikkje lyst til å skrive meir om - eg skal tenke "frisk fot - sterk fot!" framover og ikkje knuter osv...
Tuli’s® Heavy Duty Heel Cups
Ellers gjekk diskusjonen mykje rundt det å ha labrador i huset, me fann nemleg fort ut at me hadde ein brun labrador i huset begge to.
Og prate om hund er tross alt meir oppløftande enn å prate om langvarige belastningsskadar, ikkje sant?

På skofronten har eg fortsatt lyst på Hoka One One sko, men etter å ha testa eit par i butikken er eg ikkje så veldig begeistra likevel. Føtane mine er fortsatt super sensitive, og sjølv om Hoka-skoene har dobbel så mykje demping som vanlege mengdetreningsløpesko og skal vera mjuke, så kjendest dei ikkje så gode å ha på.
Uansett så skal eg ikkje begynne å løpe før til sommaren kanskje, så eg har jo ikkje behov for nye løpesko med det same.
http://www.hokaoneone.eu/fr/d/stinson-atr-femme_264.html
Hoka One One Stinson ATR - ein terrengsko, den står på ønskelista mi!
Eg har derimot fått meg eit nytt par MBT-sko, om enn brukt, men så hadde eg berre lyst til å prøve ein annan modell og ei venninne av meg hadde eit par i ein størrelse som passa meg.
Og sidan desse rare skoene kjennest godt å bruke på turane med Lukas, og ikkje minst etterpå, så blir det nok eit nytt par av desse etterkvart.
Av den litt meir sporty typen, slik som denne:
MBT-Jahi (submarine), også på ønskelista mi.
Ellers har eg lege på latsida når deg gjeld trening.
Det blir for det meste transportsykling som held kondisen sånn nokonlunde vedlike.
Sjølv om eg faktisk tok temposykkeln fatt ein dag og sykla på rulla ein gong, det var uventa moro!
50min innesykling/utdriving av mentale demoner -
på rosa temposykkel - faktisk moro!
Og eg har trent styrke for overkropp og kjerne.
Det var heilt greitt.
Men sistnevnde blir ikkje godt for føtane etterpå, sjølv om eg passar på at eg belastar føtane minst mogleg.
Lukas hjelper til med styrketreninga - han varmar opp yogamatta :D
Turane med Lukas er stort sett det mest regelmessige av mosjon eg får for tida, og det er eigentleg heilt greitt.
Eg er faktisk veldig glad at eg KAN gå mellom 45min og ein time i skogen eller faktisk på asfalt utan å ha vondt i føtane etterpå.
Det er jo framsteg, det!

Svømmehallen har endeleg opna her, så etterkvart skal den også takast i bruk.
Eg fekk lyst til å svømme - men vatnet var sjølvsagt iskaldt - så eg får heller kome meg i svømmehallen!
Hausten er berre utruleg flott i år, fine fargar og både sol og regn og vind og storm og kjøleg og mildt om einannan, akkurat slik det skal vera, og det likar eg!

Treningsmotivasjonen er ikkje spesielt stor eigentleg, eg kjenner at mangel på mål neste år inspirerar ikkje akkurat til strukturert trening.
Samtidig tenker eg at det er heilt greitt å vera litt lat, sidan slike overbelastningsskadar har jo årsaka si i for stor belastning av kroppen i forhold til kroppens restitusjonsevne, så det kan ikkje skade å ta det litt roleg ein periode.
Istadenfor å springe langs opplyste gater nede i sentrum så sit eg i skogen og leikar meg med kamera. Denne gongen var det berre mobilkameraet som skulle testast i skumringa. Det blei ganske bra synst eg. Til mobilkamera å vera?

Eg trur nemleg ikkje på at ein kan isolere ein skade i foten og tenke at resten av kroppen har det heilt fint. Det er mangel på ressursar etter mi meining, og for dårleg lytting til kroppens signalar som fører til overbelastning.
Men det er ein balansegang. Nokre av dagane der eg sit alt for mykje stille så søv eg gjerne dårleg, og når det blir dårleg søvn, blir det dårleg restitusjon, så da kan eg godt bli meir fysisk aktiv slik at kroppen får slappa av om kvelden og gir signal om at det er på tide med søvn og kvile og restitusjon.

I dag kjenner eg at eg er stiv og støl etter gårsdagens sykling med Lukas (eg har tatt opp igjen ein ekstremsport: sykling med Lukas. Meir om det kanskje seinare :D), så eg får heller logga av nå og prøve å aktivere støle musklar i nakke og skuldrene.

Ha ein fin søndag!

11 kommentarer:

  1. Jeg løper nesten alltid med den grønne hælkappa selv om det nå er 7år siden jeg hadde plantar. Hvis jeg løper konkurranser så løper jeg uten (hælkappa passer ikke i skoene) men på trening så er hælkappa kommet for å bli. I dag løp jeg med en mindre blå "gele-greie" (aner ikke hva den heter....) fordi den passer bedre i skomodellen jeg løp med i dag - så jeg løper alltid med NOE ekstra under hælen. Som jeg skrev sist så var skomodeller helt avgjørende for meg da jeg hadde dette og jeg måtte gjennom i alle fall fire feilkjøp før jeg fant en modell som jeg kunne løpe med uten å få vondt i hælen. Og jeg må jo si at det var en seiglia sak den der plantaren altså...... det er stor variasjon har jeg hørt men for min del så gikk det vel cirka et år før jeg ikke lenger måtte ta så mye hensyn til hælen og uten at jeg trengte å bekymre meg for om smerten skulle dukke opp igjen. Så fra det du skriver så synes jeg du er godt på vei om du kan gå tur på bortimot en time? Det høres jo veldig bra ut. Er det ikke noe vondt mens du går - kjenner du ikke noe underveis heller? Misforstå meg riktig nå: jeg forstår veldig godt hvor ille det er å ha dette men jeg ble bare så gla da jeg leste at du kunne gå tur - for jeg tror jo at bare det å få vært ute å bevegd seg bidrar positivt når det skorter på tålmodigheta - for som sagt så opplevde jeg det som en langdryg ventetid da jeg hadde dette...

    Tvi tvi og hold motet opp! Jeg heier på deg ;-)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for så mange gode tips og råd!
    Det var godt å høyre at du synst at dei grøne hælkappane funkar! Dei ser nå så rare ut, men eg trur dei skal eg få bestilt meg nå i første omgang, det er i alle fall enklare og rimelegare å begynne med enn å finne riktig skotype!
    Eg har også sett og hørt ein del bra om desse blå gelhælinnlegga, dei med slik blå sirkel rett under hælen, dei skal vel avlaste festet til fascien, og funkar for dei som har utvikla hælspore.

    Når det gjeld løping ventar eg uansett til sommaren - ingen konkurranse der løping er involvert, det blir fokus på sykkel og svømming.
    Eg lurar også på om rulleski/ski på vinteren kan vera fint, men eg får sjå.

    Eg er innstilt på at plantaren blir ei langvarig greie, og eg er "heldigvis" ikkje påmeldt noko større konkurranse neste år, så eg kan ta meg den tida eg treng.
    Dei første turane var berre på 1km! Og med mange pausar undervegs, satt i 20min på ein fin plass i skogen og leika med Lukas istadenfor berre å gå.
    Så prøva eg litt til.
    Nå blir det ein lengre tur bortimot ein time, eg går ikkje fort, men "snilt" liksom - poenget er jo ikkje å trene, men å nyte turen og spare føtane samtidig. Eg får ikkje vondt under hælen, men rett under foten av og til. Fysioterapeuten meiner at det er fotmusklane som også er overbelasta, så det kan vera dei som gjer vondt.
    Rett under hælen får eg plutseleg vondt - liksom: Kan nokon ta ut den der spikaren som sit i hælen???
    Det kan heller skje når eg har sitte lenge på ein rar måte (stram leggmuskulatur?), eg har ikkje heilt skjønt NÅR det kjem, men er ikkje i direkte samanheng med turane.
    Så er det mykje rare og diffuse symptom i foten, spes høgre - murring, "surring" og prikking, mest når eg er i ro - det tolkar eg som at det skjer noko i foten, og det gjer det jo - forhåpentlegis i riktig retning!

    Alt i alt så ja, det er HERLIG å kunne gå litt tur, da blir livet litt meir normalt igjen, og det roar ned nervene og hjelper på tolmodigheten - absolutt!
    Og ein time er bra nok også.

    Tek all heiinga imot med opne armar :)

    SvarSlett
  3. Skjønner godt at du blir litt "umotivert" når du blir begrenset av skaden din. I tillegg til alt det andre som du også nevner (da hjelper det kanskje med nye joggesko? Bare fordi det er GØY, hihi..)
    Flaks at du har Lukas da, så du MÅ ut med han på turer :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur også at Lukas har noko av æren for at eg har det så bra allikevel - for då MÅ eg jo ut og det kan hende at føtane også har litt godt av det - både føtane mine og hodet mitt har i alle fall godt av å kome meg ut i skogen framfor å tusle heime med ein eller annan tur i butikken (det harde golvet der er i alle fall ikkje noko godt - då er det mykje bedre med lav og mose).

      Og JA det hjelpar sjølvsagt med nye joggesko - kanskje som jolegave, kven veit.. :) :)

      Slett
  4. Anonym27/10/14

    Hei. Ser at du lurer litt på Hoka-skoene. Jeg kjøpte meg Clifton for to måneder siden, og pådrog meg smerter i det jeg tror er fester til akillesen på hælen. Så skoene mine står nå helt unyttig i gangen min. Hvis du kunne tenke deg å låne mine noen måneder for å se om de passer og kjennes greie ut for føttene dine, så sender jeg dem gjerne til deg. Helt seriøst:) De er str 39.

    SvarSlett
  5. Anonym27/10/14

    Mvh triathlonhilsen Gro Anita:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Gro Anita!

      Ja det hadde vore noko, og prøvd skoene i "ro og mak" (dvs inne, ingen tur i møkkaskogen da ;) ).
      Er det den størrelsen "39 1/3) ?
      Eg brukar 39 i vanlege sko, men i Hoka'ene så passa eg best inni 38 2/3, dvs US 7 mens eg eigentleg bukar US 7,5 - dei er rare i størrelsen.

      Takk for tilbodet, eg tek gjerne imot om det er riktig størrelse altså!

      --> Det med akillesen var jo dumt - og den er ikkje å spøke med! Ei triatlonvenninne av meg har slite med akillesen lenge, og det kan fort bli like langvarig som Plantar fascitt trur eg.
      Så det er nok best å ikkje ta sjansar.

      Slett
    2. Anonym31/10/14

      Hei igjen:) jeg sjekket akkurat skoene og de var dessverre 39 1/3, så da syntes du at de var for store? Jeg hadde med glede sendt de over til deg, og det hadde vært meningen at du skulle bruke de ute også:)

      Slett
    3. Hei igjen Gro Anita!
      Sorry for tregt svar, eg får ikkje automatisk beskjed om at det er kommentar på bloggen når det er "anonym" som sender ;)
      Og så -ehem- har eg ikkje blogga på fleire veker...

      Ja dessverre så passar ikkje 39 1/3. Eg har vore innom ein sportsbutikk og prøvd Hoka Skoene, og dei er store i størrelsen.

      Veldig koseleg at eg at du hadde lyst til å sende meg skoene, altså, det set eg veldig pris på :) :)

      Slett
  6. Først: godt å høre at det går fremover med foten din! Veldig glad på dine vegne.
    Ikke stress med dette at du mangler treningsmotivasjon - den kommer. Her er det også til/fra. Men sånn er det bare.
    Jeg må bare nevne Lukas igjen...herlighet for en søtnos! Håper jeg treffer dere begge en dag.
    Ønsker deg gode dager <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det Janne!

      Det med motivasjonen kjem og går i rykk og napp!
      Eg slit litt med korttidsmotivasjonen: "Kva-er-poenget-med-å-sykle-ein-tur-når-eg-ikkje-skal-på-konkurranse-og-kondis-er-ferskvare-da-kan-eg-vel-like-greitt-vente-til-neste-år-eller-kva?" liksom :D

      Men samtidig så har eg så utruleg lyst på ein ironman igjen, ein fulldistanse.
      Så det er rart det der.
      Kunne godt tenkt meg ein fulldistanse Ironman i 2016, sidan eg da MÅ starte på skrætsj og ta det seriøst, istadenfor å hive meg på ein kortare distanse.
      Men me får sjå :)

      Ja Lukas er ein skikkeleg go'gutt, og med nytt kamera er det moro å fange inn desse øyeblikkane altså. For ein fin kar han er, så sporty og muskuløs, eg synst jo han er utruleg flott.
      Og inne er han berre kosete og skikkeleg søtnos ja, kosar seg på soafen blant tepper og puter som ein liten valp ♥ Herleg :)

      Ja det hadde vore koseleg å trefft deg! :)

      Slett