29. mai 2014

Når ein triatlet skal ut og reise...

... så reisar han sjeldan utan treningstøy i kofferten.
Og når det gjeldd reise, så er det for min del sjeldan at eg ikkje skal på ein konkurranse.
Det er faktisk ikkje så veldig overdrive, når eg tenker meg tilbake på dei siste åra, så har eg reist veldig lite, og dei få reisene har vore til triatlonkonkurransar.

Eller, så har eg reist på besøk til triatlonvenner.
Uansett, så har bagen vore stappfull med både våtdrakt, treningstøy, løpesko, badedrakt, og når eg køyrte i eigen bil, låg det gjerne ein sykkel i bagasjerommet.

Men nå skal eg ut og reise, og besøke broren min, og vera i konfirmasjon til niesa mi.
Så tok eg i dag og pakka bagen, og då såg den altså slik ut:
Ikkje sant, og kva ser me der?
Løpesko, badetøy, treningstøy, klatresko (!), tridrakt...
Jada, finskoa er også med. Kjolen var enda ikkje pakka ned, så eg skal ikkje stille i løpeskjort eller liknande altså!
Broren min antyda at han hadde nokre klientavtaler til veka som han ikkje kunne avlyse, og meinte, at eg sikkert ville bruke tida til ein løpetur blant anna...?
Ja da, det hadde eg jo!
Sightrunning!
Sjekk DET kirketårnet! Det er nok mykje å sjå på i Landshut,
så det er berre å ta løpeskoa fatt, så rekk eg jo ein del?
(Bildet er frå Wikipedia)
I tillegg har eg alt funne ut kor hen svømmehallen i Landshut ligg hen, og der er det faktisk sommarsesong og dermed har utebassenget opna. Å tenk om det blir fint vêr om eg får meg ei lita svømmeøkt i utebassenget!
Det er jo deileg med litt treningsavbrekk rundt alle festlighetane, så noko skal eg finne på.
Men då eg sjekka treningstidene til den lokale triatlonklubben, ja då skjønte eg at eg er passe triatletisert, så viss eg skal svømme, skal eg gjera det på eige hand.
Sjekk dette anlegget, såå flott!
Eit sånt eit burde me også ha i Seljord, synst eg!
(Bildet er frå Landshuter Stadtwerke eller noko trur eg,
dei set nok pris på at deler bildet og reklamerar, tenker eg)
Heldigvis har eg også sjekka om det går an å svømme i elva Isar, men Landshut er antagelegvis den einaste byen langs denne elva som har badeforbud i elva pga hygieneproblem. Sjølv om vannkvaliteten visstnok skal vera god nok og ikkje spesielt forskjellige frå dei andre byane langs elva (f.eks.München).
Så då fekk våtdrakta heldigvis ligge heime ;)
Her ein stad gjekk eg tur saman med broren min for mange år sida -
det fristar jo med ein dykkert, ikkje sant? Men det skal eg la vera.
 (bildet er herifrå, under common licence)
Eg har fått unnagjort ei god styrkeøkt i dag, og det var deileg. Eg tok meg god tid også, for det er stadig nye kombinasjonar og posisjonar på enkelte øvingar, spesielt knebøy, som eg kan lære meg.

Hm eg trur ikkje at musklane er blitt større sidan sist, '
men dei har blitt meir definert, og det synst eg er så kult!!
DET gir motivasjon!
Eg har også gjenoppdaga gamle kunstar;
Eg var ute på kveldstur med Lukas.
Og så måtte eg plutseleg leike meg litt. Måtte berre :D
Lukas syntest nok det heile var litt rart å sjå på, men han er så tolmodig, go'gutten min:
Go'gutten min :)
Det blir ikkje lett å reise frå Lukas'en min, men det er to gode venninner av meg som skal passe han, og blant anna skal han bu hos beste jentekompisen sin:
Lukas skal tilbringe nokre dagar saman med Akira, det kjem han til å sette pris på!
 Så da får Lukas litt ferie han også. Bra det :)

2 kommentarer:

  1. Håper du får en fin ferietreningstur Imke!
    Det ser ikke ut som om du kommer til å legge på deg noe kaker på sidene, så mye som du har med deg i bagen av "treningsfasiliteter" ;)

    Det så jo helt fantastisk ut med det området du viste over her, det med alle bassengene. Skikkelig badeland jo! :D

    Åh, flaks at jeg tilfeldigvis ramlet innom her nå i kveld hos deg. Like før jeg skal stikke på trening.
    Har visst tenkt å trene litt styrke igjen i dag (alt for mye vind til å trene ute i dag)- etter nesten to hele uker (!!!) uten styrketrening, fant jeg ut at jeg er litt nødt for å løfte i dag... Så det passet fint at du ga meg litt motivasjon til å komme meg avgårde ;)

    Kos deg masse på "ferie"! Og spis masse gode kaker :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Eg har visst alt tjuvstarta med kakespisinga i dag ;)
      To veker utan styrketrening? Det hender jo virkeleg ikkje ofte! Kjekt at eg kunne gje deg litt ekstra motivasjon da!
      Badelandet har det enno ikkje blitt noko av, det var faktisk kaldare her enn i Norge (!?!), men eg håpar på betre varmare vær etterkvart. Det finst derimot både einhjulssykkel og stang til chin-ups her, så noko kan eg leike meg med imens (broren min hadde også fått seg terrengsykkel, åå klart nå gleder eg meg til å koma heim att og sykle ;)

      Slett