6. februar 2014

Puster pasienten?

Dette er eit spørsmål som eg har fått høyre ein del gonger dei siste vekene.
Og heldigvis ikkje fordi eg har vore i kontakt med pasientar som kanskje ikkje pusta, men fordi eg har begynt på førstehjelpskurs i regi av Røde Kors. Jepp!

Det er eit stort kurs i kvalifisert førstehjelp, som består av til saman 30 timar, fordelt på 5 kurskveldar à 3 timar og ei helg med to lange dagar, med avsluttande teoretisk og praktisk prøve.
Eg har lenge hatt lyst til å friske opp att førstehjelpskunnskapene mine, for siste 30t-kurs tok eg i 2003, og det virkar lenge sida!
Den gangen var eg medlem i Norske Redningshunder, og trengte førstehjelpskurset i samband med prøvene eg tok med Binna. Sidan Binna blei pensjonist og eg  flytta til Seljord og slutta i Norske Redningshunder, har eg hatt lyst til å bli aktiv i Røde Kors, men det blei liksom ikkje noko av. Tida går fort, og eg har vel ikkje hatt spesielt mykje energi til overs til å engasjere meg dei siste åra.
Men nå!
Heldigvis skulle det plutseleg arrangerast kurs, og det var mange nok interesserte, og heldigvis blei kurset gjennomført her, slik at eg til og med på krykker kunne kome meg ned til Røde Korshuset.
Røde Kors huset i Seljord, rett ved ambulansetenesta.
Første hjelp er ikkje så vanskeleg, og det har blitt enklare gjennom tida, heldigvis.
Det er heller ikkje så mykje å gjera feil.
Så har du kunnskapar om første hjelp eller ikkje, så er det alltid noko du kan gjera viss du skulle koma til ein ulykkesstad som førstemann, eller viss uhellet skulle skje heime.

Eg hadde først tenkt å skrive litt om korleis ein skal gje livreddande førstehjelp, men eg veit ikkje kor hen eg skal begynne og kor hen eg skal slutte.
Viss eg skulle oppsummere det absolutt minste ein skal hugse på, så er det kjeden som reddar liv:


Viss du finn ein person som ikkje pustar, rop om hjelp, ring 113 og start med kompresjonar (HLR), 30 stykke, så 2 innblåsningar og 30 kompresjonar og prøv å halde ut med dette så lenge du kan.
--> Ellers så er det mange gode kilder på nettet til å finne meir informasjon.

I løpet av kurset har me også gjennomgått opplæring i bruk av hjertestartar, og alle saman har bestått den avsluttande prøva!
Men! Også om du aldri har brukt hjertestartar før, om du f.eks. skulle vera på eit kjøpesenter og koma ut for ein situasjon med ein livlaus person som ikkje pustar, så ikkje nøl med å få tak i hjertestartaren, og set i gang!
(Tek det tid å hente hjertestartaren, så burde nokon andre sette i gang med hjartekompresjonar med ein gong).

Det er nemleg ikkje vanskeleg å bruke hjertestarter, og hjertestartaren "snakkar" med deg, så du får innstruks heile tida.
Den seier ifrå kva du skal gjera, og seier ifrå viss du må gjera ting på ein annan måte.
Det er ingen grunn til ikkje å prøve!
Viss du lurar på korleis bruken av hjartestartar fungerar, kan du finne ein fin liten video frå Rødekorsførstehjelp her:


Største forskjellen mot tidlegare hjarte-lunge-redninginstrukser er at det er viktig med kompresjonar, også utan innblåsning først. Dei har også funne ut at sjansen for å få liv til ein pasient igjen etter hjartestans er fortsatt til stades også etter f.eks. ein halv time, så lenge det er blitt gjort hjartekompresjon i tida fram til pasienten kjem på sjukehus.

Det er greitt nok med teori, men eg synst det er ganske artig å vera på kurs, og instruktørane våre er utruleg finke! Me er berre 6 -7 deltakarar, så det blir god kvalitet på undervisning, og me får prøve ganske mykje praktisk også.
Ein av våre dyktige instruktørar!
Nå på tysdag lærte me korleis ein kan fjerne motorsykkelhjelm og sette på 'stiffnekk', altså nakkekrage som hindrar skadar på virvelsøyla/ryggraden i nakken. Dette var mest for når me skal ha vakt i regi av Røde kors og har med utstyr.
Bruk av stiffnekk kan forebygge alvorlege nakkeskader.
Så gjekk me også gjennom hodeskadar og krampar, diabetes og hjerneslag, så det var ein god blanding av teori og praksis.
Neste gong blir temaene forgiftningar og behandling av bruddskadar tatt opp, så det blir også spennande. Eg synst eigentleg alt er spennande, men det beste er at to av mine gode venner er også med på kurset, og at det er så hyggeleg og avslappa stemning på kurset. Då er det lett å lære og hugse!
Og timane går fort på ein slik kveld (dessutan har me fått instruktørane til å servere ikkje berre brus og kaffe, men også bollar kjeks og sjokolade, eller var dette kanskje i anledning tema lågt blodsukker/føling??? Eg håpar ikkje det altså :D).


(Visst du forresten at Seljord Røde Kors er eit av dei eldste lokallaga til Røde Kors? Heile 105 år gamalt, stifta i 1909, ikkje verst altså!)

4 kommentarer:

  1. Thanks for visiting my blog and for your kind words. I am looking forward to reading yours but I can't figure out how to translate it to English. Is there any chance that you can add a gadget for translation? Thanks!

    SvarSlett
  2. Hi!
    So nice of you to come over here :)
    Sorry, I forgot to tell that's it all in Norwegian.
    I'm planning a solution for an International version, a page with a summary in English, but haven't gotten so far, cause it's so much extra work.

    You can copy and paste the text into Google Translate, but I will add the Google instant translate button now, I think the translated version might have some funny sentences, but overall the Google translations from Norwegian to English are actually readable and make sense :)

    SvarSlett
  3. Et slikt omfattende kurs burde vært obligatorisk for alle skoler, bedrifter, foreninger mm.
    You Go Girl!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jaaa, kanskje det?
      Eg trur ein kjem ganske langt med eit kortare førstehjelpskurs også. Men det er rart at det ikkje blir stilt krav til dei som jobbar med mennesker om førstehjelpskunnskapar.
      Eg har jo sjølv jobba i helsevesenet med psykisk utviklingshemma ved sida av studiene, og der blei eg ikkje spurt om førstehjelpskunnskapar. Rart!

      Slett