21. februar 2014

Lykke på sykkel

Krykker er eit flott hjelpemiddel eigentleg. I går kveld gjekk eg ein runde på 4km for andre gong etter kneskaden, og kneet funkar bra nå, men eg i løpet av natta fekk eg så vondt i beina at eg lenge låg vaken og lurte på om eg skulle bruke smertestillande.
Eg hadde tatt delar av turen utan krykker, og tydelegvis, så er beinet mitt ikkje lenger vant til å gå utan hjelp.
I tillegg så vassa eg gjennom eit djupt lag med fluffy nysnø på store delar av turen. Det gjekk nok laus på mange musklar som eg ikkje har brukt på lenge.

Sykkelmusklane derimot ser ut til å vera godt bevart!
På mandag fekk me jo eit glimt av våren, eller i alle fall ein fin vintersolskinsdag, og då kunne eg ikkje la vera.
Eg tok sykkelen fatt og susa avgarde.
Vegane var både bare og tørre (jepp, det blåste nemleg ein god del), så det var herleg å sykle!'
Ja ja, herleg og herleg, eg kjenner nok at kondisen ikkje har blitt trent noko særleg dei siste vekene, for det var tungt å sykle i vinden.
Men tross alt - det var nydeleg.
Sola skein, og det lyste kvitt frå fjellene omkring.
Slik kunne det godt vera framover for min del - snø i fjellet og i marka, og bare vegar å sykle på!
Andpusten og dårleg kondis - men likevel fornøydd!
Kneet gjekk det ganske bra med.
Eg har ikkje heilt full bevegelighet enno, så i starten var det ubehageleg å tråkke heilt rundt, men etterkvart som blodsirkulasjonen kom godt i gang, blei det lettare.
Eg hadde planlagt ein liten time, i roleg tempo, og det blei det.
Sykling med støtte. Knestøtte.
Kjekt viss eg må gå av sykkelen.
Og det var såå moro!
Eg har nok savna litt fart og moro dei siste vekene, det blir jo ikkje store sprell med krykker og eit kne som helst ikkje skal bevegast på tvers liksom.
Så det var ein skikkeleg motivasjonskick!
Nydeleg å få lufta sykkelen min, den er jo fortsatt ganske ny,
så då det er litt ekstra moro!
Det kan vera at det er lenge til våren, men så snart vegene er bare og temperaturen ok, skal eg sette meg på sykkelsetet igjen.

Verken kneet eller beinet var spesielt vondt dagen etterpå, så det var bra.
Og for ein herleg frihetsfølelse det var å sykle i solskinnet..
*sukk*
Det gledar eg meg til å få meir av altså...
Ein sykkeltur i solskinnet ein vårdag i februar. Lykke!

8 kommentarer:

  1. Herlig å suse av gårde.. Håper beinet ditt blir stadig bedre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      Ja det blir stadig bedre. Det går veeeldig sakte, meir sakte enn eg hadde trudd.
      Men funksjonen f.eks. på sykkelen er veldig bra.
      Løping må eg først diskutere med fysioterapeuten min, men eg håpar at eg snart kan begynne - eg savnar det nemleg!
      Men sykkelturen var herleg :)

      Slett
  2. Hvordan er det med bevegelse i vann? Kan du gjøre gange/jogg-bevegelse i vann uten at det blir så vondt etterpå? Håper du snart blir frisk i kneet ditt Imke; synes du har taklet det bra selv om det sikkert har vært mørke stunder underveis.... usjamei - nei, håper det snart er tipp-topp igjen!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det!
      Eg har virkeleg jobba med innstillinga mi nesten heile tida, så heldigvis har det mørke stundene vore få.

      Tja eg hugsar frå sist (då eg skada det andre kneet, akkurat same type skade, berre verre) så var det utruleg ekkelt å svømme,til og med etter fleire månader...
      Med god knestøtte (den med spilar av metall i sida) så kunne det gå - ellers så blir det liksom for mykje sideveis og diagonal bevegelse mot kneet.
      Men eg har tenkt å prøve å svømme "for moro skyld" og da med pullboy mellom knea, altså svømme krål med å la beina henge etter.

      Ellers så hadde nok ellipsemaskin vore det nærmaste og beste eg kunne koma løping.
      Men det kan også hende at eg har kome til punktet der eg faktisk KAN utfordre sidestabiliteten i kneet, det må eg sjekke med fysioterapeuten først. Dei har jo av og til så morsamme/merkelege råd "Ja det er bra at muskelen ristar" "Ja berre løp i motbakke, men helst ikkje ned att" "Ja den kneppelyden kan du utfordre av og til" "Heller gå med to krykker enn med berre éi" osv.
      Kneet er smertefritt sånn stort sett, men om natta blir det jo mange rare bevegelsar på skrå og tvers, då skjønner eg at eg ikkje kan gjera som eg vil med det.

      Men er nok snart tipp-topp igjen!

      Slett
  3. Ah! For et nydelig sykkelvær du fikk! :)

    (Husk nå inderlig på og ta det med ro, ikke forhast deg med kneet ditt...! ;) )

    SvarSlett
    Svar
    1. Ååå ja for eit nydeleg vêr det var. Etterpå har det berre vore grått, men det gjer ikkje noko (eg har så mykje å lese for tida, det er heilt greitt å sitte inne med ein kopp te altså).

      Eg skal prøve ikkje å forhaste meg, det er ikkje så lett nå når kneet blir bedre, men sykling er virkeleg heilt supert for kneet mitt altså!
      Det kjente eg sist i går, då skulle eg berre diverse ærend på sykkelen, og kneet kjennest virkeleg godt etterpå.
      Men - skal skynde meg langsomt - eg har jo god tid ;)

      Slett
  4. Må bare igjen applaudere for innstilling, standhaftighet og humør. Føler du deg litt slappere nå er det bare jeg som prøver å suge til meg styrken din.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk takk! eg føler meg ikkje slappare i det heile tatt, har nemleg gått den første turen UTAN krykker i går kveld (nåja, eg tok med meg ei krykke, sånn i tilfelle isete nedoverbakke), og det gjekk bra.
      Men sykling er nok best.
      Apropor humør så skal ein ikkje undervurdere virkninga av eit par krykker på omsorgsfølelsen hos andre, eg har jo rykte av å vera "den som trenar så mykje/som er så sprek" (hahaha, slik er det på små plassar) så å gå med krykker gav jo masse medfølelse - var berre å ta imot og høyre på andre sine skader (nokon hadde tatt ALLE leddband i kneet i løpet av livet sitt, nokon sleit av ankelleddband i skogen, nokon tok same leddbandet i kneet osv, men alle hadde medfølelse ;) )
      Nå går det også framover, så då kan det vel ikkje gå nedover med humøret igjen (me får sjå kva fysioterapeuten min meiner i morgo).

      Sender deg litt energi og styrke og humør, for dette hadde eg faktisk litt av i dag! :)

      Slett