13. februar 2014

Do what you can do in the moment! (dag 29 med kneskade)

Nå har det gått heile fire veker sidan eg ramla så uheldig og strekte sidebandet i kneet.
Tid for statusoppdatering!

Eg har gått utruleg mykje på krykker.
Inne så treng eg dei jo ikkje.
Men ute. På veg ned til sentrum.
På veg heim att.
På veg til bussen.
Til kurs.
Rusletur med Lukas.
Og kneet har blitt bedre. Det går faktisk an å gå heilt smertefritt med det nå.
Men det er ikkje heilt tilbake til full funksjon enda, eg manglar både bevegelighet og funksjon.
Må passe på det, liksom.
Og går fortsatt på krykker, og det er heilt greitt.
For då går det som smurt.

Men eg savnar å kunne ein løpe ein tur for å kvitte meg med frustrasjon. Og sinne. Og dårleg humør. Det er så herleg å løpe ifrå, klarne hovudet og la tankane fly, kvitte seg med mental ballast og vera til stades i i nuet.

Men sidan eg enno ikkje kan det, så har eg altså trent styrke i dag.
"Do what you can do in the moment!" sa Dave Scott til meg, ikkje sant?
Så nå er det er faktisk andre gongen denne veka eg har trent styrke.
Do what you can do in the moment!
Eg bestilte meg eit set med manular frå XXL, til ein latterleg pris på 149,- pluss frakt blei det rett og slett for fristande. Når har eg 2x2 set med manualar, pluss ein manual med annan diameter der ikkje alle skivene passar på, og ein enkel manual.
Lukas er ikkje spesielt imponert.
På den måten kan eg ha eitt sett med tunge vekter, eitt sett med lettare vekter, éin manual med ordentleg tung vekt, og éin manual med veldig lett vekt.

Eg går nemleg fort lei av å bytte skiver heile tida, sjølv om det er jo akkurat dét som gjer manualer med vektskiver så praktisk, samalikna med eit heilt sett med ulike manualar.
Nå får me sjå korleis gamle kroppen kjennest i morgon, er den støl, eller ikkje?
Me får sjå.
Den kjennes fin i dag.
Det spørs korleis det går på kveldsrusleluftekrykketur med Lukas da.
Men eg er ved godt mot.

Koseleg å slappe av med Lukas etter styrketreninga!
Han blir alltid så kosesjuk etterpå!

13 kommentarer:

  1. Vet du......siden jeg leste akkurat den setningen på bloggen din i fjor, har jeg videreSAGT dette til maaaange. DO WHAT YOU CAN DO IN THE MOMENT! yes! finner mye "trøst" i akkurat dette. Gjøre det man kan der og da, UTEN å tenke på hva man BURDE ha gjort. Alt er bedre enn ingenting. Skjønner også at du er frustrert over å ikke kunne løpe ennå. Men det kommer........:) Fortsatt god bedring! veldig kjekt med disse vektene hjemme da!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja eg hugsar at du adopterte den setninga, og det er jo utruleg kult!
      Det er ei innstilling ein kan bruke på dei fleste områdene i livet eigentleg.

      Åååå som eg gledar meg til å løpe igjen,likevel...

      Jepp, vektene er bra, eg er veldig fornøydd!

      Slett
  2. Ja - det er mye bedre å gjøre det man kan gjøre enn alternativet som kanskje flest velger: å ikke gjøre noe!! Tommel opp for deg og tvi tvi videre; satser på at det går seg til forterer fremover nå!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Silja!
      Ja det er heilt klart meir utfordrande å gjera noko, for det er lett å sette seg ned og tenke at eg ikkje kan trene. Så lenge eg passar på at eg ikkje vrir kneet eller bøyer kneet for mykje er det ganske mykje eg kan gjera eigentleg.
      Ei utfordring er berre at eg må liksom passe på kneet heile tida, så trening er ikkje så avslappande og befriande som det pleier.

      Men det går framover, heldigvis!

      Slett
  3. Så bra at du trener styrke da, så lenge du ikke kan løpe. Så kommer det ihvertfall noe "godt" ut av skaden din, hihi... ;p

    Men du kan vel fortsatt sykle da? Så lenge det ikke er for mye snø på veiene

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har faktisk tenkt det same - eg er jo nødd til å finne ut korleis eg skal gjera styrketrening like morsamt som løping (det gjeng ikkje an å samanlikne, men likevel, eg prøver å gjera det morsamt da - og eg har jo fleire dagar tilgjengeleg).

      Når det gjeld sykling så er det for mykje snøslaps bortsett frå på hovedvegen, og brøytekantar gjer at det er mindre plass til syklistar. Eg opplever også at bilistane brukar meir plass på vegen, rart det.
      Men eg har tenkt sjølv at eg kan begynne å sykle ute nå når det er så mildt (det er snø her, men likevel plussgradar).
      Så kanskje eg skal prøve til veka ;)

      Slett
    2. Æsj, ja jeg syns også det at bilene bruker mer plass på veien når været og veiføret er sånn som det er på denne årstiden... De kunne godt ha tatt mer hensyn, men de kommer nok ikke på det på samme måten som oss myke trafikkanter.

      Det er ikke så rart at du ikke har fått med deg det at jeg har gått (jevnlig) til legen den siste tiden, for det er noe jeg har valgt og ikke skrive så mye om på bloggen. Kanskje jeg skriver mer om det senere, men foreløpig så vet jeg ikke helt hva, hvordan og hvor mye jeg ønsker å legge ut om det på bloggen. For jeg er litt redd for at det kanskje kan oppfattes feil, eller mistolkes.
      Men det har seg altså sånn, at jeg er sykemeldt fra jobben siden okt/nov i fjor, av ulike grunner. Men alt "kommer fra hodet", hvis du skjønner? Jeg sliter med litt depresjon (ikke vinter-depresjon altså), litt sånn "skjønner ikke hva som er meningen med livet-depresjoner", i tillegg til at treningen, tanke på mat og slanking har tatt over litt for mye av livet mitt, pluss til "tvangstanker".
      Så dét er liksom grunnen til at jeg er hos legen, for fornying av sykemelding i tillegg til påvente av hjelp hos sfs/psykolog.

      Men som sagt, så vet jeg ikke helt om eller hvordan jeg skal fortelle om dette, så derfor har jeg ikke nevnt noe om dette før. Kanskje også fordi jeg ikke helt har klart å overbevise meg selv om at det er "greit" å sykemelde seg (og føler meg lat som går hjemme for tiden) "bare" pga dette... :)

      Slett
    3. Ja eg skjønner veldig godt korleis det er at ting "kommer frå hodet". Det opplevar eg sjølv. Hodet mitt roter det liksom til for meg, eg er jo fysisk frisk som ein fisk, men når hodet ikkje spelar på lag, ja då nyttar det ikkje.
      Eg ser det igjen og igjen hos ei venninne som har fått MS (multippel sklerose), ho gjer sååå mykje og er super effektiv til tross for at kroppen ikkje er med. Mens eg i teorien skulle greidd så mykje eg au (eg kan jo tross alt løpe i timesvis liksom), men det nyttar ikkje med ein tipp-topp kropp når hodet roter det til for meg.
      Eg har også slitt med depressive episodar, i fleire år. Det har hjelpt å gå hos psykolog.
      Akkurat nå har eg ein annan terapeut, og me snakkar om ting som har skjedd langt tilbake, så nå skal me ta problemet ved rota.

      Eg hugsar første gong eg skulle bli sjukmeldt for 14 dagar i strekk. Det hadde ikkje skjedd før. Eg fekk jo frykteleg panikk. Dårleg samvet og alt det der. Det tok litt tid å finne ut om dette, korleis eg skulle fred med meg sjølv om at dette var greitt. Eg følte meg som ein snyltar. Men det var eg jo ikkje. Når ein blir heime fordi ein er sjukmeldt så er det jo akkurat for å bli friskare, og bli bedre, og mest sannsynlegvis hjelpar det å gjera mindre av det ein har gjort før, for å finne ut kva som funkar bedre.
      Det finst ingen snarveg til å finne ut om korleis du ikkje skal føle deg "lat" når du er heime. Det virkar som du gjer ein god del (det virkar ikkje som om du kjedar deg), og at du gjer aktivitetar som du trivst med, og det er kjempeviktig!
      Eg har for meg sjølv funne ut at eg ikkje er til nytte når eg ikkje er frisk, og når eg er dårleg, så går det så fort nedover at ingen er tent med at eg hadde prøvd meg i nokon form for jobb nå.
      Så jobben min nå består i å bli friskare, finne ut korleis eg kan fungere på best mogleg, samtidig som eg prøver å finne ut kva som ligg bak det heile, saman med ein terapeut og legen min.
      Det er det som er viktig nå.

      Så eg håpar for deg at du finn nokon (psykolog, tearpeut, ein eller annan) som du får tillit til og kan prøve å finne ut kva som skjer, kva du kan gjera osv.
      Forresten det med tvangstankar er eg også plaga av. Det er skikkeleg dr**.
      Det er jo "berre tull". Likevel.Det er sikkert forskjell frå person til person, men likevel.
      Feil tankar i feil person, seier eg berre ;)

      Eg har jo ofte tenkt at eg skal gjera det meir som eit tema i bloggen min, å snakke meir om psykisk helse, men så er tema så omfattande, eg veit omtrent ikkje kor hen eg skal starte, kva eg skal ta med, og så kan det fort bli eit tungt tema, så det får heller bli litt innimellom.
      Eg kan skjønne at du sjølv ikkje heilt veit om eller korleis du skal fortelle om dette i bloggen din, viss du i det heile tatt skal det.
      Det hastar jo ikkje.
      Eg trur kanskje det vil føles meir naturleg å gjera dette når den tida kjem.
      Fram til da er det jo fint å bruke bloggen til å dela både trening og handarbeid (synst berre alt du lagar er så bra altså), turar, fine bilder osv med oss andre, det synst eg er kjempekoseleg å følge med på.
      Bloggen kan vera ein fin plass å samle gode ting på, i alle fall har eg opplevd med min, spesielt i triatlondagboka.
      Så - du er ikkje lat! Du tek vare på deg sjølv, og det er kjempebra!
      Viss du har lyst og behov, kan du jo sende meg ein pm på Facebook, då er det meir privat, viss det er noko du har på hjartet.
      Så langt får me prates her og bloggas!

      Ha ein riktig fin dag!! ♥

      Slett
    4. Takk Imke. Det virker som du skjønner hvordan jeg har det, kanskje fordi vi har det på noenlunde samme måten begge to. Om vi "lider" av det samme, eller bare rett og slett fordi vi begge to sliter med hodet, hehe... :)
      Men takk for tilbudet, det kan godt være at jeg tar deg på ordet (pm på fb), hvis jeg trenger det. Det er alltid godt å vite at jeg kan snakke med noen :)

      Jeg venter jo på "hjelp" altså, legen min har sendt søknad (...!) om å få komme inn i et "system" på sfs, de på Jæren dps mente at jeg ikke hadde det behovet som de kunne tilby meg der, og at jeg heller burde få hjelp med spiseforstyrrelses senteret (men jeg er ikke så sikker på det selv, at det er DER jeg vil få den beste hjelpen. Men jeg får bare håpe at de som kan det, vet hva de snakker om. Men jeg må jo begynne et sted, så får vi heller jobbe oss videre derifra.

      Æsj, ja tvangstanker er liksom "bare" for de fleste, som IKKE har det. Men grusomt irriterende for oss som faktisk har disse problemene i hodet! :p

      Slett
    5. Kom på at jeg glemte å si noe; ja jeg tenker også at bloggen min ksn være et fint "glemmested", eller gjemmested, hihi... Og så kan jeg bruke den til å vise ting som jeg liker å drive med (så kan heller de som ikke ønsker å lese om dette, klikke seg inn på andre sine blogger i stedet ;) )

      Så kanskje, kanskje kommer det mer om dette senerer. Når det går bedre ;p

      Slett
    6. Ja du får sjå. Du har jo virkeleg nok spennande å fylle bloggen din med! Og bloggen er ein fin måte å gløyme litt det som ikkje funkar så bra, og få fram alt det andre gode, spennande og morsamme.

      Eg håpar du finn deg ein bra plass der du får litt fagleg hjelp. Ofte er det ikkje så lett å vite kva som passar for ein, men du kan starte ein plass, og så ser du.
      Eg hadde ein psykolog over fleire år, og god nytte av å snakke med han, men så var det plutseleg ikkje lenger noko poeng, eg fekk ikkje noko meir ut av det.
      Nå har eg ei super dame som er terapeut og har andre kvalifikasjonar enn psykologen, og det funkar super bra og eg lærar så mykje av henne, og me lærer av einannan, det går framover.
      Du får prøve det du får tilbud på, og så kjenne etter, ofte tek det jo litt tid i starten å bli "varm i trøya" og bli kjent med systemet osv, men etterkvart er det nok du som blir den beste ekspert på deg sjølv ;)

      Ha ein riktig god helg! :)

      Slett
  4. Anonym17/2/14

    "Do what you can do in the moment", rappet jeg av deg i fjor sommer. Har skrevet den ut og hengt den på veggen og den er pushet videre til andre som også har hatt nytte av slagordet.

    Ser ut til at du bruker det akkurat slik det er ment for. Bra!

    Fire uker til så er du joggende igjen, kanskje?

    God trening!

    /KnutØ

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!!

      Bra at du rappa den!
      Og godt at du hengte den på veggen, og så kult at dei orda har då blitt spreidd vidare!

      Den funkar for meg.
      Jaaaa, eg trur eigentleg at eg snart skulle kunne jogge igjen. I går så gjekk eg ein lengre tur (1t) delvis med, delvis utan krykker, men fytti så vondt heile beinet var om natta da.
      Det skal seias at det blei ein god del vassing i nysnø i tillegg, kanskje ikkje så rart da.

      Er litt usikker faktisk, for to år sida var det vår, og bart, då kunne eg jogge på grus, men nå er det anten snø eller asfalt.
      Hmmmmm me får sjå.

      God trening til deg også Knut!

      Slett