10. januar 2014

Godt Nytt År!

Det er aldri for seint å ønske kvarandre eit godt nytt år, synst eg, så då gjer eg det nå, på den tiende dagen i det nye året 2014:

Godt nytt år folkens!

Nå har eg faktisk hatt ein bloggepause på heile tre veker. Og det har eigentleg vore godt.
Pussig nok så har eg alltid hatt eit par bloggeinnlegg surrande i hodet mens eg var på løpetur eller lufta Lukas. Men desse ord blei aldri skrive ned og publisert.
Men litt komisk at eg alltid er i bloggemodus når eg set ein fot ut av døra og skal bevege kroppen?!

Sidan sist innlegg (18.desember) har det ikkje skjedd så altfor mykje spennande reint treningsmessig.
Eg har fått løpt eit par gonger i veka, mellom 45-60min og 5-8km.
Utsikt frå løpetur - nesten ikkje snø.
Lukas har stort sett vore med på løpetur.
Eg har til og med hatt ei økt på rulla - berre for moro skyld, liksom.
Samtidig så har eg berre hatt éin dag der det ikkje har vore sykkelføre ute pga at det regna på blank is, ellers har eg faktisk fortsatt sykla ute, i alle fall til transportføremål.
Ei lita rullesykkeløkt på 45min.
Ikkje dårleg! 
Nå kom eg akkurat inn frå luftetur med Lukas, og det har for første gong på ei stund vore stjerneklart.
Det har også heldigvis og endeleg blitt kuldegradar igjen, og det triste gråe landskap er blitt piffa opp med eit lag av forfriskande kvit og glitrande rim.

Det er meldt snø til veka, og det håpar eg inderleg at det blir, eg har nemleg ikkje fått stått på snowboard ein einaste gong sidan sist, og det har eg savna!
Du blir ikkje god til å stå på brett av å lese om det,
men dette her er ei heilt spesiell bok.
Det må eg nok blogge om ein annan gong.
Eg har ikkje fått sett noko særleg på andres bloggar, så eg ser fram til å oppdatere meg. Men dei få gongene er har skumlest på innleggsoverskriftene her i margen så var det nokså stille i romjola rundt omkring i andre bloggar.

Treningsmessig har eg ikkje lagt så store planar enno, så det blir vel basistrening i form av ustrukturerte løpeøkter ei stund til. Tenkte kanskje at eg etterkvart har lyst til å løpe litt lengre enn berre 5-8km, men me får sjå. Det er forresten veldig mykje fint å sjå på stjernehimmelen når det er klart.
Dei fleste kjenner Orions belte, men heile stjernebildet består av fleire stjerner:
Fineste stjernebilde nå på denne tida av året:
 Orion.
Legg merke til Jupiter øverst til venstre, den er fin og lyssterk nå.
Fint å kikke opp på stjernehimmelen når ein er ute på løpetur!
Blir det snø denne vinteren (det store spørsmålet!) så har eg lyst til å stå på brett mens eg kan, og faktisk også kanskje gå litt på ski. Sykling og svømming kan koma seinare.
Styrketrening, hahaha, jada, som alltid så skal eg prøve å trene meir styrke (at det går an å ha så dårleg sjølvdisiplin, men eg skal nok knekke koden på dette problemet altså!!).

God helg!

6 kommentarer:

  1. Snøen er kommet. Godt Nyttår til deg også

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      Ja nå kom det endeleg snø her også. Deileg!
      Eg likar knirkelydane under skoene når eg løper, og alt blir så mykje lysare.
      Den snøen som kom er også skikkeleg fluffy.
      Herleg :)

      Slett
  2. Godt nytt år til deg også! :)
    Jeg har i dag vært og bestilt meg rulleski (jaiks!), så da blir det vel muligens dét som kommer til å bli trent endel på fremover. Og så litt løping, sykling, styrke og slynge (hva da ubesluttsom liksom...). Så hos meg er det heller ikke noen konkrete treningsplaner, fortsatt. Hihi... ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jøss, rulleski, det var ikkje dumt!
      Det er veldig god trening det, eg har gått ein del på rulleski før, og spesielt staking, sjølv om det er tungt i starten, så er det glimrande for armer og rygg og mage osv.
      Eg øydela yndlingsløpetightsen min på første økt :/ (dvs hull på begge kne), så kan vera lurt med knebeskyttarar i starten kanskje?
      Sjølv om du har jo gått på skates, så du har nok god balanse (og forhåpentlegvis meir vett enn meg :D )
      Treningsplanene kjem vel kanskje plutseleg?
      Eg synst det er litt deileg utan konkrete planar, sjølv om eg har jo i alle fall eitt stort mål til sommaren.
      Ellers får det blir som det blir - kosetrening.

      Slett
  3. GODT NYTT ÅR til deg også! Titter stadig vekk innom deg. Høres ut som at du er i en fin flyt, og trener når du kan og har lyst. Ønsker deg mye bra energi fremover - vi blogges :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!!!
      Ja eg er eigentleg i fin flyt treningsmessig - er inne på treningsmengde som passar bra for årstida.
      Nå har eg jo fått ein tvangspause pga ein liten treningsskade, men men (meir i neste innleg).

      Slett