16. januar 2014

Det du ikkje veit har du kanskje ikkje godt av

Nå har eg snudd opp ned og rundt på ordtaket at eg omtrent ikkje lenger hugsar korleis det eigentleg høyrest ut vanlegvis.
Men saka er: i går så var det noko eg ikkje visste, ikkje hadde forstilt meg, og det hadde eg i alle fall ikkje godt av!

Eg skulle ut på luftetur med Lukas, og fann ut at eg likegreitt kunne løpe i staden for å gå.
Tida for broddar er eigentleg over, sidan all isen hadde smelta bort, og det det nå har kome eit solid lag med deileg, fluffy snø.
Trudde eg.

Det var lenge sida at eg hadde gått ned eller opp den såkalla "kjærlighetsstien" her.
Den går rett bak ein liten bakketopp, og ligg i skogen, og er ganske bratt.
Og ganske steinete.
Morsamt å sykle ned.
Tungt å løpe opp.
Utfordrande å løpe ned.

I går så skulle eg løpe ned denne, og så ta ein liten runde rundt i sentrum, kanskje i 45 minutt.
Men så langt kom eg dessverre ikkje.
Eg småjogga ned stien på denne deilege snøen som ga god grep.
Lukas var super lykkeleg og løp foran meg att og fram og frå side til side for å få med seg luktene på begge sider av stien.

Det var då det skjedde: det dukka opp eit glatt islag under snøen, dvs eg kjente at eg glapp, men sidan eg ikkje ville sleppe Lukas, så mista eg fotfestet fullstendig og ramla.
Framover. 
Med høgre kneet først, mens høgre fot befann seg sånn til høgre.
Så mykje sidelengs bevegelighet skal ikkje kneleddet ha.
Denne stabiliteten er det to leddband som sørgjer for:
Det laterale sidebandet (på yttersida av kneet) og det mediale (på "innsida" av kneet).


Og der eg sklei framover kjente eg korleis det hogg til på innsida av kneet mitt.
Huff, det var noko altfor kjent strekk-smerte.
Eg sleppte Lukas og sat der, og drog foten min tilbake i riktig posisjon.
Sååå vondt!
Eg skjønte at dette måtte vera det mediale leddbandet. Igjen.
For denne skaden har eg hatt før, og det er mindre enn to år sida sist.
Då var det venstre kneet.
I går var det høgre kneet.
Kjekt å variere, liksom.

Tårene kom ganske fort, eg var så redd for at skaden skulle vera like ille som for to år sida, og den gongen betydde det ein heil månad på krykker, regelmessig opptrening og forsiktig løping etter 6 veker (det tek laaaaang tid med leddbandskader). 
Dette var 2012, og eg hadde dermed to månader igjen å trene fram til IM 70.3 Haugesund. 
Det gjekk bra. Eg hadde nok ganske bratt treningsprogresjon den gongen.
Så slik sett står ikkje deltakinga i Haugesund i år i fare.

Men likevel. 
Eg tusla slukøra nedover stien, forsiktig med høgre beinet.
Det gjekk an å gå på det i alle fall, så skaden var nok ikkje så ille som for to år sida.
I staden for å gå bakken rett opp og heim att, valte eg ein omveg (som var brøyta og bedre opplyst og flatt).
Eg hadde eit håp om at smertene skulle gje seg.
Samtidig tenkte eg at viss det blei verre, kunne eg stikke innom legevakta som låg like i nærheten.
Eller eg kunne få nokon til å hente meg med bil.

Med eit lite snev av optimisme prøva eg eit par løpeskritt, men det gjekk ikkje.
Eg gråt igjen.
Huff, eg blei så lei meg, for all denne deilege snøen som har kome nå, og som skal koma, hadde vore såååå deileg å stått på brett på!
Og eg har gleda meg til det!
Og eg har absolutt ikkje lyst til å måtte sitte inne!

Men kneet og leddbandet har fått seg ein skikkeleg smell.
Då eg kom meg heim og adrenalinet gjekk ut av systemet, og hevelsen i leddet begynte, då blei det vondt.
Eg sat meg foran TVen, vantro over kva som nettopp hadde skjedd.
Ringte til ei venninne og ba ho koma med krykker neste dag, akkurat som for to å sida (bortsett frå at eg den gongen måtta ha krykker med det same. I går så kunne eg gå saaaakte og forsiktig på beinet).

Det er mange smertereseptorar og andre sensoriske reseptorar rundt kneleddet, så når det skjer skader er det som regel meir vondt enn om hadde fått seg ein trøkk rett på låret.
Hevelsen etter ein strekk i leddbandet gjer at kneet blir meir instabilt også.
Eg sendte melding til fysio'n (akkurat som for to år sida).
Natta var ikkje god.
Det var så å sei umogeleg å finne ei god smertefri liggestilling.
Eg rygga meg til med paracet og ibux.
Betennelsesdempande er ikkje nødvendig i leddbandskader, men smertedemping er viktig for nattesøvnen og at ein får slappe av. Så eg valte meg ibux.

Eg prøva to gonger å halde Lukas vekk frå senga, men han blei så skuffa og berre ståande foran senga, vantro over utestenginga. Eg slepte han til igjen.
Mest sannsynlegvis ville eg uansett ikkje sove, og då kunne eg jo passe på at han ikkje la seg på kneet mitt. 

Eg kan ikkje motstå han sjarmklumpen her ♥
Etter klokka 2-3:00 så sovna eg faktisk litt.
Det verste med å ligge vaken var eigentleg at eg stadig måtte på do, og DÅ var kneet ekstremt vondt!
Kneet stivnar gjerne etter ei stund i same stilling med ein slik skade. 
Eg subba meg fram og tilbake frå badet, og tårene spratt igjen, fytti altså, det var både vondt og trist, eg såg den fine snøen dale utanfor kjøkkenvinduet...

For to år sida hugsa eg at det var ganske ille etter den første natta, men heldigvis så kjendest kneet faktisk ikkje verre enn igår kveld, men til og med eit hakk bedre.
Med ei god knestøtte og to krykker kan eg gå ganske greitt.
Fysio'n var for to år sida veldig opptatt av at ein skal bruke krykker ved slike skadar som aukar instabiliteten, og at ein unngår å halte, for då blir det feilbelastning og feil opptrening.
 Så nå er det krykketurar igen :/

http://www.cool-crutches.co.uk/custom-crutches/
Kanskje må eg få meg eigne krykker, sånn i tilfelle. Da vil eg i alle fall ha regnbogefargar på mine!
Frå Cool Crutches (men dei er svinedyre)
Men - prognosen er i alle fall bedre enn sist. Eg skal gjera så godt eg kan med rehabiliteringa.
I morgo skal eg gjera sykkelen min klar på rulla, og sykla litt med jamne mellomrom.
God blodsirkulasjon er viktig, helst utan belastning og utan "vinglete" bevegelsar. 
Så sykling på rulle med klikkinn-pedalar er faktisk ganske ideell.

Så blir det eittbeins-knebøy og liknande stabilitetsøvingar så snart smertenivået tillater det.
Sukk.
Eg hugsar dette altfor godt frå for to år sida.
Men dette må eg ikkje tenke på.
Det var på same tid at Binna døde, og ei trist tid.
Snøbrett- og skisesongen var denne gongen over for meg (19 februar 2012).
Mens i år har eg kanskje fortsatt ein reel sjans for å koma meg ut på brett.
Det er tross alt berre 16.januar i dag.

Men likevel.
Snøen ute er såååå deileg og fluffy, og dei har meldt meir snø jamt framover, uff, eg må ikkje tenke meir på det altså.
Dette går fortare enn i fjor, det er klart.
Eg er nøydd til å vera positiv, og nøydd til å skrive positive ting om situasjonen i bloggen min her.
For eksempel:
- eg kan endeleg koma i gang med den styrketreninga som eg har tenkt å gjera (det er mange øvingar ein kan gjera sittande, eller ståande utan å risikere feilbelastning på kneet)
 - eg kan fokusere på sykling
 - eg kan sitte inne og lese fag (eg er nå i andre veke av det nettbaserte kurset i "Medical Neuroscience" og det går veldig i dybden, og der er det endelaust mykje å lese - kjekt når ein uansett skal vera inne).


Og - eg kan lære Lukas å gå FINT i band - for han kan ikkje dra meg hit og dit når eg berre har eit bein å gå på. 
Det har eg vore altfor ettergivande med - men nå har eg ein god grunn til å lære han utan å dra.
Ja da. Det går nok bra.
 
Knestøtte for rehabilitering og Ironmankoppen for positive tankar.

4 kommentarer:

  1. Kjære deg....dette var max uflaks.
    Beundringsverdig at du klarer å holde rett fokus - på ting du nå har bedre tid til (studere, styrketrening, sykling) Synes jeg ser Lukas...klart han ville ligge i senga..he he:) Masse god bedring <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Janne!
      Nåja maks uflaks ville det vera viss eg hadde rive leddbandet AV - eller nesten, slik som sist (begge delar med eller utan operasjon ville tatt like lang tid etterpå).
      Eg har fortsatt tru på at dette ikkje varar så lenge.
      Trisykkelen står klar her slik at eg kan sette mrg på den når som helst. Sykling er super reha-tiltak.
      Men - det er som dei negative tankane står bak ei stengt dør og bankar på.
      Men eg skal ikkje sleppe dei inn!
      Ikkje så lett med all den deilege snøen som kom nå altså, men likevel.
      Heldigvis er det tidleg på året - det hadde vore verre om det hadde skjedd i april...
      Jaaa ja.
      Gode Lukas ja - eg søv faktisk bedre når han også ligg i senga. Noko med roen roen hans som smittar over på meg ♥

      Slett
  2. Ajajaj, kjipe greier... Men du er jo så flink til å holde deg positiv da, og dét er jo en bra egenskap som ikke alle (innkludert meg selv) ikke har.
    Og det er jo bra at du kan drive med andre former for mosjon, selv om du ikke kan drive med så mye løping ;)

    (Huff, det hørtes ut som noe avanserte greier du studerer!...)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja flink og flink, det har vore ganske tøft i helga, og nokre negative tankar sneik seg litt inn, men eg jobbar med saka.
      Eg orkar ikkje å bli deppa av noko slikt. Så nå skal eg inn i dybden på mental rehabilitrening etter idrettsskader.

      (er i alle meir mindre komplisert enn nevrovitenskap. Men eg likar kompliserte ting, så nervesystemet og dets funksjon er midt i blinken for meg å lære meg ;) )

      Slett