11. desember 2013

Ut på brett!

Ååååå eg ser så fram til det kjem meir snø.
For la oss berre innsjå det:

Vinteren kjem uansett, den, og i Vest-Telemark så kjem det alltid snø, så istadenfor å klage over den og vente til våren, så vil eg heller bruke og NYTE snøen!
Eg synst jo det er fint å gå på ski, kanskje helst med turski i fjellet eller i skogen, og også som trening på smale ski i oppkøyrde løyper,
men heilt ærleg:
Det er mykje meir moro å stå på snowboard.

Det kan vel ikkje samanliknast eigentleg.
Snowboard er berre leik.
Når ein tek skiheis opp bakken, så er det ikkje noko å bli sprek av.
Men GÅR ein opp bakken, eller opp eit fjell, for så å stå på brett ned att, ja da snakkar me om trening med ganske høg intensitet!
Omtrent som å sykle opp eit fjell og så suse ned att.
Nå har det ikkje kome spesielt mykje snø her enno.
Men litt.
Eit nissetre!
Og så har det seg slik at treningsbakken min ligg på eit jorde som ligg i skyggen av skogen, og i ly for vinden, så sjølv om snøen har blåst og smelta bort andre stader, så er den alltid litt ferskare der.
Og i går rusla eg forbi bakken min på kveldstur med Lukas, og jammen hadde ikkje ein av naboane kjøyrt bakken opp og ned att med skuter nokre gonger.
Hmmmmmmm... da blir det nemleg plutseleg lettare å stå på brett, for då er det blitt danna ein såle, som kanskje har blitt fast nok å stå på brett på.
Snowboardet mitt er sååå stilig!
Så i dag så MÅTTE eg berre ut og prøve.
Det var solskinn i tillegg, noko som eg ikkje har fått sett spesielt mykje i det siste.
Eg sit jo heile dagen med nasen i fagbøker, og går tur på kvelden, og her hos meg er det sollaust nå på vinteren.
Og Lukas skal jo uansett ut på tur.
Og sola lokka.

Trenings"bakken" min ligg 15min gange ifrå der eg bur.
Praktisk.
Den ligg også litt høgare, så eg får virkeleg opp varmen på veg dit.

Dagslyset avslørte at det var mykje fleire grasstrå som stakk opp av snøen på bakken enn det som var synleg igår i kveldsmørket, så eg følte meg nesten litt dum å spasere der med brettet under armen.
Men men.
Vil det vera nok snø til å stå på brett?
Heldigvis så var sålen som snøskuteren hadde laga, fin og fast og veldig glatt å køyre med brett på.
Det gjekk fort!
Sidan det var eit par varmegradar, så var snøen litt våt, og glien veldig god.
Eg rakk eit par turar opp og ned, og nokre svingar og krussedullar i snøen.


Så blei Lukas for utolmodig.
Stakkaren stod nemleg i band i skogkanten.
Eg kan ikkje ta sjansen på å sleppe han for tida, han har nemleg stukke av heile to gonger frå meg den siste veka, på jakt etter damer!
Sporene i snøen pluss den gode ferske lukten av alle firbeinte damer blir nok for fristande for han.
Lukas på tur, laus. Dette blir det mindre av frå nå av.
Ja da, han ser uskyldig ut. 
I motsetning til meg var ikkje Lukas fornøydd med at eg stod på snowboard, og på min tredje tur ned bakken satte han i eit bjeffespetakkel utan like. Og han gav seg ikkje, om eg kjefta og rosa og gav godbitar, han bjeffa.
Det gadd eg ikkje høyre på, så eg gav meg fort da, og eg tusla heim att.

Snowboardsessionet varte kanskje ikkje så lenge, men sååååå moro som det var!!
Det som er fint med å drive både med triatlon og snøbrett og diverse annet er, at alt vær kan brukast til noko. Er det bart, går det an å sykle, ligg det snø, går det an å stå på snowboard eller gå på ski, er det is så er det på med broddar og ut og løpe.

Blir det snø på glatt is, går det an å svømme innandørs eller trene styrke.
Eg har i alle fall ikkje noko problem med å finne på noko å halde på med om vinteren.
Det går an!
(Men eg håpar virkeleg på meir snø altså!)

4 kommentarer:

  1. Crazy snowboard woman!
    Jammen godt at noen er positive - og alternative. Andre sitter jo bare med jaffacakesene i sofaen og klager på det ufremkommelige føret....
    , og de er så negative at de til og med synes hunder er dumme som ikke skjønner at avstikking ødelegger all moroa for dem (og oss), rådyr, damer, rådyr, damer.
    Ufattelig at alt skal lukte så mye bedre når de kan se sporene?? Holder snøen lenger på lukta enn jord og gress, eller virker det bare verre fodi vi også ser sporene? Jeg har tatt dummebeistet, formerly known as devildog, i ivrig jakt i sine egne spor - så man kan jo lure noen ganger.

    SvarSlett
    Svar
    1. Åååå eg elskar jaffa cakes (men det må vera first price-varianten, fordi dei er laga i Tyskland og er dermed "ekte" saker - ein boks går ned som berre det og er alltid verdt kvalmefølelsen etterpå :D).

      Jepp, med snowboard har det snike seg inn gleden over snøen. Dessutan har eg ikkje bil for tida, og utan isskraping, snømåking og dyre vinterdekk er det mykje greiare. Sykling på vinterføre er jo berre tøft, ikkje sant?
      Eg trur nok at luktene held seg mykje lengre i snøen. I tillegg blir dei presentert tredimensjonalt, og det er sikkert ekstra moro for våre kjære firbeina venner.
      Så får dei mange lukter opp på einannan, kven veit, dei greier kanskje å lukte seg fram til kva slags dialogar det har vore der dagen før? (Me kallar det å sjekke Facebook).
      Hahaha ja jakt i sine eigne spor, det er vel hundenes form for forfengelighet? ("Eg luktar så deileg, eg må berre ha meg" liksom :D )
      Lukas er nå dømt til konstant bandtvang.
      Eg har ikkje nerver til å løpe etter han når han løper etter damer. Sjølv om eg er eit snev rolegare nå etter at han har fått påskrive navn og telefonnummer på sela. Sist så møtte han heldigvis ei deileg golden retriever tispe slik at han ikkje løp vidare. Snakk om belønning for at han stikkar av :P

      Slett
  2. Iiihhh! JEG kommer ihvertfall IKKE til å renne nedover på disse (altfor) raske brettene i vinter. Hverken det som bare er ett brett, eller det som har to lange pinner (slalomski)...!
    Hehe, jeg er nok dessverre altfor pysete til å sette utenfor med disse tingene på beina, jeg. Bare det å renne litt for fort nedover på vanlige langrennski, er skummet for meg (!)... Kanskje det er fordi jeg ikke er "født og oppvokst" med ski på beina? ;)

    Men det er jo bra at DU kan dra nytte av denne type trening da. Så får du jo en fin variasjon fra "barmarkstreningen" som er ellers i året :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hahaha, sorry, eg måtte berre le litt av denne Iiiiiih'en din, for det er akkurat denne reaksjonen eg får så ofte frå venner -
      dei fleste har prøvd å stå på snowboard i eit anlegg EIN gong, og berre ramla, og så aldri meir.

      Mange i Norge som er fødd med ski på beina vil ikkje "låse" fast begge beina på brettet, fordi det kjennest unaturleg --> eg synst berre det er bra - eit bein mindre å passe på liksom :D
      Dessutan har eg heller ikkje stavar å passe på, det gjer det lettare.

      Mine første forsiktige førsøk på brett (ja, i snowboardmiljøet så seier dei å stå på BRETT) var altså på eit tilnærma flatt jorde bak huset der ingen såg meg, med lånt snowboard og vanlege støvler. Eg glei 1,5m og var kjempestolt :D

      Så prøva eg berre meir og meir (det var i 2008) til eg torde å stå på brattare jorde, men stort sett berre når det var mjuk snø å ramle i.
      Eg beherskar ikkje alle teknikkar enda (det er mange måter å kome seg ned ein bakke på), men kosar meg virkeleg!

      Forresten så har eg forferdeleg utforbakkeskrekk på langrennski - dei gir jo ikkje støtte, er vinglete osv, så dette er ikkje noko teikn på at du ikkje kunne stå på brett!

      Og slalomski...? har du prøvd det?
      Eg prøva dei ein gong (i 1997, på Haukeli, i eit annlegg faktisk, hey hey, då var eg modig altså), og det var faktisk lettare enn eg skulle trudd.

      Eg er berre glad for å ha funne noko moro å bruke snøen og vintermånadene til.
      Eg er også glad i å ake, det er jammen undervurdert som idrettsgrein.
      Rumpeakebrett gir magemusklar av stål.

      Jaja, men takk for at du synst det er bra at EG kan nyte av dette.
      Mange er jo sure som berre det over vinter og snø...
      Håpar eg kan inspirere litt med min "småskala-snowboard-nybegynner-men-likevel-moro-aktivitet" ;)

      Slett