14. desember 2013

Brodder eller biller?

Ettersom det ikkje berre er snø som dalar ned frå himmelen for tida, men jaggu meg også regn og sludd (om enn lite) så merkar eg at ikkje lenger vil gå ut utan broddar. Med bratte 100m høgdeforskjell ned til sentrum, så gidd eg rett og slett ikkje å skli rundt som bambi på isen!
Eg brukar broddar.
Heilt vanlege.
Sånn til ein femtilapp. Dei fungerar veldig bra.

Men på løpetur så treng eg broddar som sit litt bedre på foten, og da har eg altså brukt broddar laga for løping, av Nordic Grip.
Dei har eg blogga om før her, i gamle bloggen min.
Eg er fortsatt fornøydd med dei.
Men at dei gjekk i stykke då eg skulle stramme dei på siste løpetur, er eg ikkje fornøydd med.
Korleis skal eg  fikse dei, tru?

Heldigvis har eg fortsatt mine "gå"broddar.
Dei er av typen 50kr på Rema og fungerar glimrande.
Så dei anbefalar eg på det sterkaste.
I praksisk er det ikkje stor forskjell mellom billige broddar og den dyre typen, trur eg.
Piggane er ganske like.
Dei stikk meir ut av gummien, så dei løsnar nok fortare enn på NordicGrip sine.

Gåbroddar av den typen har fire piggar framme og fire piggar bak, mens løpebroddane frå NORDIC GRIP har fem piggar framme og to piggar bak.
Bak på hælen hadde eg gjerne hatt fleire.
(Det går an å få tak i reservepiggar av akkurat denne typen - kanskje dét er ein mulighet?)
"WinterWise ® replacement studs"
Forskjellen mellom gå-og løpebroddar er bl.a. korleis dei blir festa på skoene.
Løpebroddar har gjerne reimer, og dei er heilt nødvendige for at broddane ikkje skal skli av under bruk.
Løpebroddar frå NORDIC Grip til venstre, vanlege gåbroddar til høgre.
Som ekte selfmadewoman skal eg nok få lage reimer til gåbroddane også.
Berre gje meg litt tid ;)
Sjølv om gåbroddane er enkle og solide, så gjekk også desse i stykke sist vinter.
Men det viste seg at det berre tok fem minutter å fikse dei:

Eg laga tre par hol med hulltang og trædde igjennom rundstrikk. Trur nok det er lurt med strikk, ellers ryk vel gummien igjen ganske fort viss ein brukar noko som ikkje elastisk.

På løping er det jo mange som brukar piggsko.
Det har eg ikkje prøvd, og grunnen til dette er at eg ikkje har funne piggsko som eg likar til ein god pris, og dessutan likar eg ikkje tanken på at eg ikkje kan "ta av" piggane når eg kjem på bar asfalt.
Men eg må innrømme at det fristar med sko frå Icebug, om det så berre er for å ha biller under føtane :D
Detail frå Icebug sine Anima2-BUGrip-sko.
Ein kan også lage seg piggsko sjølv, eller la dei bli pigga, anten av løplabbet, bildekkforhandlarar (har eg hørt) eller andre. Det kunne eg godt tenkt meg også, så eg undersøkte litt.
Det går an å bruke piggar som er laga for å pigge sko, ellers så kan ein også bruke skuer.
Det er visst ein bestemt type skruer som eignar seg best (pga av det kantete skruehode):

Dei har eg ikkje fått tak i hos lokale byggmaker, så det får vente til seinare.
Michelle, som løper i Alaska, bloggar om korleis ein gjer det heile:

How to Put Studs in Your Running Shoes


På min jakt etter brodder og piggar så snubla eg over forskjellige variantar og versjonar av broddar.
For eksempel desse her, som er tenkt til bruk i terrenget:
Broddar frå ICERS. Ein heil såle med gummiknottar med innfelte piggar, og festereimar på oversida.
Eit seriøst kanadisk firma som lagar desse. Dei har set med reservepiggar.
Så er det ein variant frå den kjente Yaktrax:
Pussig nok, så har desse aldri frista meg så veldig...men dei funkar kanskje?
Så er det ein morsam hybdrid frå ArtiMate, den får eit pluss pga fargeutvalget, og har ellers også mange forskjellige typar broddar:
Ser ut som broddane kan ramle av når som helst, men fargen er fin,
og ArtiMate tilbyr set med reservepiggar.
Så finst det entusiastar i Arizona, Kahtoola, som lagar skikkelege broddar, stegjern og truger:
Det er Kahtoola sine "Microspikes"
(korleis ser MAKRO-spikes ut, da, mon tru???).
Dei skulle eg gjerne prøvd ut!
NordicGrip har faktisk også denne varianten, dei kallar den "Monster Grip":
Monster Grip frå NORDICGRIP - ser jo akkurat ut som Kahtoola sine -
kven var først ute, tru? Eller er det akkurat same produkt?
Då eg først var inne på  Nordic Grip sine sider, fann eg også den "norske" varianten av brodde-sålen frå kanadiske ICERs. Kven var eigentleg først ute?
Dette er kraftige saker, "Extreme Grip" frå Nordic Grip.
Liknar VELDIG på ICERs sine.
Men får eit pluss pga den fine fargen.
Det ville vera best om det kom eit godt lag med bra snø, slik at isen blei dekka, og det ikkje var behov for verken piggar eller broddar. Med løpesko som har gode såler, så går det også fint an å løpe på snø utan broddar eller piggar, det har eg gjort gjennom mange vintrar.
Lukas har klør som fungerar utmerket som  broddar .
Han er heldig!
Me får håpe på ein fin isfri vinter!
(Og hugs: Det er ingen skam å bruke broddar!)

11 kommentarer:

  1. Ante ikke at det var så mange varianter.... alt til sitt bruk liksom! Kjempebra at du lagde dette innlegget - jeg skal definitivt tenke over behovet for "å sitte inne" fordi det er glatt ute er bare ikke aktuelt! Jeg har løpesko med pigger - det fungerer kjempebra. Til turbruk derimot er jeg litt mer ute på glattisen - så her skal jeg ta en kikk på hvilke som kan være aktuelle for meg og mitt behov! Så takk for knallfin oversikt over hva som finnes! ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fin tilbakemelding Silja!
      Eg bruka jo fleire timar på dette innlegget, for det var litt artig når eg først var i gang - så bra at du likte det!
      Ja eg ser fram til å prøve (sjølvpigga) piggsko.
      Men enda meir ser eg fram til at det blir isfritt igjen ;)

      Slett
  2. Anonym16/12/13

    Fin-fin oversikt av hva som finnes!

    Her kan du pigge selv: http://skodubb.se/

    KnutØ

    SvarSlett
    Svar
    1. Ååå takk for linken, Knut!
      Eg har vore innom den sida i fjor, men hugsa ikkje i det heile tatt kva nettsida heiter, og fann den ikkje sjølv om eg leita ganske lenge!

      Eg skal bestille meg eit sett med piggar derifrå og pigga laust - det ser nemleg ikkje ut som om vêret blir noko bedre mtp is/snø/regn....

      Slett
  3. Jøss, du ER virkelig Selfmademultisportwoman, du. Som fikser det meste ser det ut til :)

    Som Silja sier, så ante ikke jeg heller at det var såå mange alternativ (til å sitte inne, hihi!). Men det er jo bare bra da, at det finnes så mye ulike former for brodder, både til gåing, løping og andre eventuelle aktiviteter på snø og is som krever litt mer "tak" under skoene.

    Jeg har (eller noen som ligner på) Yaktrax-typen over her. Haha, de gikk jeg faktisk til skolen med i fjor. Utenpå Uggs´a! Kan tro folk så rart på meg da; Guro fra Jæren som kom inn til byen på BRODDER liksom ;)
    Det var ikke mye snø som var i Stavanger da, men det var det på Jæren. Så da valgte jeg heller å se "dum" ut, enn å risikere å falle på glatta. Sikkerhet før skjønnhet, liksom :p

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, ja det kan kreve sin kvinne i starten å gå med broddar. Men det ser jo ganske dum ut å snuble og ramle på isen da.
      Eg bryr meg ikkje lenger om det - og når eg går tur med Lukas så MÅ eg faktisk bruke broddar, ellers så har eg ingen feste på vegen, Lukas er så grusamt sterk.
      Trur kanskje yaktrax-typen kan funke på blank is, men iblanda litt snø?
      Har ikkje hørt så mykje positivt om den typen, men sidan dei fortset lagar dei, må dei jo funke..?

      Sikkerhet for skjønnet, den var bra :D

      Slett
    2. Jepp, de funker ihvertfall for meg. Og ja, is og snø sammen, tror jeg nok er det beste "alternativet" til de broddene. Muligens også bare på snøen :)

      Slett
    3. Funkar dei, så funkar dei, er jo det viktigaste. Eg har brukt mine "gåbroddar" nå til å løpe på. Festa dei godt til foten med eit par skolissar.
      Var ikkje stilfult, men det funka.
      Her dalar snøen ned i store herlege fnugg, håpar snøen blir liggande, då treng eg ikkje broddar lenger.
      Og håpar at du også får fine forhold slik at du slepp å gå ut på glatta! :)

      Slett
    4. Takk, det håper jeg også, både hos meg og hos deg. For åå det hørtes koselig ut med dalende snøøø! :D

      Slett
  4. Sukk, på et slikt føre holder jeg meg inne. Er rett og slett livredd for å bli skadet. Har IKKE tid til DET! :)
    Tredemølla får holde noen mnd til. Ser veldig frem til lyse dager og tørre veier igjen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja hadde eg mølle og gjaldt det å få ein kvalitetsløpetur, ville eg kanskje ha valgt mølle også.
      Men når eg skal berre ut og jogge, og det er måneskinn og nydeleg ute på ein desemberkveld, då er det fint med løpetur på knirkande broddar på is også. Ein må berre vera meir obs på underlaget.

      Ellers har eg ikkje noko valg når det gjeld Lukas, han MÅ ut, ellers så får han trøbbel med magen (og visse kjertler i bakenden, ehem).

      Idag så regna det oppå isen og snøen, så eg sit her og fantaserer om kjempemølle der eg og Lukas kan løpe ved sida av einannan, eller eit lite svømmebasseng der eg kan "svømme tur" med han, i varmt vatn.
      Men men - enn så lenge blir det knirketur på broddar . sjølv om i dag kunne ein brukt vannski - reine slush her :P

      Slett